Attraksjonar

Randabygda / Hopland


Eit par Km langs Panoramavegen etter tunnelen på Nos, kjem du til Randabygda.  Dette er heimbygda til Per Knut Aaland.  Her la han grunnlaget for karriera si i skisporet. Det var vel her at han lærte korleis legge festesmurning på ski.  Rett oppom garden der han vaks opp, er det fine vidder og fjell ein kan boltre seg i.  Det blir oppkøyrt kilometervis med skiløyper om vinteren.  Ved påsketider blir det laga løyper til Nordfjord Fritidssenter ved Bjørkelibakkane, Fjelli.

Bygda er delt i to grender,  Randabygda øverst oppe og i aust, Hopland nedst ved fjorden og i vest.  Rand og Aaland har flate fine gardar, lenger nede er det stupbratt.  Her blir det dyrka mykje frukt.  I dei bratte liene er det frodig og grøderikt.


 

 

 

 

Hopland

Her finn du Daglegvarebutikk, Kai, Sagbruk og fruktlager.
Fruktlageret var i tidlegare tider, før grendehuset blei bygd lenger oppe i bygda, brukt som forsamlingshus.
Om sommaren siste åra har der vore kafé, og utsal med lokale handverksprodukt.

 
         
   

Tvinnefossen

Frå eit overheng i elva Tvinna, blir vatnet slynga utover gjølet. 
Bak fossen skaper overhenget ei lita "grotte" der ein kan gå nesten tørrskodd om ikkje vassføringa er altfor stor.  Dersom ein kjem seg bakom fossen kan eign oppleve eit fantastisk fargespel i vatnet som dundrar ned gjølet rett framfor.
 
Parkering ved skulen.  Merka gangsti til fossen.

 
         
       
   

"Tvinnekråna"

Gammalt sagbruk/mølle ved fjorden.
Under stor vassføring i elva, vil fossen kunne gå heilt nedpå fjorden, og er då eit mektig syn.

 
     
     
     
     
       
         
   

Frå interiøret til mølla

Eit sinnerikt system for kraftoverføring, med reimar og akslingar gjorde at ein kunne utnytte krafta av ein turbin til både mølle og sagbruket vegg i vegg.  I våre dagar ville sannsynlegvis arbeidstilsynet stengt og forsegla heile geskjeften. Om då ikkje omfattande utbetringar blei gjort.

 

 
     
     
         
   

Hammartunet

Gardstun med mange hus.  Dei eldste er over 100 år gamle.
Gangsti frå tunet og til "Tvinnekråna"

 
     
     
         
         
   

Ulvedal