ATTRAKSJONAR
Ulvedal
 
   
       
       
               
 

Nordsida Utviklingsslag  har lagt ned eit omfattande arbeid med å sette i stand fleire kulturminne og legge til rette for at dei blir tilgjengelege.
Ein del av dei vil du finne langs "Kulturløypa" på Ulvedal. ( v/ Rv.613 Panoramavegen ). 

Her følgjer ein liten presentasjon av kva du vil finne langs kulturstiane på Ulvedal.
Du kan få opp forstørringar av bilde vedd å klikke på dei.

 
               
  KULTURLØYPA, NEDRE     KULRURLØYPA, ØVRE  
               
 

Landhandel

Rekonstruert landhandel m/ originalinteriør frå 60- talet, med utstilte "varer", (emballasje),  frå den gang. På det gamle høvleriet.

Under tilstellingar er det høve til å få kjøpe heimelaga varer av nyare dato.

   

Vassmiljø

    Samling av kvernhus som i tidlegare tider var i bruk av gardbrukarane i bygda. Husa er lagde slik at ein fekk best mogeleg utnytting av vatnet.  Noko som var svært viktig i periodar med lite nedbør.  Under 2. verdskrig, blei kvernene forsegla av okkupasjonsmakta, slik at lokal-befolkninga ikkje skulle finne på å male.  Men segla blei brotne, i alle fall på ei av møllene. Og bønder som dyrka korn på små, bortgjøymde åkerflekkar, mol kornet i mørke kvelds / nattetimar.

 
       
       
       
           
 

Skomakarverkstad

Tidlegare var det fleire skomakarar i distriktet.  Her på høvleriet er det utstilt ein komplett skomakarverkstad brukt av ein av dei.

 

 

   
     

 

   
     

Vetestove

Nesten 1000 år gammal "militær vakthytte". Den einaste i landet som står på sin oppinnelege stad.

Vetesystemet blei visstnok vekt tillive igjen under Kalmarkrigen, og denne vetestaden skal ha vore i bruk då Engelske fregattar herja Måløyområdet.

 
       
           
 

Smie

Rekonstruert smie frå eit gardsbruk på Sølvberg. 
Eldstad i kleberstein er på plass.
(Juni 2006). Seinare vil æse og smisted kome.

     
       
       
               
 

Eldhus

Overbygd grue, tørkehelle for korn og steinovn med kapasitet for 20 brød.

   

Husmannsplassen Rabben

I eldre tider var det vanleg med husmenn på større gardsbruk.  Her vil du finne eit komplett gardstun på ein husmannsplass.

 
       
       
           
 

Sagedammen

 Restaurert sagbruksmiljø ved fylkesvegen, (Fv 613). v/ Infotavla

         
     

Sagstelling

For saging av tømmer.  Stokkar blei rulla innpå stellinga.  Ein mann ( eller to ) oppe på stellinga, og det same under drog eit sagblad opp og ned gjennom eit spor.  På den måten kunne ein kløyve stokken til plank og kledningsbord. 
Materialen til nokre av husa du finn på Ulvedal, skal vere saga på ein slik måte.

 
       
           
 

Baggehola

Skjulestad for fredlaus drapsmann, som budde der i 3 år. på 1500.talet.(Sannsynlegvis om sommaren då det var mest trafikk med tilreisande i området).  Etter å ha gjort det av med ein rebell på Selje Kloster vart han ein fri mann.

     
       
       
       
           
         

Tjærehjell

Eit restaurert produksjons-
anlegg for tretjære, (som ennå fungerar.).

 
 

Skiferbrot

Uttaksplass for skiferheller som m.a. vart brukt til taktekke rundt på gardsbruka

     
       
       
           
 

"Hilljaren"

Samling av plantar og tre som ein forbind med varmare og meir grøderike stader.

         
     

Lunden

Naturleg amfi og tidlegare stemneplass ved gardstunet på Ulvedal.
Her under eit kulturarrangement Juli 2007

 
       
           
               
               
               
               
    Attraksjonar Hopland / Randbygda