Manipulasjonar
Med datamaskin og bildebehandlingsprogram, kan ein enkelt dra langt utpå viddene og kreere bilete som aldri har eksistert. Eit
eksempel vil de sjå nedanfor. Dei er etterbehandla digitalt på PC 'n min. Lys, kontrast og farge er juster. Bileta er deretter fletta saman "lagvis". Overangane mellom bileta er så forsøkt gjort "usynlege" ved å "sprøytelakkere" biletet. Sletta bak hjortane er eigentleg ein gardsveg, og til kanten av "sletta" er det berre 15 - 20 m. Til åskammen i bakgrunnen er det derimot ca 1 km. Når eg sette saman hjortebilda, og sette stokkane ende til ende, blei bileta litt forskyvde vertikalt i forhold til kvarandre. Eg la då på litt meir snø over og under bilda og klipte ut, ( beskar for å få jamn kant rundt bileta). Soloppgangen justerte eg storleiken på, slik at han passa til dei to andre samansette bilda. Som no var merga ( fletta ) til eit bilde.
No
oppretta eg eit nytt objekt - ramme - til å sette bilda inn i. Ei som var
så stor at ho ville romme alt + litt til. Overgangen mellom det store biletet og dei
to hjortane, var knivskarp, og for å få det til å sjå ut som at det var
lenger enn det som var verkeleg, la eg på eit skoddeslør, Håpet var å
prøve å lage vegen om til eit tjern eller ei "frostskoddemyr". Hjortane stod ved ein vedstabel rett utforbi huset der fotografen stod inne i stova og fotograferte gjennom fleirlags isolerglas. Det var i grålysninga, og utan bruk av lys, ( blits). Og bilda var tekne med nokre dagars mellomrom. Soloppgangen er og frå eit anna tidspunkt, men er teke i same retning. Alle
bilete er tekne av Arne
Myklebust Soloppgangen skal være teken med brennvidde ca 220mm
|
|||
![]()
|
|||
Copyright 20 © 05 Arne Myklebust |
|||
[ Foto ] [ Mørkerom ] [ Haust til vinter ] [ Digitale Måleri ] | |||
![]() |
|||