GULATINGSMINNE

 

Gudsteneste på Tusenårsstaden Gulatinget dagen etter opninga den 27/8-05.

Av soga vår går det fram at det gamle Gulatinget var samlingsstad for folket i eit stort område, frå og med Sunnmøre i nord til og med Agderfylka i sør. Der til sokna Valdres, Hallingdal og Sætesdal her til og så vesterhavsøyane inn til dei fekk eige tingdøme.

Her fekk bøndene sine lover og reglar vedtekne og her vart lovbrot dømde. Hit kom dei og for å treffa frendar og vener, frette nytt, drive handel og rett og slett for å kobla av. I dei eldste tider var det kanskje dei religiøse samlingane ved dei store blotingshøgtidene som samla mest folk. Her vart utført religiøse og rettslege seremoniar med store folkemengder til stades.

Ikkje til å undra seg over at tanken om eit minne om desse viktige samkomene, som hadde så mykje å seia for eit heilt folk, alt tidleg tok til å forma seg i folket. Dette var ei sak ikkje berre for vår kommune, men av nasjonalt, ja enkelte hevda også internasjonalt, omfang og interesse. Saka har hatt mange pådrivarar fram gjennom tidene, både dei me no kjenner til og mange gløymde.

Ein av dei fyrste me les om som her var oppteken av Gulatinget og fekk det ”på kartet” som det heiter i dag, var prost Niels Griis Alstrup Dahl. Mellom alle hans interesser var også interessa for vår soge stor. Han og kyrkjesongar Furnæs reiste saman rundt i prestegjeldet og skreiv opp segner og tradisjonar som fanst mellom folk. Han meinte at både gamle Gaulom med det store heidenske tempelet og den kjende blotningsstaden og Gulatinget heldt til her. Dahl, sorenskrivar Blom og oberstløytnant Holck hadde i ”Budstikken” i 1824 ei utveksling av artiklar om Gulatinget. Etter det ser det ikkje ut for at det har vore tvilande røyster til at tinget stod i Gulen.

Men staden innan kommunen er det svært mange som har meint, og ytra, noko om. Då ideen om eit gulatingsminne kom opp braut debatten om ”den rette tingstaden” for alvor ut. Etter det eg kan sjå av det materialet eg har lese var det Otto J. Midtun (Henriksbø) som fyrst ”offentleg” tok opp spørsmålet om å få reist eit gulatingsminne. I ein artikkel datert 19.11.1910, trykt i ”Sogns Tidende” 13.1.1911, skriv han at han på ”ungdomsstemna i Eivindvik i sumar” hadde halde ”fram kor naudsynt det vilde vera aa reisa ein minnestein paa den gamle Gulatingsstaden.”  På denne stemna var det blitt samla inn kr. 33,37, seinare kom inn kr.1,-, til saman kr. 34,37. Tanken var at når det var kome inn nok pengar skulle det veljast ei nemnd som skulle stå for arbeidet med å få reisa minnesmerket.

I artikkelen oppmodar han ungdomslag til å samla inn pengar til eit gulatingsminne og heldt fram at det trong ikkje verta store utloger på kvar om alle i det gamle ”Gulatingslagdømet” vart med. I eit notat under artikkelen tek avisa med at ”dette er ein framifrå tanke.” I ”Gula Tidend” for 1.8.1912 har Otto eit notat med opplysning om det som til då var kome inn. ”Som ein ser gjeng det ikkje fort med innsamlingi”, skriv han. I alt, inklusive renter, står det då til saman kr. 63,75 på innsamlingskontoen i Gulen Sparebank. Han hadde venta større oppslutnad om saka. Av tala ser eg at den største enkeltsummen var komen frå Ungdomslaget Gula i Austgulfjorden.

I tida vidare fram til oppnemning av arbeidsnemnda i 1917 har eg ikkje sett anna materiell enn avisskrivinga med krangel om kvar den rette tingstaden låg. Mange stader er nemnde, men i innlegga dreia det seg, den gongen, mest om prestegarden og området ved Flolid og det var då, som seinare, mange pådrivarar på båe sider.

Ein av dei som kanskje har gjort aller mest for å få i stand eit gulatingsminne er Anders Skåsheim frå Balestrand. Han var tilsett i Landsbanken i Bergen, seinare soussjef i Vestlandsbanken, og var svært oppteken av soga vår, kanskje særskilt Gulatinget og det verd tinget og lova hadde for folket vårt. Han skriv seinare: ”Midtun tok fyrst saki upp. Men han laut leggja henne ned att”. Det var nok Skåsheim som stod bak når Historielaget for Sogn gjorde opptak til at ei arbeidsnemnd vart oppnemnd i 1917. Nemnda var samansett slik:

G.F.Heiberg, formann, A. Skåsheim, varaformann, frå historielaget, og frå Gulen kommune vart valde Otto J. Midtun og Karl L. Birknes med I. Svardal som varamann. Otto Midtun vart kasserar og Birknes ”hjelpesmann”. Karl L. Birknes er den kjende lokalhistorikaren som alle gulingar, og mange fleire, kjenner til som Karl Gåta og han vart nok ein framifrå hjelpesmann. Skåsheim vart skrivar i nemnda. Då Otto J. Midtun døydde i 1923 vart ordførar Hans K. Rutledal vald som Gulen kommune sin representant.

Nemnda knytte til seg mange ”kunnige menn”. Namn som eg av referatboka ser har vore inne i biletet er: Professor Haakon Schetelig, skulestyrar E.C.Bendixen, dr. Just Bing, professor Gjelsvik, professor Koth, bonde Hans Flolid, lærar Jacob Aaland, bladstyrar Albert Joleik, professor Magnus Olsen, statsdyrlækjar S. Tillier.

I tillegg fekk dei innspel frå eit livleg ordskifte i pressa der det, både frå lek og lærd, kom mengdevis av innlegg. To av dei mest aktive skribentane var Hans Flolid og O. Austgulen. Nemnda hadde mange møter og fleire åstadgranskingar saman med ”kunnige menn”, mellom dei som er nemnde framanfor og andre.

!8. august 1918 var nemnda med fleire av hjelparane ”på ferd” i Gulen. Dei vitja då Eide, Guløy, Flolid og prestegarden. Ferda enda med eit møte der dei rådde til at minnesmerket vart reist i Eivindvik.

På møte 8. mars 1919 vedtok dei framlegg til rundskriv ”til teikning av gåvor til minnesteinen om Gulating”.

I møte 15. januar 1923 fann nemnda det ”gagnlegt” at heradsstyret ”atter kann segja si meining” etter at det hadde kome inn skriv mot nemnda si tilråding. ”Svaret vert å leggja fram på eit seinare møte i nemndi”. Noko slikt møte finst ikkje i protokollen. Møtet 15.1.1923 var denne nemnda sitt siste. Ny nemnd kom, etter det eg har funne, ikkje i arbeid før i 1961.

 Til tross for fleire utsegner om at det viktigaste var å få eit minne sjølv om det kanskje ikkje står på det heilt nøyaktige punkt så ser det ut for at nettopp diskusjonen om ”den rette tingstaden” var årsaka til at merket ikkje kom. Enkelte, både lekfolk og fagpersonar, uttala seg om at det ikkje burde gjerast vedtak om plassering før standen var stadfest, det kunne skipla arbeidet med granskinga. Nokre meinte at om staden vart Eivindvik var det ikkje naudsynt med noko moderne minnesmerke, der hadde me dei gamle steinkrossane. Andre hevda at eit merke på Gulatingsstaden måtte komme som eit merke for heile nasjonen og ha interesse også utanfor landet sine grenser. I ein artikkel i ”Gula Tidend” for 24. juni 1938 står:”Det gjeld ein av dei gjævaste minnestader frå forntidi i dei germanske landi.”

Diskusjonen i pressa minka av etter kvart og det vart meir stille omkring saka. I bladet ”Sogningen” kom det 25.10.1932 eit stort stykke om gulatingsplassen. Det står mellom anna at ”Historielaget tok i sin tid initiativet til å reise et slikt minnesmerke der ute, men ga op, da man i bygden var høist uenig om hvor tingstedet hadde ligget.” Men tanken og håpet om eit gulatingsminne var levande. I julenummeret for ”Gula Tidend” 1937 vart tanken teken opp om eit minnestemne for gamle Gulating og eit storstilt stemne vart halde i Prestelunden 10. juli 1938. Der var det mykje godt og fint sogeprogram. Som det går fram av referata vart stemna ein stor suksess. Ca. 4000 menneske deltok, truleg den største folkemengd som nokon gong har vore samla i Gulen. Arrangementet var til stor kveik og gav nytt pågangsmot til dei som arbeidde for reising av gulatingsminnet. Ei stor oppmuntring var det også at kong Haakon VII vitja bygda i 1936 då professor Olav Midttun på Lovseiingsberget tala så varmt om bygda si tilknyting til soga og Gulatinget at kongen måtte opp med lommeduken og tørka augo.

Frå åra som fylgde har eg funne lite om arbeidet med reisinga av minnet, men Anders Skåsheim gav ikkje opp, fylgde med og tok vare på det innsamla materialet. Striden om stadvalet stilna av. Skåsheim, som var den einaste som levde igjen av den valde nemnda frå 1917, tok i 1960 kontakt med ordførar Kjellevold om oppnemning av ei ny nemnd. Etter eit møte i Gulen kommunestyre vart det 15.10.1960 halde eit ”samlingsmøte” vedkomande Gulatingsstaden der kommunestyrerepresentantane og interesserte var til stades. Etter innbyding frå sogelag og formannskap heldt A. Skåsheim foredrag om emnet. Der etter var det diskusjon. Mellom dei tilstadeverande var også O. Austgulen som tidlegare hadde vore sterkt inne i saka med mange avisinnlegg. Det vart vedteke å nemne opp ei ny nemnd. Dette vart gjort i 1961 med fylkesmann N. Schei, ordførar Kjellevold og skulesjef  S. Randal som medlemar.

I 1966 hadde Nord - og Midthordland Sogelag 50-års jubileum og la ”sumarferda” si til Flolid. 3. juli heldt dei stemne der og mintest Gulatinget med historisk program.

Det materialet som Skåsheim hadde teke vare på frå tidlegare arbeid vart overlevert til den nye nemnda då ho kom i arbeid. Det var, frå ymse hald, sett fram ynskje om meir forsking og nemnda fekk i stand fleire granskinga gjort av fagfolk. Både no og tidlegare var det gjort samanlikningar med andre gamle tingstader.  Norsk kulturråd var inne i biletet. Det vart føreteke arkeologisk og botanisk undersøking både på prestegarden og på Flolid, utført av vitskapeleg assistent Ingvild Øye Sølvberg og av professor Knut Helle.

I ei seinare nemnd var også professor Hagen og konservator Per Fett med.

I 1974 skreiv Schei til ordføraren i Gulen at han, som no var åleine gjenlevande av nemnda frå 1961, ynskte å orientera om det nemnda har gjort og verta ferdig med sitt arbeid. Dette skjedde i møte med formannskapet på Brekkestranda pensjonat 21.10.1974. I tillegg til munnleg orientering vart også ei skriftleg framstilling levert. På møtet vart det semje om å oppnemna ei ny nemnd.

10. mai 1982 vart det halde eit møte i Eivindvik med føremål  ”å få til eit kulturprogram – og sidan fleire – i samband med Gulatingsstaden.” Ordførar Olav Solheim hadde fått møtet i stand. Til stades var: Fylkeskultursjef Lidvin Osland, fylkeskonservator Gunhild Systad, skulesjef Bjarne Dåe, banksjef Magnor Midtun og nestleiar i Gulen kulturstyre Thorbjørg Birknes, som skreiv referat frå møtet. ”Magnor Midtun gav eit kort oversyn over det me veit om Gulatinget”. ”Staden der tinget vart halde veit me ikkje visst, og me kom snøgt fram til at i dette høvet har det mindre å seia. Me veit at Gulatinget vart halde i Gulen, og for oss er det viktig å finne ein høveleg stemnestad der programmet kan bli framført.” Ymse former for mogeleg program vart drøfta og det vart teke synfaring på Flolid og i Eivindvik.

Då tanken om gulatingsminne vart teken opp fyrst på 1900-talet var meininga å reisa ein bauta i stein. Det var eit slikt minnesmerke nemnda av 1917 føreslo sett opp framfor kyrkja.

Folk syntest det gjekk trått med å få sett opp eit minne. Det var pådrivarar i bygda som jaga på, saka vart samtaleemne på folkemunne og etter kvart blei tanken om eit sogespel det folk vart mest opptekne av. Men kverna mol framleis seint og det kom så mange sogespel rundt i landet at ein mest kunne snakke om inflasjon i slike spel. Etter kvart kom så ideen om eit fleirbruksanlegg. For å få meir liv i saka kom det framlegg om å få den kjende synske kvinna, Anna Elisabeth Westerlund, hit. Ho var her 6.–11. april 1983 og ”peika ut staden for Gulatinget”, som det stod i eit avisreferat. Dette førde til stor blest og mykje diskusjon og mediemerksemd om Gulatinget, både lokalt og i landet elles. Mange aviser og NRK var her og bladet ”Allers” hadde ein stor artikkel med bilete frå Westerlund si vitjing. Om denne hendinga hadde nokon verknad på framdrifta kan eg ikkje seia, men utover i 1980-talet kom det meir fart i arbeidet.

7. oktober 1985 vart det halde eit nytt møte i Eivindvik med fylgjande deltakarar: Anne Gullestad, Hans Jacob Sandanger, Erling Øvstedal, Bjarne Dåe, Magnor Midtun og Ola Byrknes. Ordførar Byrknes hadde fått møtet i stand etter fleire samtalar med fylkeskultursjef Osland. I notatet ordføraren laga frå møtet ser me m.a. at ”Det vart vidare streka under at kommunen ser eit økonomisk og fagleg engasjement frå fylkeskommunen og sentralt hald, som avgjerande for gjennomføring av ei slik sak.” Møtedeltakarane hadde også denne gongen synfaring ” i området Eivindvik/Flolid” og konkluderte med at også når det galdt val av stemnestad ”må fagfolk inn i bilete.” Kulturstyret i kommunen var i møte 21. februar 1986 samde om at Flolid høvde best til ”dette føremålet.”

Ordførar Ola Byrknes synte stor interesse for saka. Han var ein av dei som nok klårare enn dei fleste såg at dette med gulatingsminne var ei svært viktig sak, at ho hadde stort verd, ikkje berre for kommunen vår, men for heile nasjonen. Dette har han, iflg. sakstilfanget eg har sett, presisert ved mange høve, både i møter med kulturpersonar, styresmakter og elles.

Framover vart det skrivne fleire utgreiingar og halde mange møter både lokalt og på fylkesplan. Saka fekk no eit breiare grunnlag ved at stadig fleire personar og organisasjonar vart trekte inn, folk med sogekunnskap, andre kulturpersonar, folk frå kyrkja, rettskunnige, kulturetaten i fylke og fylkesstyremaktene. 4. desember 1989 vart det halde møte på Sunnfjord Hotell, leia av fylkeskultursjefen, med deltakarar frå bispedømet, fylkesmannen, fylkeskultursjefen, Sogn og Fjordane teater, Gulen kommune og – kulturetat, historieprofessor Knut Helle og professor i rettshistorie Gudmund Sandvik. Her vart det semje om å opprette ein hovudkomite med namn Gulatingsrådet og eit mindre arbeidsutval med 3-5 medlemar. Gulatingsrådet vart breidt samansett med representantar for dei etatar som er nemnde ovanfor og  professor Knut Helle. I arbeidsutvalet kom fylkesmannen, fylkeskultursjefen og ordføraren i Gulen. Seinare vart det også oppretta ei referansegruppe. Den 19. i same månad vedtok Gulen kommunestyre å opprette heil stilling ”i første omgang som eit engasjement for to år, med Gulatinget som primæroppgåve.”

Då det vart gjort klårt at det var Flolid som skulle vera hovudarena, med området ved kyrkja, steinkrossane, Olavskjelda m.m. som ein del av eit heile, gjorde, til tross for sterke røyster mot å skulle ta så store kostnader med dette, kommunestyret vedtak om å gå i drøftingar med grunneigarane på Flolid for å sikra seg grunn til minneprosjektet. Etter tingingar, skjønn og overskjønn, godtok kommunestyret overskjønnet i sak 135/96.

Idear til markeringar vart etterlyste og mange innspel kom. Til utarbeiding av forprosjekt på hovudarenaen kom 4 tilbod og i møte 7. august 1990 gav Arbeidsutvalet, etter samråd med Referansegruppa, oppdraget til Landskapsarkitektane Kalve & Støle A/S og Arkitektkontoret 4B v/Valborg Leivestad i samarbeid. Prosjektutkast vart presentert av arkitektane og drøfta i møte hos fylkeskultursjefen 10. januar 1991 der m.a. Arbeidsutvalet og Referansegruppa var til stades. På Eivindvik skule vart utkastet lagt fram på folkemøte 24. august 1991. Mange hadde der ordet og mange innspel kom også her. Planane vart også lagt ut til gjennomsyn og merknader på fleire stader i kommunen.                                             

Det var semje om at gulatingsstaden måtte verte ein opplevingsresurs der ein både får opplysning om soga og kan kobla av. Namn på prosjektet har vore drøfta og sidan 1985 har anlegget på Flolid vorte kalla ”Gulatingsparken”.    

Håkonarspelet på Tusenårsstaden Flolid før utbygging - finalen under kongebesøket i 2002. Foto: Ukjent.

På midtten av 1990-talet kom ”Håkonarspelet” inn i biletet som ei fyrste markering i Gulatingsparken og gulatingsminnet. Om det vert skrive annan stad, men eg vil her nemna at det var ein del av ”Kystsogevekene” der Ragnhild Randal var leiar, og vart ein kjempedugnad der folk frå heile kommunen var med.          

Ragnhild Randal og Anne Gullestad var dei berande kreftene, men hadde mange lokale engasjerte hjelparar. Gullestad var instruktør. Mellombels scene vart bygd av hun, massevis av kostymer og rekvisita sydde og snikra. Med unnatak av nokre profesjonelle skodespelarar var alle aktørane frå kommunen her og etter omlag eit halvt års øving var fyrste framsyning 23. og 24. august 1997. Spelet vart ein stor suksess som spora til vidare felles innsats. I 2001 kom professor Knut Helle si bok ”Gulatinget og Gulatingslova” ut. Eit framifrå bokverk som framstilte på ein god og lettfatteleg måte kva tinget og lova stod for. Kunnskap om våre forfedre er god ballast å ha med seg. Eg har lese at det folk som ikkje har noko fortid heller ikkje har noko framtid.  Boka og det at Helle sjølv var her og introduserte henne og skreiv dedikasjonar til dei som ynskte det, gjorde også sitt til å fremje interessa for Gulatinget. Og interessa vart større og større og meir og meir positiv etter kvart som det skjedde konkrete ting i arbeidet med markeringa av tinget.

I møte den 7. desember 1999 vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane at Gulatinget skulle vera tusenårsstad for fylket vårt. Det vart valt ein hovudkomite med fylgjande medlemar: Biskop Ole D. Hageseter, fylkesdirektør Lidvin Osland, fylkesordførar Knut Aarethun, professor Knut Helle, sorenskrivar Bjarte Eikeset og ordførar Ola E.Byrknes og kultur-og næringssjef Harald Haugejorden i Gulen. Dette var eit gledeleg hende for oss her, no rekna me med at prosjektet var sikra både økonomisk og fagleg. I samarbeid mellom kommunen og fylket skjedde ting raskt framover. Skulptør Bård Breidvik vart engasjert og Martine Rød vart tilsett som prosjektleiar.

Det fyrste Gulatingsseminaret vart arrangert 1.-2. september 2000, ”fagseminar” fredag 1.9. i kommunestyresalen og eit ”folkeseminar” laurdag 2.9. i ungdomshuset ”Vårtun”. Etter ”folkeseminaret” opna Eivindvik Ungdomslag ”tingkafe” med ”mat og kulturunderhaldning”og kl. 18.00 vart fylket sine tusenårstre planta på Flolid av leiaren i hovudutvalet for kultur i Sogn og Fjordane, ordføraren i Gulen og det nyvalde ungdomsrådet i kommunen. Tusenårstrea, ”12 søyleeiner” var leverte av Åberge Planteskule i Sogndal.

Avdukinga av ”Seidmann”, Bård Breivik sin fyrste skulptur til ”Tusenårsstaden Gulatinget”, vart føreteken den 8.11.01 av statssekretær Berit Gjerløw Øksnes. Dette skjedde i samband med lanseringa av professor Helle si bok ”Gulatinget og Gulatingslova”.

I vedtak i fylkesadministrasjonen 9. april 2002 heiter det: ”Sogn og Fjordane fylke tek ansvar for det vidare arbeidet med tusenårsstaden ”Gulatinget”, og tek over som prosjekteigar”.

 I 2002 fekk gulingane enno ei hyggeleg oppleving,  kong Harald og dronning Sonja kom på vitjing til kommunen. Særs kjekt var det for dei om lag 100 aktørane som synte fram ”Håkonarspelet” for kongeparet. I surt regnver gjorde dei ein fin innsats og fekk stor fagning og mykje velfortent skryt. I eit intervju i fjernsynet sa kongen om lag dette: ”Vi fikk oppleve Vestlandet på sitt våteste, men spelet var så interessant at da merket vi ikkje regnet.”

No gler me oss over at arbeidet med utforming og fullføring av gulatingsminnet er så godt i gang etter 100 års strid og slit. Me har tillit til at politikarane våre, dei som står for utføringa og andre som er med i dette ansvarsfulle arbeidet, gjer Gulatingsparken til ein verdig minnestad der alle kan vandre rundt i eit vakkert og inspirerande anlegg og saman med tiltak i området ved kyrkja og dei gamle steinkrossane, skapar eit verkeleg folkeminne der ein føler sogesusen strøyme og lever seg inn i den rolle Gulen har spela i vår soge.

Det som er skrive her er bygd på opplysningar frå gamle avisartiklar, møteboka for arbeidsnemnda av 1917 og utskrifter frå arbeidet i Gulen kommune. Takk til alle som har hjelpt meg!  Ei særskild takk til Hermod Kleppa ved fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som har gjort eit kjempearbeid med å henta fram så mykje gamalt materiale!

 

M. Midtun les prolog på seminaret på opningsdagen. Foto: Ukjent.

"Denne artikkelen vart skriven tidleg i 2003 og 27.8.2005 vart tusenårsstaden Gulatinget opna på Flolid.Då var det brei dekning frå media - aviser, radio og fjernsyn. Det er skrivne mange gode lovord om denne opningshøgtida, men eg vil likevel her nemna at det vart ei svært så minnerik tilstelling med mange kjende personar til stades. Statsminister Kjell Magne Bondevik var mellom talarane på Gulatingseminaret om føremiddagen. Ut over dagen var det ymse program og aktivitetar, mellom anna vart det synt utdrag frå Håkonarspelet og frå elevar ved United World College i Flekke sitt internasjonale show. Prosjektleiar Martine Rød, ordførar Trude Brosvik og fylkesordførar Nils R. Sandal hadde alle ein travel og spanande dag. Sjølve opninga stod stortingspresident Jørgen Kosmo for. Han hadde med seg ein kopi av ei mellomalderklokke som gåve frå Stortinget til tusenårsstaden Gulatinget. Olemic Thommessen sitt stykke "Mot Gulating" vart framsynt på Tinghella. Med Svein Tindberg i hovudrolla, Jens Uwe Korten si framvisning av bilete og film på Tingveggen, Palle Mikkelborg sin musikk, framført av Førde Kammerkor med fleire, vart det ei framsyning me seint vil gløyme.

I alt var fram mot 2000 menneske frammøtt og sjølv om veret ikkje var det beste vart det ei flott opning av tusenårsstaden.

Dagen etter, søndag, heldt feiringa fram med festgudsteneste av biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther, assistert av prost Geir Sørebø, sokneprest Jens Linde og fleire andre prestar frå bispedømet. Då vart gåva frå Stortinget nytta som "kyrkjeklokke". Det var innlagt mykje god song og musikk i gudstenesta.  Veret var fint og også då var det mykje folk frammøtt. Det var ei svært fin samkome og heile helga vart ein stor folkefest.

Som fyrste programpost, før postane på det oppsette programmet,  under høgtida, på seminaret laurdag føremiddag, hadde eg prolog og tek med eit utdrag av han her:

PROLOG TIL OPNINGA AV TUSENÅRSSTADEN 

 

Tusenårsstaden er godkjend som vigslingsstad i Bjørgvin bispedøme og laurdag etter opninga vart det fyrste brudepar vigde her. Dei yngste å høyra oppatt prologen frå opninga og han vart lesen med fylgjande tillegg :

Det fyrste brudepar vigsla på tusenårsstaden vår

i dag som rette ektefolk lukkelege i parken står,

Njål og hans fagre Linn

har her i ekteskapet låst seg inn.

Me varmt dykk helse vil

og ynskjer hjarteleg lukke til !

 

Fyrste brudepar som vart vigde på tusenårsstaden Gulatinget kom med hesteskyss. Foto: Ukjent.