Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

GULATINGSMINNE

 

PROLOG TIL OPNINGA AV TUSENÅRSSTADEN

No har det verkeleg hendt,

Gulatinget har fått sitt monument !

Etter drøftingar og prat i over 100 år

i dag me lukkelege rundt i parken går.

I lang tid

med pengemangel og plasserigsstrid

stod prosessen mest i ro,

men ei ulmande glo

røyksignal utover landet sende,

folket sine historiske kjensler tende,

minna omatt og omatt

om den kultur- og sogeskatt

som i farne tider

vart skapt under våre lier.

På Gulatinget sine vollar,

i ly av øyar og runde kollar,                             

vart bygt opp eit demokrati

av så stor verdi

at lærde folk seier no,

her norsk folkestyre si vogge stod.

 

Ein viktig person var lovseiemann,

lover og reglar dei kunne han,

sytte for at tingfred fekk rå

så lenge drøftingane held på.

 

Kva tid sist på lovseieberget her han stod

er det ingen som kan seia sikkert no,

men eg trur for visst

han var både lei og trist,

han skjønte nok då

at tinget vart flytta herfrå.

 

Men her ved dette nye minne

vil me i tankane alltid tilbake finne

til det gamle Gulating

og alt som hende der omkring.

Eit mektig anlegg har me fått,

storslått, stemningsfullt og flott.

 

Vår sak ”i mørkre lenge låg,”                                                   

inga framdrift nokon såg,

Ei lita von folk omsider ana,

politikarane kom på bana,

ordførar Byrknes satsa friskt og stort

og no skjedde ting ganske fort.

Det vart arrangert Håkonarspel

der gulingane deltok med liv og sjel.

Gulingen lett og glad

såg Gulatinget bli tusenårsstad.

På saka blei det verkeleg fart,

planarbeidet fekk sin start

og lukkelegvis det ordna seg slik

at oppdraget gjekk til Bård Breivik.

Han laga plansjar over Gulatingsparken

- me ”såg”  konturane i ”marken”.

Framifrå prosjektleiar Martine Rød

løyste si oppgåve med kløkt og glød.

Roy Nerdal, vår lokale entrepenør,

stødig styrde maskinene sine klør.

 

Vollar vart drenerte,

steinstøtter plasserte,

berg avgravde,

bjørker nedsagde,

solid scene bygd av stein,

lufta for knott gjort rein,

der buskar og blåbærris før fekk gro

er det blitt fin parkeringsplass no,

fagre gråsteinsmurar,

eldsirkel og skulpturar,

fjellet vart tribune stor,

på plenane grønt og mjukt graset gror.

 

Dei endringar me fekk

fint inn i terrenget gjekk,

det er gledeleg å sjå

at landskapet er teke godt vare på.

I vakre kveldar fuglar syng i tusental

i naturen sin prektige songarsal.

 

Alt kan me fredfullt nyte,

la sogesusen inn i sjela flyte,

falle til ro

i stemning lun og god.

 

Me takkar alle for det de ytte,

vonar mange vil parken nytte.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.