HØGTIDER

 

JOLEBOD  JOLEKVELD  JOLETRE  JULENATT  JUL  JULEFØREBUING  JULEFERIE JULERIM  PÅSKEFRED  PÅSKE  PINSE

 

 

JOLEBOD

Jolebod - jolefred

tonar til oss frå Himlen ned,

no i dag som den fyrste gongen

då hyrdingane lydde til englesongen.

Me også prisar den store gleda,

glade songar me kveda,

jola fører den glade bodskap i heimen inn,

klokkeklangen fyller fred i alle sinn.

Med ro og fred i liv og sjel

ein trygg, rik og sæl

i tru from og sann,

inn i nyåret vandre kan.

 

 

 

 

JOLEKVELD

 

Når jolestjerna glitrar rein

me føler gleda stor,

for den gong ho for hyrdar skein

vår frelsar kom til jord.

 

Frå tårnet lyder klokkeklang,

så malmfull, sterk og god,

han kallar oss til kyrkjegang,

til lovsong, fred og ro.

 

Me baka, og me pynta heim,

til festen full av lys,

men sende me vår hjelp til deim

som syrgjer, svelt og frys ?

Guds son som føddest i ein stall

han lærte oss det slik

at song og gleda varma skal

for fattig, som for rik.

 

Som barn me glade feirar jol,

syng songar kring vårt tre,

og Herren ber frå himmelstol

kvar einskild vera med.

 

Så sælt eit bod til jord kjem ned

i stille jolekveld,

det gjev oss von om evig fred

der alle høgtid held.

Går til tone: “Eg er så glad kvar julekveld”, helst den danske tonen.

 

 

JOLETRE

 

 

JULENATT

Det er vakkert, ute friskt og kaldt,

inne reint, fint pynta, godt og hett,

i tider med røykeforbod over alt

mannen på verandaen nyt sin sigarett.

 

Han ser på lysa som i bygda blenkjer,

på månen halvfull og gul,

i skinet står han og tenkjer

på det som skjedde den fyrste jul.

 

Ei sky sig fram og gjer månen matt,

Nordstjerna i tåkeslør svinn,

der han står i den kvite julenatt

vemod fyller mannen sitt sinn.

 

Inne lyder songen lett og glad,

ute er det fredfullt og stille,

men langt der borte ein stad

folk i krig og naud lir ille.

 

Jamvel ryper, rev og hare

kan her feira julekveld,

fuglar og dyr for felle og snare

er trygge når helgefreden gjeld.

 

Noko mellom buskane smatt,

ein som driv jakt i bærhagen ?

Kanskje ein kvikk røysekatt

putta ei lita mus i magen ?

I våre hus mor med varm hand

trygg barnet sitt matar,

utan mat, mødre i andre land

med borna søkjer ly for granatar.

 

Med utsøkte rettar på fulle fat

ved veldekka bord me måltid heldt,

me kan nyte vår gode mat,

men mange frys og svelt.

 

Det er diverre so i vår verd,

mange har overflod, andre lir,

med slik smerteleg urettferd

det neppe fred og forsoning blir.

 

Skaparen i denne heilage natt

minner både arme og rike,

og alle oss andre, om at

for han er me alle like.

 

Men før me rettferd kan få,

her på vår grøne jord,

me oss læra må

å dela vår rikdom stor.

 

Kvar julenatt vert me minte om

den glade bodskap i englesongen sæl

som til jorda med lovnad kom

om ein fred som skal bli alle til del.

 

 

JUL

Det lyser ein eldraud himmel 

der sola no nyss gjekk ned  

og snart vil ein stjernevrimmel

funklande strålar spre.

 

Ivrige barnehender,

i både bygd og by

lysa i trea tender,

i kveld er det jul på ny.

 

Stjerna som over nuten

klår uti kvelden heng,

minner om vesle guten

med krybbe og strå til seng.  

Og hyrdingar der den gongen

dei følte ei lukke stor,

lydde til englesongen

om glede og fred på jord. 

 

Me framleis kan høyre sangen,

han helsar oss alle no,

klårt gjennom klokkeklangen,

ei julehelg rik og god.

 

Eg trur sangen kan gå til tone: «Det lyser i stille grender.» 14.11.1999.

 

 

JULEFØREBUING

Over nakne, mørke lider

fell lett, kvit og rein snø,

røyk stig frå ulmande bjørkeskier,

ange frå nysteikte kaker og brød.

 

Folk pussar sølv og gull,

ryddar i buer og skjul,

tida er travel og stemningsfull,

det stundar mot høgtid og jul.

 

Dagen kjem meir og meir nær,

spenning i barnekroppen sitrar,

ventetida mest uuthaldeleg er

i all pynten som glimar og glitrar.

 

Og så kjem endeleg kvelden

med kyrkjegang, julemat og gåver,

tindrande lys, knitring frå kaminelden,

fred og frygd i nyvaska stover.

 

Alle dei som svelt og frys

ville også gjerne hatt

ein kveld i glede, fest og lys

slik bodet lydde fyrste julenatt.

 

Og lys og glede ut skal nå

til alle på vår jord

når me ein gong ser me må

dela overflod og rikdom stor.

 

 

 

JULEFERIE

 

 

JULERIM

Snøen legg seg frå fjell til fjord,

borna seg på kjelken sessar,

gler seg til jul i spenning stor,

vaksne vaskar, bakar og stressar.

Så i kvelden med pinnekjøt og gåver,

etter stemningsfull messe i kyrkja,

slekt og vener i julepynta stover

samlast til fred frå alt maset i yrka.

 

I bygd og by me glade feirar jul.

Dei som i bomberegn og granateld

med borna i armane søkjer skjul

ville også gjerne hatt fred i kveld.

 

 

 

 

PÅSKEFRED

 

Roleg eg set og drøymer

i stille påskekveld,

tankar mot meg strøymer,

- dagen er på hell.

 

Alt andar av ro og fred,

bekken si rolege sildring,

vesthimlen, der sola går sakte ned,

står som ei fargerik hildring.

 

Fjella si krune av kvit snø

får slør av raudt gull,

den makeleg glitrande sjø

av blenkjande edelsteinar er full.

 

Lufta er god og rein,

det angar av tidleg vår,

sevja fyller kvist og grein,

trea med fylte knoppar står.

 

På bakken den fine gule lilje,

snøklokker og krokus,

fulle av iver og god vilje

pyntar omkring våre hus.

Eit fiolett skjer på underleg vis,

når siste solstråle over fjellet stig,

vert til ein grå-blå trolsk dis

som over skog og lier sig.

 

Det er den ekte godversmoe

som me so gjerne ser,

han vil oss tillitsfullt roe,

varslar godt og roleg ver.

 

Frå fjellet kjem folk or påskesnøen,

trøytte, men blide og brune,

og i båtar frå ein dag på sjøen

med grilling i vikar lune.

 

Fuglesongen over bygda tonar

frå små strupar i tusental,

medan skapningar i millionar

lyder i verdens største songarsal.

 

Verda synest oss berre god,

men så TV med tunge drønn

melder om krigar og uro,

tårer, skrik, fortvila folk i bøn.

 

Me ser småbylgjer sakte rulle

i månestripa gul og matt,

vert sitjande tause og tankefulle,

-alle burde hatt fred i natt.

 

 

PÅSKE

 

Påskemorgon - store under,

Jesu Krist oppstanden er.

Ende er dei mørke stunder,

for vår frelsar han er her.

Den tunge gjerning har han fullbrakt,

han har synt si store makt,

i morgonrøden

han knuste døden,

evig står han alle nær.

 

Påskemorgon - for ei melding

engelen til kvinner gav,

snudd til lykke var sorg og liding,

evig liv steig opp frå grav.

Englebodet, som ein fredssang,

over jord gjekk sigersgang,

for Krist sin siger,

ein jubel stiger,

som evig glede speglar av.

Påskemorgon - så fin ein blome

i vår hage står og skin,

han sender minnet til gravi tome,

fører høgtid til oss inn.

Desse lyse, gule blomar,

som or jord nyss runne har,

den vesle lilje,

oss ber om vilje

til fred og tålsemd i vårt sinn.

 

Påskemorgon - lyset fløymer,

sender strålar mot ein kross,

og frå krossen minner strøymer,

evig liv dei lovar oss.

Påskeglede - påskefryd,

lykketonar - klokkelyd,

påskestemning,

vår i emning,

livet brusar likt ein foss.

Kan gå til tone: “Namnet Jesus”.

 

 

PINSE

I Jerusalem, den heilage by,

vart Jesus dømd og krossfest,

stod opp frå grav og kvarv i sky

på veg til den himmelske fest.

 

Dei tolv apostlar som saman sat

på kvitsundagen der i sitt hus,

dormande etter sin morgonmat,

brått stokk til av ein mektig brus.

 

Lufta dirra frå tak til golv,

eldtunger gjennom romet skar,

delte seg mellom dei tolv

og sette seg ei på kvar.

Vide høyrdest den sterke sus,

folk hasta til på stiar smale,

undrast om sveinane var i søtvinsrus

då dei fekk høyra deira tungetale.

 

Men Ordet kom på deira eige språk

til folk frå alle heimsens lande,

sveinane var løyste frå Babels åk

med eld og kraft frå Den Heilage Ande.

 

Apostlane fekk den kraft Gud lova

gjennom den gamle profeten Joel,

det skjedde der i den vesle stova

under Jerusalems varme morgonsol.

 

Ved denne kraft har menneska greidd,

til glede og gang for liten og stor,

å få den glade bodskapen spreidd

utover vår vidstrakte, vakre jord.