Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Minneord Bankar

HØGTIDER

 

JOLETRE

 

Ei ungfure oppe på Løypingåsen stod,

ho var vakker, - utsikta var god,

dei rette former på rett stad

syntest så vel ved soleglad,

ho, og andre der i reinene,

vinka smidig med dei mjuke greinene.

 

Ho, som så mange andre unge tre,

drøymde om å få bli noko anna enn ved.

Dei gamle uttørka furene der omkring

rødde om so mange underlege ting,

fantaserte gjorde mange av dei ho drøste med

om kor gjevt det måtte vera å få bli joletre.

Men det var vanskeleg å oppnå slik lukke i verda,

det var nok helst grantrea som fekk den æra,

det sa dei gamle med erfaring og forstand,

- sånn var det berre blitt her i vårt land.

 

Ho skotta på nokre graner lenger ute i åsen,

dei såg noko hovne ut der dei stod i den grå mosen.

Vakre måtte ho erkjenne at dei var,

men syntest å merke litt gulnande bar,

og dei tyktest nokso stive der dei stod,

med ei overlegen mine og greinene mest i ro.

Med tendens alt no til gulnande nåler

dei neppe lang tid i ei varm stove tåler.

At furenåler som er meir saftige og grøne

varer mykje lenger burde folk skjøne.

 

Tenk om ho, ungfura, kunne blitt joletre,

stått midt i sangen om jolefred

i bestestova på jolekvelden,

i skin og varme frå åreelden,

fått glitra i glansen frå lysa

i staden for her hutra og frysa,

ned mellom greinene kike

på pakkar spanande og fargerike,

på born som på golvet låg

og leika med bil og tog.

 

Litt ovanfor, på ein liten skrent,

stod ei anna ungfure like spent,

hennar tankar gjekk nok same veg

der ho mot månen strakte seg.

 

Hauststormane trea skakar og ristar,

reinskar bort visne nåler og kvistar,

og så fell snøen mjuk og lett,

fura står som ei brur, kvit og nett.

Som snøggast mot skrenten ho såg,

jammen var ho fin ho der oppe og,

og granene tok seg uforskamma godt ut

der dei stakk seg fram på ein nut.

 

Ein gut, sprek med lett ganglag

i varmedress og med bogesag,

i snøen opp på åsen kom,

stogga og såg seg om,

mønstra trea opp og ned,

tydeleg han var ute etter joletre.

 

Ungfura kvakk til,

tru kven han velje vil ?

Ho var ikkje sein,

vinka med kvar grein,

men det var som dei ikkje heilt ville,

snøen var blitt tung og lufta stille.

Ho syner fram konglene ho i bringa ber,

utan at det synleg inntrykk på han gjer.

Mot systrene ho i snøen ser hans fotefar,

det er nok dei som største sjansen har.

 

Ho tok mot skrenten ein titt,

fura der gjorde også sitt,

framheva sine beste trekk,

frodig og frekk.

Granene borti skogbrynet

briska seg i himmelsynet

kvar ei, stolt og kry,

sette toppen rett i sky.

Men drag på guten

dei der på nuten

tydelegvis ikkje hadde,

mellom furene han i snøen vadde.

 

Det var som ho av rota hoppa

då framfor henne han stoppa.

Men ho på skrenten, freidig og velskapt

hadde så visst ikkje tenkt å gje tapt.

Ho hadde litt hjelp av eit vinddrag og ho,

der oppe stod nok ikkje lufta så heilt i ro.

Ho letta på greinene, nesten blotta seg,

og guten dit bort la sin veg,

men greinene fort datt

då ho såg han gå tilbake att.

 

Ungfura lukkeleg som ei huldre

såg han tok bogen av sine skuldre,

ho følte saga inn i den mjuke veden skar,

varme og glede fyllte greiner og bar,

kjensla av bladet sitt sterke stål

kila i margen og ut i den ytterste nål.

 

Snart ho i snøen landa,

kjende den faste, varme handa

føre ho nedover lia

medan ho heile tida

drøymde i full tenning

og sitrande spenning

om det som skulle skje,

- ho var på veg til å bli joletre,

skulle hos guten og familien hans

stå i glede og stråleglans.

 

Ho fekk ein kross på foten,

ein fin-fin ein av siste moten,

og før ho rett sansa seg ho stod

i ei stove rein, varm og god.

Glade blikk borna henne sender

og mange ivrige barnehender

fyller greinene med kuler av glas,

glitter og masse anna stas,

på ingen ting blei det spart,

- å kor fin ho vart !

Ho gledde seg mest av alt

til det som storfura hadde fortalt

om små strålande lys i fargar reine

som tindra på joletrea sine grøne greine.

 

Og så hende nettopp det

som ho håpa skulle skje,

inn kom ein pakke stor

full av kvite pinnar på ei snor

og det var som borken ville bresta

då ein mann alt til greinene festa.

I toppen måtte han nokre nåler fjerne

for å få fast ei vakker blank stjerne.

Snora la han ned etter treleggen,

stakk snorenden inn i veggen

og brått stråla lysa over heile henne,

- større sæle kan vel ei fure aldri kjenne !

Stjerna i toppen ho blinka klår og rein

lik dei som over Løypingåsen funkla og skein,

lysa var blanke, grøne, raude og gule,

- lukka var uråd å skjule.

Ved foten legg borna store og små pakkar

medan dei undrar seg, pludrar og snakkar,

når pakkane vert opna dei jublar og skrålar,

joletreet som eit midtpunkt lyser og strålar,

frydar seg dagen lang

i leik og vakker sang,

blenkjer som sjølve sola

gjennom heile jola.

 

Jolefeiringa tok slutt omsider,

ungfura fekk tyngre tider,

etter kvart ho følte seg sliten og trøtt,

baret vart stadig meir tørt og sprøtt,

ho tolde mindre og mindre leik og mas,

bleikna mest bort i all sin gylne stas.

Til slutt var ho så heilt forsynt

av smiger, fest, glans og pynt

at det tyktest godt å koma i kjellaren ned,

la greinene bli til tvorer, leggen til ved,

og nålene til strø under Dagros på båsen,

men sjela sende ho med røyken oppatt i åsen.

 

I tvorene, fem små og ei stor,

lever fura vidare på jord

og i Løypingåsen sjela vil

for alltid halde til.

Der ho stilt mellom furene sviv

og fortel om sitt forvitnelege liv.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.