HISTORIE Kontakt oss! Artistar som har gjesta oss LINKAR

Rock og Bluesklubben trappar ned.

 

Neste konsert:

Fredag 28 september

Joss Pub

 

Fredag 28 september brakar det laus med haustens rockehappening.

 

Det er det punkrelatete bandet K-Jell som kjem på besøk på Joss.

Oppvarming er dei ”lokale heltane” i Ungratefull frå Vadheim. Dei har tidlegare gjort det godt i UKM og har også før vist seg fram på Joss.

 

K-Jell starta hausten 2005 og deltok på Påskerock 2011 med stort suksess. K-Jell sin fyrste offisiele konsert i Høyanger vert sjølvsagt i rockekjelaren på Joss Pub, ein perfekt plass for denne typen musikk. Grunnleggaren av bandet Kjell Moberg frå Os i har vore her mange ganger før med band som Punishment Park og JEF. Mange ”rockarar” frå Høyanger vil nok hugse han.

 

Musikalsk landar K-Jell i ein miks av punk og rock relaterte stilartar der ein kan trekke parallellar til band som: The Clash, Rancid, Stiff Little Fingers, NoFx, Cock Sparrer, Green Day, Bad Religion, The Jam og Ramones. Det vert med andre ord ein ordentleg rockekveld av godt gamalt merke på Joss

 

3 store turneer i Kina (2009-2010-2011) med publikumsrekord på 10.000 fans framfor scenen i Beijing 2. mai 2010.

 

2 cd singlar og 3 album. Alle er tilgjengelig world wide via iTunes, Wimp og Spotify med meir. Dei er no også tilgjengeleg GRATIS på Høyanger Hotell og på Narvesen.

 

Ein rekke liveopptak frå konserter med K-Jell i blant anna Kina (og Høyanger) finn ein på You Tube.

 

Magasinet Razor Cake i California USA beskreiv K-Jell som Europas best bevarte hemmeligheit og mest spennande band innen sin sjanger frå Scandinavia på mange år.

 

Alle er hermed invitert til dette rock ‘n’ roll ballet  på Joss Pub sammen med K-Jell fredag  28. september. Fram med luftgitar og møt opp!!

 

Dagens K-Jell line up 2012 er:

 

Kjell – Gitar og lead vokal

Jostein – Gitar og backing Vokal

Tronna – Bass og backing vokal

BT – Trommer og backing vokal

 

 

 

AKTIVITETAR

Det er ikkje lett å drive musik-klubb.

 

MEN

Om publikum støtter opp vert det

med ujamne mellomrom: 

Klubbkveldar/konsertar

Høyanger hotell/Joss Pub

og Øren Hotell

Vi samarbeider gjerne med andre om tilskipingar.
 

FORMÅL

HRB har som formål å fremme rock, blues og beslekta musikkformer i Høyanger. 

Dette gjer vi bl.a. gjennom å:

Å gi eit tilbod på konsertar og klubbkveldar ol med levande musikk for medlemmar og andre interesserte.

Å spreie kunnskap om rock og blues

Vi har vore på nettet sidan 16/10 -98.

 Og hatt besøk frå 10/2 2002