Hovedside
Hund
Bier
Jakt
Hytte
MC
Stryn Ettersøks Lag
 
 
Link

e.post  for bestilling av honning

  Birøktar Arve Oddmund Nesje

Bier og birøkt har vore min hobby sidan 1976

Frå tidenes morgon

"Ein dag utan honning er som ein dag utan sol", seier et gammalt ordspråk.

I ca. 15000 år har menneska gjort seg nytte av honning.  Dei samla honning frå ville bier i hule trær.  Dei gylne dråpane var, og er ettertrakta.  Honning er eit søtningsmiddel, den blir brukt til folkemedisin, og har også vore brukt som betalingsmiddel.  Det er laga honningmjød av gjæra honning. Greske atletar brukte honning, og idrettsfolk brukar honning også i dag.  Bier og honning er også med i historia som sjølve symbolet på kjærleik og fruktbarheit, og uttrykk som "blomster og bier" og "honeymoon" er godt kjent, og mykje brukt også i dag.

 

Honning består av:

ca 79% sukker (ca 77% drue- og fruktsukker (glukose og fruktose), ca 2% rørsukker (sukrose)

ca 19% vann

0,2 - 2,0% aske
(30 ulike mineral; 12 ulike vitaminer; enzym; 22 frie aminosyrer;
19 organiske syrer; protein, vesentlig frå pollen (blomsterstøv),
8 feittliknande stoff; ca 120 stoff som påverkar smak og aroma,
og i tillegg fleire påviste fargestoff).

 

Biene samlar nektar som skal bli til honning og pollen frå blomster. Biene sin pollinering av frukt, bær og oljevekstar sikrar ei god avling med fin kvalitet. Dette arbeidet har ein større verdi enn honningen som dei produserer.

 

Sommarhonning  er ein frisk og fruktig blanding som utelukkande kjem frå floraen om sommaren. Ein lys honningtype med mild smak.  Smak, farge og konsistens kan vere ulik, avhengig av kva planter den kjem frå.
 
Bier på kløver.  Eit flott syn!    
 
Lynghonning  kjem hovudsakeleg frå røsslyng. Ein smakskraftig honningvariant, oftast mørk i fargen og med et høgt mineralinnhald.

 

     

Lind honning  er ein spesialitet frå Stryn. Stryn har den største førekomst av edellauvskog i nord Europa.  Når denne blomstrar, og været er passande, kan biene samle eindel honning får lindetreet.  Den er svært spesiell av smak, og svært eksklusiv
 

Linde tre i full blomst

   
 

 
 
     

Honning er det produkt honningbiene framstiller av søte safter frå levende planter, dannar dette om og lagrar det i kuben. Nektaren produserast i plantenes nektarier. Biene lokkast til blomstrane og hjelper dermed til med pollinering (bestøvning).
 
 

Nokre kuber på lyngtrekk.

 

Tavle full med honning

 
 

Skrelling av tavle for slynging

 
Biene finn nektar i honningkjertler til blomster, som dei gjer om til honning ved å tilsette enzymer og redusere innhaldet av vatn. Birøktaren tek tavlene med modna honning som «slynges» ut ved hjelp av ei spesialkonstruert sentrifuge.
 
 
Honning er eit rent naturprodukt og har ulik smak, farge og konsistens avhengig av kva plantar den kjem frå. Den er flytende når birøktaren slynger den ut, men de fleste sorter vil krystallisere etter ei tid. Derfor er det meste av norsk honning krystallisert.

 
     
   
Honning kan bekjempe MRSA
Noen typer honning kan ta knekken på den fryktede sykehusbakterien.

 

 

 
    Til toppen