Jakt

 

 
Hovudside
Hund
Bier
Jakt
Hytte
MC
Stryn Ettersøks Lag
 
 
Link

e.post

 

Jakta mi kan delast i tre typar jakt

Hjortejakt

Ettersøksjakt

Reinsjakt

 
 
 

Jaktterrenget på Nesje. Som ein ser er det bratt og ulendt. Klikk på bilde for ein nærmare titt.

 
 

Vel "hjort"

Vestnorsk Villmarksmesse si gevirutstilling i Eid

 
 

 

   

Smith med sin første hjort

 
     
 
 

Reinsjakt

 

Reinsjakta er for meg, den jaktforma som eg set mest pris på.  Sidan 1986 har eg jakta rein.  Ja, faktisk var 1979 det første året eg prøvde meg.  Men sidan 1986 har eg vore i reinsfjellet, anten som jeger eller som "skjerpa".  Eg har utallige minner og fleire hundre fotografi frå dei mange turane.  Det som følgjer under, er berre få utvalde minne.  Det som for meg gjer reinsjakta så fasinerande, er at ein er borte, gjerne langt inne i fjellet, i fleire dagar i strekk.  Ein har gjerne berre seg sjølv å stole på, ein er utanfor rekkevidde for mobildekning, og langt frå sivilisasjonen.  Ein må planlegge turane deretter, og unngå å ta unødige sjansar.  Ein sit i lange stunder å speidar etter rein, gjerne ved same bågestøer som våre forfedre satt med pil og buer.  Og der sit ein, og tenkjer tilbake på den tida då reinsjakta var ein viktig del av matauken.

 

 
2000

Milenium-slampen ved Storevatnet

Året 2000 var den jakta som kanskje er det flottaste i minnet.  Starta med at vi gjekk inn Skarvedalen dagen før jakta. Overnatta i hytta der. Der var skjåkvær, vagvær og stryningar i skjønn foreining. Jakta første dagen i Skarvedalen. Gjekk vidare gjennom "Dør" andre dagen, og til Torsvatnet.  Tredje dagen rusla eg austover til Storvatnet.  Eg var heilt åleine, og det var nysnø, og skodde i lufta.  Ved middagstider vart eg vár 2 bukkar aust for Storvassbue, omtrent på grensa til Lesja.  Det var tysdag, og samjakt mellom Skjåk og Lesja.  Bukken vog ca. 100 kg. 

  Etter slaktinga, steina eg ned kjøttet like ved breen, og la på heimveg.  Overnatta i Tverråhytta i Torsdalen.  Dagen etter kom eg til Billingen, men hesten som skulle hente ut kjøt var blitt sjuk.  Dermed måtte eg planlegge henting sjølv, saman med kameratar.  Vi var 4 personar som henta ut kjøttet.

Takk til Inge, Jan Ove og Oddvin.

=== === ===
2001
Nord for Spongvatnet. Eller nærmare bestemt, litt nord for tjernet, som ligg nord for austre enden av Spongvatnet.  Dette skjedde i vel 1600 meter høgde, ein fin august dag i 2001.  Som nokon kanskje har skjøna, ein god stubb frå allfarveg.

Her, ein takk til David og Inge for flott selskap.

  "Spongrein" på heimtur. Rast ved Torsvatnet.
   
  Kart over Skjåk.

Klikk for større klart

 
Vel heime med kjøtt  
     
Kalv på Heggjebot flye Slakting i Skåpet, Jan og eg Kjøt til avkjøling ved Framrusthovd
Stein over Føysa Min første bukk Gammelstulen i Tundradalen
 

 

       
 
 

Til toppen