Stryn Ettersøkslag (SEL)

 
     
Hovedside
Hund
Bier
Jakt
Hytte
MC
Stryn Ettersøks lag
 
 
Link

 

 

 

Stryn Ettersøks lag

Stifta 1992

S E L vart stifta 1992. Krav om godkjent ettersøkshund i samband med jakt kom i 1994.


Formål

Vi har som formål å tilby ettersøk etter skada, og påskote hjortevilt i Stryn kommune.

tlf 4150 1389

e.post

 

Reglar

Reglar som gjeld i samband med jakt

Viltlova stiller krav om at jakt og fangst skal utøvast på ein slik måte at vilt ikkje blir utsett for unødige lidingar, og slik at det ikkje oppstår fare for menneske eller husdyr eller skade på eigedom (§19)

Vidare er det forbod mot bruk av kunstig lys i samband med jakt. Ettersøk etter påskote vilt er å regne som ordinær jakt, og forbodet mot lys gjeld også då. Jakt som føregår mot, eller under den mørke delen av døgnet, stiller store krav til aktsemd frå jeger.

Pliktig ettersøk på eige vald skal, om nødvendig, pågå til ut dagen etter skadeskytinga. På anna vald, opphører retten til ettersøk ved utgangen av den dag såra vilt kom inn på valdet. Jeger / jaktlag har det heile og fulle ansvar for ettersøk i denne perioden.

 

!

Den gode jeger er:
Ein person som kjenner og respekterer viltet som blir jakta på, og som følgjer lovverket,
og oppfører seg slik samfunnet forventar seg av han eller henne som jeger.

!
I ein jaktsituasjon er ofte marginane små, og tida knapp. Då må dømmekrafta stemme og
moralen sitte.

 

Huskeliste

Sørg for at du jaktar med rett våpen og ammunisjon, som du har avlagt skyteprøve med.

Bring med nødvendig papir under jakt.

Studer kjønn, alder og utsjånad. Ved evt. ettersøk er det viktig at ein veit kva dyr ein skal søke etter.

Velg stabil skytestilling.

Avfyr kun reint skot mot sikker bakgrunn.

Tøm våpen når du tek pause, og alltid i samband med samlingar.

Det er du som jeger som har ansvar for at du driv jakt som ikkje strider mot lover, reglar og intensjonar.

Forventning

Ved skadeskyting forventar vi av deg som jeger at:

Du merker av plassen du stod.

Du merker av plassen der dyret stod.

Du unngår å trakke til skotplassen.

Du melder frå straks om skadeskyting.

Du unngår å følgje etter dyret (maks 100 m). Dersom det blir skremd opp av sårlege, blir det ei nesten umuleg oppgåve å få avliva dyret. NB ikkje gå i sporet.

Du har klart for deg kva dyr du skaut mot. Evt. andre dyr som var med, og kvar disse tok vegen.

I tillegg forventar vi av jaktlaget:

At ein ikkje opptar jakt på nye dyr.

At ein kan skaffe tilstrekkeleg med folk til å gjennomføre ettersøk. Dette gjeld også evt. dagen der på, dersom det blir nødvendig med ettersøk den påfølgande dagen (sjølv om dette er ein måndag).

 

!
Eit vellykka ettersøk er resultatet av at alle partar har same mål. Dette krev bl.a. at
ein har korrekte opplysningar om kva som skjedde.

     
 
 
 

Under er eit par fotografi som viser vellykka ettersøk

 
   
   
     
 
     
 

 

 
     
 

Til toppen