“Ta på deg
treskona og spring”,
på Prestesundet skjer det store
ting.
Den nye
“Fjordprins” er på veg inn til oss
sjøen
susar som ein stille foss.
Mjukt det i
fløyta tutar,
ekkoet svarar i
berg og nutar.
Strålar frå
lyktene langs landet går,
lyser over
folket som på kaien står.
Kvar ein smilar
blid
augnar ei
ny tid.
Flagga vaiar i
mast og rigg,
“superjetten”
ved VÅR kai ligg.
Spenninga veks.
Dette minner
litt om 1936
då kong Håkon
frå “Nordfjord I”,
spenstig, på
raske bein,
gjekk i land på
Sandalskaien
der folket stod
tett langt opp i veien.
Me har hatt
vitjing av mange vakre båtar,
høyrt mange
grove fløytelåtar
frå tunge, trege
dampskip,
og mange tunne
pip.
Ja, her har vore
skuter av mange slag,
frå dei eldste
tider fram til i dag,
smekre
vikingskip, smidige og fine,
“BergeViking”,“Sørlandet”og moderne“Celine”.
Her kom sogetida
sine kongar.
Eggja av
skaldane sine songar
fekk dei mang
ein hardbalen viking
dømd på gamle
Gulating.
Ei tid var
staden eit nokså tungt
samferdselsknutepunkt
også for
Fylkesbaatane sine ruter
seinare såg me mindre til dykkar
skuter.
Det er difor særskilt flott,
og følest godt,
at me vart vist
den æra
mellom dei å
vera
som fekk prøva
denne superbåt,
stillfarande,
men kraftig, rask og kåt.
Så moderne, slik
service og komfort!
Dette vanskeleg
nokon slår.
Han stettar den
mest kresne trong,
har sjukelugar
og konferansesalong,
sæter med
“musikalske”knottar på,
mjuke tepper der
du skal gå.
Du kan sitje, og
ligge,
nyte utsynet,
musikken digge,
drikke kaffi og
sjokolade,
ta ein liten
promenade,
sjå på video,
eller slappe av
i fred og ro,
alt i ein fart
av 38 knopp,
skuta er
kort sagt topp!
Det “fyk”
avgarde vårt vakre fartøy
utan å sjenere
folk på holme og øy.
Det er mørkt og
regnar ute,
fyrlyktene viser
vår rute.
Moderne
hjelpemidlar seg snur og vender,
sikre
opplysningar til brua sender.
Skuta rasar
gjennom fjordar og sund,
passasjerar
trygge tek seg ein blund
men våkn opp de
som sover,
turen er over.
Skipet har lagt
til kai,
me må gå vår
vei,
det er her me
bur,
takk for ein hyggeleg tur!
Og takk for at de kom til Gulen og
Eivindvik.
Måtte denne støvande båten få ei
framtid rik
Og lukka han fylgje
over kvar ei bylgje,
og kunne slik
det bli
at han fekk gå her all si tid! |