I dag me opplever det største av det store
slik folket her i 1936 det gjorde
då kong Haakon til bygda la sin vei
torsdag den 27. mai.
Den gongen han åleine på Lovseieberget stod,
i dag kjem kongen og dronninga begge to.
Harald og Sonja, vårt staute kongepar,
me her og no hos oss har.
Det er lenge sidan det skjedde i soga vår,
i alle fall over 800 år,
at konge og dronning
var saman på Gulating,
men i dag er de endeleg her,
hjarteleg velkomne de er !
Nett her har norske kongar
vortne mottekne og hylla mange gongar.
Harald-, Olav- og Håkonar
fram sin bodskap bar
då dei folket på tinget møtte,
- fekk både motbør og støtte.
Gulatingslova som her tok form
vart etter kvart ei nyttig norm
for domstolar som i handling og ord
arbeidde for rettferd og fred på jord.
Lovord og vørdnad lova vann
både i eige og andre land,
og etter som tida gjekk,
stor verdi for folkestyret ho fekk
ja, sogekunnige folk hevdar no
at norsk demokrati si vogge i Gulen stod.
Alt frå dei eldste tider
hadde folk under desse lier
sin samlings- og heilagstad,
her til sine gudar dei ofra og bad.
Frå Agder i sør og nord til Sunnmøre
dei kom her for sine saker å føre,
frå Valdres, Halling- og Sætesdal
bøndene stemnde hit i hopetal,
også frå Vesterhavsøyane reisa gjekk,
til Gulating, før dei sine eigne tinglag fekk.
Mellom våre runde kollar,
på desse tørre, lune vollar
vart gamle Gulating sett
til vern om lov og rett.
Her fekk folk løyst sine tvistemål,
her dei tende sine offerbål,
her dei sine varer vende,
møtte ven og frende,
frette nytt,
ringar vart bytt.
Tenar, træl og hest
frakta mat og mjød til kvardag og fest.
Det vart blota til Odin og Tor,
- heidentrua sette djupe spor.
Her dei likevel om sider vende om
då kongane med kristtrua kom.
To steinkrossar som vart sette ned
Minner oss no om det.
Den harde viking
vart på gamle Gulating
døypt til kristtru rein
frå kongeleg døypefont av stein.
Denne døypefonten han står,
og er framleis i bruk, i kyrkja vår.
På rinden der kyrkja ligg no
trur me det gamle gudehovet stod.
I kyrkja har me og ei gåve så kjær
frå to som stod folket så nær,
med helsingsord dyrare enn kunst og runer,
strålar Haakon og Maud sine vakre lysekruner!
Under krossen i Krossteigen ligg Olavskjelda,
der leska dei seg, kongane som her tjelda,
av vatn klårt og godt med helsebot i,
særleg verknadsfullt ved olsoktid.
av vatn klårt og godt med helsebot i,
særleg verknadsfullt ved olsoktid.
Frå soga har bygda vår mykje å fortelje,
no må me eit lite utdrag velje,
men her ved munningen av Sognefjord
vart skapt ein kultur rik og stor.
Det historiske drag
er særskilt sterkt i dag.
Alt frå me, langt der ute,
såg kongeskipet, den prektige skute,
siga inn på vårt heimlege sund,
vart dagen for oss ei heilag stund.
På vitjinga set me svært stor pris
og me gler oss på alle vis,
neppe noko kongepar på Gulatinget stod
meir velkome enn de som står her no.
Me vonar at kongen og dronninga får
ein god og hyggeleg dag i bygda vår,
at det vert eit gildt minne å ta med
som de seinare finn fram og gler dykk ved.
Måtte dykkar ættlingar med krona
på den norske trona
gjennom mange årtusen
koma her og føla sogesusen,
lyda til det åsane fortel
om kor vel
folket i gamal norsk soge,
med sverd, pil og boge
verna om land og drott
med hug og hott.
På Gulatinget varsla hjallarhornet sin klang
når kongen kom og tingseta var i gang.
No er kongen komen og tinget igjen sett
i Noreg sin eldste demokratiske rett
i arbeid for rettferd ved lov og dom.
Hjarteleg takk for at de kom !
|