”Berge Viking”
er på veg mot nord,
mannskapet har
tenkt seg inn Sognefjord,
og det gilde har
no hendt,
at dei kursen
inn til oss har vendt.
Dei tek ei
“mellomlanding” her,
i våre lune
farvatn mellom holmar og skjer.
Me synest dette
svært så hyggeleg er
og takkar dykk,
kvar i sær,
for at de oss
såleis gleda vil,
hjarteleg
velkomne her til!
De har ei
prektig skute.
Me oppdaga ho
langt der ute,
stolt med segl i
mast,
vasspeilet ved
baugen brast,
glitrande og
rein
ho i junisola
skein,
stillt til kai
ho seig galant,
eit vakkert syn,
det er sant.
Me kjenner tanken bak “Berge Viking”
si ferd:
Styrkja Noreg sitt ry ute i den store
verd,
syna at nordmenn framleis er
eit gjennombarka
folkeferd,
at vår ære og
vår makt
på havet enno
er intakt,
at våre båtar
framleis over bylgjene feier,
og vårt vakre
flagg i hamnene enno vaier,
fremja Noreg sin
vyrdnad og tiltru,
for industri og
handel byggja bru,
visa at i
tevlingar me framleis er før,
kort sagt,
vera vår gode ambassadør.
Både båt og
mannskap har alt vist at de kan
forsvara
sjømannsæra for vårt land.
Prøveseglingar i
Nordsjøen og Atlanterhavet
viste at de
fullt ut meistra kavet.
Kappseglingar i
U.S.A.
har også gått
svært så bra.
Me veit at de
kan handsame tau og taljar,
syne til store
prestasjonar og mange medaljar,
og me gratulerar
med det de hittil har oppnått,
ynskjer dykk
vidare lukke til og alt godt.
|