No har me fått
oss veg,
då er me vel
glade både du og eg,
denne
vegen vart til for deg og meg.
Og slik som dei
har fått han til!
No kan me køyra,
sykla og ri kor me vil,
til Nordgulen,
Austgulen, ja heilt til Paris,
ila fram på ny,
moderne vis.
Vegen skapar
store framsteg der han slyngjer seg fram.
Me slepp no
nytta båt og pram
når me skal ut
og ferdast,
no kan det mykje
meir lettvindt gjerast,
setja seg i ein
mjuk og god bil
og susa avgarde
mil etter mil,
bli
bilsjuk og eta dispril,
vifta og vinka
med beatles-smil,
rasa avgarde
gjennom endelaus prakt
medan bilradioen
durar i vaskebrettakt,
kvervla opp
mengder av støv,
uroa dei som
søv.
Vegen blenkjer
som ei stripe av gull,
vår hug er av
takksemd full.
Me ser lysare på
tida som kjem,
døra ut til
bilverda er komen på klem.
Det
underfundige, ukjende i det blå
me funderar på
og får lyst til å sjå.
I den seinare
tid har ting skjedd fort
og me synest at
det er stort,
me har nådd så
langt,
det har hendt så
mangt.
Tenk, bussrute via Flolid til
Haveland
langs heile
Nesestrand!
Kven kunne ha
tenkt seg slikt?
I vår barndom
ville det lydd som eventyr, eller dikt.
Kanskje rute
Eivindvik - Månen vert det neste?
Er det underleg
at me vil feste?
Ja, utsynet
synest stort,
men det har det
slett ikkje alltid gjort.
Me kan hugse dei
fyrste pengane kom til vegen i 1937,
ja, det var vel,
du og du,
ei løyving så
det var store ting,
nok til heile
fyrste sving.
Eit lag kom
igang med feisel og bor,
mor Norge fekk
sår etter sår.
Karane skaut og
dominerte,
massar vart
utfordra og planerte.
Der det var
planlagt bru
låg vår gamle,
kjære Kahrsbu,
solid på sin
grunnmur,
ein del av
bygda sin kultur,
på døra
plakatane alltid stod,
ho måtte rivast
og flyttast no.
Sterke nevar
svinga feilselen her,
det viste etter
Nicolayen sine solide boreskjer.
Tomme etter
tomme gjekk boren i fjellet ned,
og med litt
dynamitt laut knausane te.
Selder vart
fyllte, haugar utplana,
fram steig den
flate, fine vegbana.
Kubikk på kubikk
vart trilla fram, tippa galant,
store massar i
evja forsvant.
Alle gjekk
spente og venta på
at dei over
Midtunvågen skulle kunne gå
også midt på
sommaren,
høgt over
torsken og hommaren.
Men løyvingane
var små dei,
10.000 rakk
ikkje langt nei.
Ofte måtte
karane stoppe og vente på pengar,
la arbeidstøyet
kvile på ein god hengar.
Etter mange,
lange år,
nytt håp me får.
Store
jernbjelkar vart over sundet lagt ned,
Midtunvågen
kunne forserast på kne,
- ingen
før oss hadde vel gjort det?
Dette skulle dei
gamle vikingkongar ha sett!
Dei hadde vel
tvilt på sitt gode vett,
og kasta sine
fulle staup,
om dei såg at
ein mann over vågen kraup.
Slik gjekk
trafikken då om dagen,
sume kraup,
andre åla seg på magen.
Og så kom brua,
samansett med
store skrua,
rett nok fyrst
av tre,
men alle var
nøgde med det.
Me var av lovord
fulle,
og når så evja
hadde trakt det ho skulle
vart brua
permanent
av stein, jern,
sand og sement.
No var det
gromme greier,
men me venta på
meir veier.
Tida gjekk med
ei løyving hist og pist,
det rakk ikkje
langt, det skal vera visst.
Det vart ikkje
ein gong samband med dei nærmaste grendom,
vegen stoppa på
“Fljålidstrendom”.
Me skjøna straks
at her måtte noko drastisk gjerast
om me snart pr.
bil ut frå bygda skulle kunne ferdast.
Me tok skeia
delvis i eiga hand,
strama inn vårt
livband,
ofra så me mest
ikkje hadde att til middagsmaten,
samla våre
slantar og forskotterte for Staten.
Det vart tala og
skrive brev
som tydeleg
fortalde at den nye tida krev.
Me fylgde
tanken,
samla pengane i
banken,
og då vart det
fart i sakene,
me fekk omsider
også vår del av dei store kakene.
No vart det
andre bollar.
Over
Flolidgardens gamle vollar
vart kompressor,
gravemaskin og buldosar køyrde ut
og steinmjøl,
berg og jord stod som ein sprut.
Vegen slang seg
fram som ein tolvfingertarm
med stor fart i
verdig, moderne larm.
Sulingane kom,
mykje var vunne,
men i
Svabergskåra hadde så nær det heile forsvunne.
Litt etter kvart
Svaberghavet
metta vart
og vegen heldt
fram i rette lei,
god og brei.
Og så overtok
igjen våre eigne drifta,
ja, det vart
nesten som det står i skrifta,
dei fyrste vart
også dei siste,
og det var ikkje
noko betre me visste
enn at dei som
arbeidde i den spede start
også med på
forminga av enden vart.
Me er stolte av
våre gutar
som jamna berg
og nutar
til veg i
kilometervis
for ein
overkomeleg pris.
Også stor honnør
me gjev til
oppsynsmann og ingeniør
som førde vegen
med stor kløkt
over mang ei
stygg sløkt,
gjennom
skjæringar trange
og haugar mange,
over bøar og
beiter,
med skråningar
og veiter.
Som det ofte vil
bli,
valda
grunnspørsmålet litt strid.
Sume kunne
vanskeleg få nok for jorda si,
andre gav heile
grunnen fri.
År 1966, den 18.
august
vart opninga
tillyst.
Folk tykte visst
det var rart
og tvilte på om
det verkeleg vart,
men klokka kvart
over tolv forsvant all tvil,
då steig vegsjef
med fylge ut or sin bil.
Dei hadde korkje
saks eller snor,
så det vart
berre prata litt i Nordgulfjord,
og så køyrt ut
til Eivindvik,
til ei stund så
rik
med middag,
kaffi og talar
i skulen sine
romslege lokalar.
Og når no alt er
så godt som ferdig
vil me kobla av
i ein fest fin
og verdig,
utan sut og kav,
berre kosa oss
og grauten nyte
i gleda over
vegen me har fått,
og vona han vil
oss yte
berre gagn og
det som er godt.
|