No er det hendt,
flagga er heiste, lyset er tent
inn gjennom
sundet stemner ein båt,
susen lyder som
den liflegaste låt,
ålmugen på kaien
er yr, glad og kåt,
han nærmar seg
land den nye Yacht.
Lyset blinkar,
fløyta let,
folket vinkar,
eg trur sume
gret,
spenninga er til
å ta og føle på,
alle vil fram,
alle vil sjå.
Skuta gjer ein
flott sving,
legg galant til
kaien på styrbord ving.
Reiaren sjøv
trossa kastar,
ventande folk
fram over kaien hastar,
ekspeditøren
lina nappa,
folkemengda
jubla og klappa.
Det var ei stund
so rik,
både for oss og
Bache-Wiig,
“Eivindvik” er
komen til Eivindvik.
Etter blomar og
velkomstord
får me koma
ombord.
Du verda for ei
skute!
Så vakker både
inne og ute,
polstra og lakka
frå ende til ende,
glitrande fin
kor me auga vende,
solid og godt
for seg gjort,
- og som
kan gå så fort!
Her er utstyr av
alle sortar,
ikkje på noko
det skortar,
i skuleskyss,
rutefart og transportar
borgar finaste
tekniske eleganse
for sikker fart
og trygg ambulanse,
for ingen ting
dei treng stå i beit,
her er alt frå
radar til katastrofeeinheit.
Lenge har me
gått gretne og sture,
vore til dels
både sinte og sure.
Frå byen brukar
Fylkesbaatane framleis 5 timar,
nett slik dei
gjorde med sin fyrste stimar,
kanskje litt
meir i dårleg sikt,
er det noko
meining i slikt?
Skal aldri dei
som styrer der
finna betringar
for oss som bur her?
Ja, me klaga og
sukka,
mens me våre
plommer plukka,
haust etter
haust,
og prata i vest
og i aust.
I doktorgarden
flytte inn ny lækjar,
skal tru kva det
er for kar?
Ein ungdom
visst,
nett som sist,
han vert vel her
berre eit par år,
til han betre
stilling får,
og rikare kår,
enn me kan by
som her går.
Men det såg ut
for at familien Bache-Wiig
lika seg i Gulen
og Eivindvik,
og at servicen
denne doktoren ville gje
var meir enn å
fiksa skrøpelege albogar og kne.
Den tenesta han
no oss byr
tykte me lydde
som eventyr,
men sjå, no ligg
nyebåten ved kai,
og kva trur de
dette for folket vil sei?
Ein hyper
moderne lækjarskyss,
den finaste i
Noregs land,
vil susa gjennom
Gulen på tvers og kryss,
og dette
er verk frå ein manns hand!
Hurra for den
mann,
som viser at han
handla kan,
skaffar oss,
ikkje berre lækjarflytt,
men også gjer
vår bytur grei og stutt,
med halvparten
vert reisetida skoren ned,
det er sanneleg
eit stort framsteg det!
Også det største
problem i heile Gulen,
nemleg
ungdomsskulen,
må me vel tru er
løysinga nær,
når me ser på
dette prektige skipet her,
og tenkjer oss
kor fint det fer
gjennom sunda
med skuleborn som syng og ler.
Det er gjevt at
Bache-Wiig har fått dette til,
utan tilskot av
noko slag,
Ja, tru det kven
som vil,
men dette er
faktum no i dag!
Oftast flyt det
av kommunegarantiar i alle leier,
utbyggingstilskot, stønader og mange slags greier,
er det ikkje då
litt løye,
når me tenkjer
nøye,
at ei slik
samfunnsgangleg sak,
frå det
offentlege ikkje får noko slag?
Sjølv om ingen
ting om det her er fortalt,
så har nok fru
Heidi også sin del av æra,
for me veit at
det står kvinner attom alt,
det er gamalt og
vil så vera.
Me ynskjer
familien Bache-Wiig,
av hjarta lukke
til med skuta,
vonar ho skapar
lukke og glede rik,
både i
transport, bygde- og skuleruta.
Måtte
bygdefolket, kvar kvinne og mann,
støtta opp om
tiltaket så godt dei kan.
Det er ikkje
fritt,
det må eg
innrøma ope og vidt,
at eg føler meir
enn litt,
byrgskap her eg
sit
og ser på den
stolte “brigg”
som ved
Sandalskaien ligg.
Med det som i
dag er hendt
er det som
fortid til framtid er vendt,
trafikken av
vikingskip var her tett og stor,
kanskje
“Eivindvik” skapar nytt liv på vår fjord?
Skipparen vil
nok føre båten
på den aller
beste måten,
og måtte hell og
lukka skuta fylgje
over kvar
einaste bylgje!
|