HÅKON ADELSTEINSFOSTRE I GULA
(1997)
I sogetida,
for over 1000 år sia,
den unge Håkon, kjapp og rådsnar,
ofte på desse trakter var.
I dag kom han igjen
med sine sterke menn
som vår frende og gode ven,
rett frå Johannes Heggland sin penn.
Mellom knausane let atter skrik og
skrål,
dvergen vakna, stemnde i med sitt
dunkle mål,
han var tydeleg gla,
prisa og takka
Johannes Heggland, Anne Gullestad og
Ragnhild Randal,
det same me også inderleg vil og
skal.
Me syntest nok det var heise
at Anne, Ragnhild og Arild måtte
reise
så lange vegar for å koma her,
på glatt føre, i alle slags ver,
gjennom vind og snøfenner,
for å gjera vikingar av gulamenner.
Glimrande skyss til tross,
det var nok slitsamt å få skikk på
oss.
Vanskar me hadde med både fakter og
ord,
oppgåva syntest uovervinneleg stor.
De stod på frå fem til ni,
og det same måtte vi
om det Håkonarspel skulle bli.
De vakta oss kvar stund,
la ord i vår munn,
førde oss steg for steg
på ein kronglut og mødesam veg.
For oss å halde alt klårt
oppe i hovudet vårt
ofte vanskeleg kunne bli,
me måtte hjernen både vende og vri
for å få rett replikk på rett plass
til rett tid.
Me tykte ofte det hende
at for kvart steg fram, tok me to
attende,
gong på gong, omatt og omatt,
måtte me frå start igjen ta
fatt,
før replikk og vending endeleg satt.
På utescena isande nordavind,
frå lid og tind,
skar seg i kroppen inn,
men han vippa ikkje Anne av stolen
sin,
kulde aldri over Anne, Ragnhild og
Arild vinn.
Når vanskane for oss ville seg toppe
de heldt motet vårt oppe,
det varma og gjorde oss i trua fast,
- med dette ville me lukkast.
Og det gjekk framover, skritt
for skritt,
me følte at me litt etter litt
med personane i spelet vart kjende,
at replikkane frå manus til hjerne
vende.
Måtte strevet bli krona med hell
for amatør så vel som profesjonell.
---------------------
Bøndene seg i godhug vende
til tanken om leidang frå lendsende
til landsende,
men då konge og bisp kristentrua
ville innføre
vart det bråk og røre,
skrik og vold,
slag på skjold,
-låtar frå horn og lur
gav ekko i berg og urd.
Kongen vart ille til mote,
dei ville ikkje slutta å blote
korkje Arinbjørn, Tord eller
Sote.
Dei kunne nok ta ved den nye
trua,
men ville ikkje brenne brua
til heidnsk gudemakt,
bryta med Odin si pakt,
kanskje sat han framleis på vakt
og hadde meir han ville sagt.
For Isleiv var det tungt og ille
då kongen tok Gudny til frille.
----------------------
Utan innblanding frå kniv og saks
hår og skjegg fritt og voldsomt
vaks,
på hake og rundt øyrer fram det tyt,
mangt me ven oss til når me lyt !
Kva seier kona til dette
nokre freista å frette,
det høyrdest mest som om dei var
spente
på om noko ekstra var i vente.
Mange ville skjegget klappe,
eg skal sei dei var ikkje knappe,
så mykje klappa og klemte på
vil me neppe nokon gong sjå
at vikingar igjen vil bli
som i denne søte håkonartid.
I vinter krimsjuke og influensa
flokken herja
me stridde mot basillar med skjold
og kamfer som verja,
inntrengjarane måtte gje tapt om
sider,
- og så gjekk det mot lysare tider.
I ferien såg me Mostraspelet på
Bømlo.
Spelarane der oss mest til marka
slo,
ja, framsyninga var knakande god.
Attom der stod
også dei to,
Anne og Ragnhild,
ein duo gild,
og stille, men sterkt, me der og då
bad som så:
Å kan slik det gå
at dei oss må
nesten like flinke få !
Etter framsyninga fekk me guida
busstur
over øya, dit Ragnhild om sommaren
bur.
Der fekk me gjensyn med Johannes og
Anne,
mat og drikke frå kurv og panne,
møta aktører frå dei andre
Håkonarspela,
utveksla røynsler, og tankar mæla.
Hjarteleg takk for denne trivelege
kveld
som Ragnhild med sin familie for oss
held !
Feststemte drog me heimover att
i ei mild og fin sommarnatt.
Per gav hestane rikeleg med for
og farten var stor
mot nord,
reist så fort
har nok vikingar aldri før gjort.
---------------------
I kveld er det tid for å minne og
snakke,
men og for å takke.
Å få nemnt kvar i sær
som har gjort ein innsats her
kan nok ikkje gå,
det alle lett vil sjå,
men i takksemd stor og rein
me hyller kvar einaste ein
som fremja vår sak
både på scena, framfor og
bak,
tenkjer på alle dei
som med iherdig arbeid,
kostymene har teikna, klypt og sytt,
ein kjempedugnad har dei ytt !
De synte verkeleg at de kan sy !
Under leiing av Trude, Mariann og
Borgny,
vårt ytre de makta heilt å snu,
gjorde oss staselegare enn nokon
kunne tru.
For kvar ein strek, kvart klypp,
kvar sting de stakk,
- hjarteleg takk !
Me takkar også dei som laga skjold,
og andre ting me trengde,
hogde tømmer, saga bord og spikra
pallar i store mengde,
scenograf Jack og dei som hjelpte
han med scena,
dei som felte bjørk og kratt på vår
arena,
dei som styrde vår økonomi
og fekk alt til å gli.
Her tykkjer eg det høver
å nemna ei som trufast fylgde våre
prøver,
ho organiserte og orienterte,
instruerte og informerte,
ofra mykje arbeid og tid,
vår allsidige og fargerike Ingrid.
Ein støvande gut
som har hatt svært mykje slit og
sut,
han Kjell,
me også hjarteleg takkar i kvell,
og Arild, den gasta kar,
som til stor hjelp under øvingane
var,
og så Stig som
oss til hjelp i innspurten kom.
Så har me dei som sytte for at våre
fat
heile vinteren igjennom var fulle av
mat,
og den solide to-manns klikk
som kom med brus til drikk,
statistar, sveinar - liten og stor,
hirdmenn, terner, koner og kor.
Den mektige musikk
var som åndeleg gudedrikk
og straumar av takksemd vert sendt
til komponist, musikant og dirigent.
Alle som sminka og gjorde oss fine,
Torunn med hjelparane sine,
takkar me ikkje mindre enn
hine.
Takk Nils for gjæv kongestol
som toler både regn og sol,
han vart nytta i alle spel,
om innsikt og dugleik han fortel.
Ein stor takk til kvar
yrkesskodespelar
som med oss i stykket var,
og fram det bar,
ei framsyning utan det de oss, og
stykket, gav,
hadde me neppe våga gjort alvor av.
Takk til Paul Ottar Haga,
ei fin kongerolle han laga,
som sogespel-ekspert
han har oss mykje lært.
Den aller største takka vil me gje
til desse tre:
Johannes Heggland
som med røynd og sikker diktarhand
inn i soga oss sende,
gav oss Gulatinget attende,
i eit sogespel velskrive og flott,
ekte og godt,
Anne, regissør og instruktør,
ho får vår varmaste honnør,
ei klok og tolsam kvinne
som det meste kan overvinne,
ein fagperson med mynde og driv,
ein berebjelke i bygdenorsk
teaterliv,
Ragnhild, leiar av prosjektet,
for det kan me ikkje nekte
at me er mektig stolte av det du har
gjort,
ditt arbeid synest me er gjævt og
stort,
også her i barndomsbygda di
har du no fått ting på gli,
vår hyllest du får med rette,
-det var du som tinget her sette.
Alle som til teneste med spelet
stod,
på scena eller utanfor, me hyller
no,
igjen me takkar dykk hjarteleg
og ynskjer lukke på den vidare veg,
må det vel med dykk alle gå,
og med Håkonarspelet like så !
|