UTVÆR
Gjennom hundrevis av år
har folk langs kysten vår
funne levebrød
på hav og sjø.
Dei tok seg fram
gjennom brot og bram
med segl og årar,
trassa slit og fårar.
Heime med borna åleine
i kveldar seine
mang ei kvinne stod
full av lengt og uro,
hutrande på trappa
ho kåpa om seg knappa,
lydde til vind og bårer
med augo fulle av tårer.
Stundom ille det gjekk,
mannen heim ho aldri fekk.
Vår fiskar- og sjømannstand
var stor i dette vidstrakte land,
hardbarka menn som med dug og dygd
skaffa næring og vokster til by og
bygd,
ofte med stor resiko
når bylgja braut og slo.
Lite det offentlege fann å bygge
som deira liv og helse kunne trygge.
Men etter kvart hende ting som
sjøfarande til glede og nytte kom,
tanken om eit redningsvesen spirte
og grodde
til velsigning for alle som siglde
og rodde,
eit slags rakettstasjonar kom i
stand
der redningsliner vart skotne ut frå
land.
Vidare gjekk det slag i slag,
tenesta utvikla seg dag for dag.
Arbeidet kom på støe og raske bein
då Redningsselskapet vart starta i
1891
og snart skulle det store skje,
- redningsskøytene kom i 1893.
20. mai 1894 eit gjennombrot vart,
ein bragd gav arbeidet ny fart,
i orkan RS nr. 1 ”Colin Archer”
redda 37,
mange vart skåna for sorg og gru.
Om litt ”Havet sine kvite englar”
folkenamnet på skøytene var,
dei berga fædre og søner,
var i folket sine bøner,
vart heidra med takk og pris
og støtta på mange vis.
Borgarane på vår verharde kyst
synte særs stor offerlyst.
Rednigsskøytene med sin basar
alltid velkomne var,
sekretæren i lyd og lag,
med program av ymse slag,
midlar til organisasjonen samla,
pengane i skrinet ramla.
”Skøyta” ein god ven skulle bli
- å stole på til ei kvar tid,
berga folk frå forlis og død,
henta lækjar til sjuke i nød,
førde hjelp til fødande møyar
på mange veglause øyar,
leita opp folk som var sakna,
starta eskorte når vinden spakna,
redningsselskapet ordnar det meste,
og det veit dei aller fleste.
Det gjev tryggleik i alle slags ver
å vite at redningsskøyta er nær.
Oscar Tybring oppmoda til dyst
for eit ”Rædningsvæsen” som høver
vår kyst
og langs vår lange skipsleid
selskapet i sitt utviklingsarbeid
fekk sjøredningskorps i mange
distrikt,
slik alle bør få det på sikt.
Dette var dei også her svært
opptekne av
som føler ansvar for ferdsel på
fjord og hav
og med godt naboskap, sams mål og
vei,
eit felles korps det i våre kommunar
blei.
Enorm innsats mot at ulukker skal
skje
Røde Kors-og redningsfolk legg ned,
varm takk til alle som er med !
Alt frå tidleg i folkeskulen
lærer folk i Solund og Gulen
å takle sjøen i fritid og yrke,
nyta hans godlynne, akta hans
styrke.
Ei svær oppgåve det vart satsa på,
at me ein redningsbåt skulle få
i den aukande trafikken her
mellom våre båar, holmar og skjer.
Som vanleg, med stor dugnadsvilje,
folk, på land, på dekk,-tofte og
-tilje
tok mange tunge tak,
for å skaffe midlar til den gode
sak.
Og takka vere alle gilde gåver
frå folk i små og store stover
og durabel sponsing av ymse slag
frå mange firma, organisasjonar og
lag,
var, etter som tida skreid,
mykje stress og gratisarbeid,
endeleg hindringane passert
for å få ein slik båt stasjonert.
Oppslutnaden har berre økt og økt,
frivillige med stor erfaring og
kløkt
har meldt seg til teneste på båten
i slike mengder at dei på den måten
har sikra snøgg utrykning og god
drift
frå 5 stader med kvar sitt
mannskapskift.
Alminiumsbåten no duvar solid, blank
og fin,
redningsmerke og nasjonalfargar
glitrar og skin.
Dei som til ei kvar tid ansvaret har
vil halda han stroken og klar,
både til mannskapet skal øve
og når dei verkeleg vert sett på
prøve.
Med 630 spreke hestar ombord
blir kontrollen god og farten stor,
heile trettifire knop
kan han nå på topp.
Kraftige pumper me veit han har,
hjartestartar og anna moderne
inventar,
den nyaste båten
i heile redningsflåten,
det beste ein i dag kan få
av tryggleik på bylgja blå.
Ide og motiv for namn låg ganske
nær,
kva var meir naturleg enn R/S
”Utvær” ?
Den faste, sikre fyrstasjon
som gav sjøfolk kraft og von
i generasjon etter generasjon,
leia skuter med sine signal
gjennom stormnetter i tusental,
trygt, traust og tungt
her på Noreg sitt vestlegaste punkt
framleis i sogesusen står,
- mange varme tankar får.
Ro og tryggleik den nye båten gjev
oss,
takksemd strøymer som ein foss,
alle som var med og fekk dette til
me hjarteleg takke og hylle vil !
Me ynskjer selskapet hell og vokster
får
framover i gode komande år.
Måtte også lukka båt og mannskap
fylgje
til kvar ei tid, over kvar ei bylgje
!
150504.
|