| |
RIM
HUSMORA
Du går og steller i ditt hus,
det du gjer følest så smått
målt mot den blest og sus
folk i andre yrker har fått.
Media fortel om stjerner store,
skildrar i alvor og skjemt,
rosa blir ting dei sa og gjorde
-ei vanleg husmor aldri nemnt.
Tenkjer me oss litt om –
kven er eigentleg stor?
Alle til verda kom,
ja, nettopp, ved ei mor.
Neppe meir elska er
nokon på livsens veg,
neppe meir viktige her,
enn mødre som deg.
Borna fram du bar,
stell og føde du dei ga,
mamma første ordet var,
-første steg mot deg dei la. |
Du saftar og syltar bær,
bakar, steiker og kokar,
syr, vaskar, fiksar kler,
støvsug i krær og krokar.
Lærdom du borna gjev
der du syng, les og fortel,
løn du får for ditt strev
når det går dei vel.
Ting som skapte lukke sann
du gøymde og gav oss del i,
gullkorn av barnemunn rann,
- skulle glimesteinar i livet bli.
Du sende med oss på ferda
ein visdom sunn og god,
ei bør som er lett å bera
- dagleg me brukar av ho.
Alltid ved sida ho stod
trufaste, kjærlege mor,
me ser klårt i vårt minne no,
- ho var verkeleg stor! |
HARSELAS
Noreg er eit kongerike
fastsler Grunnlova vår,
og i spissen for slike
naturleg ein konge står.
Landet, folket og fridom,
kongen og hans slekt,
nordmenn æra og verna om
med ihug, elsk og respekt. |
Når NRK program sender
der kongen til lått vert gjort,
slik det titt diverre hender,
ergrar det mange stort.
På kongebesøk set me stor pris,
ved sorg, og på gledens dag,
syner me takksemd på rette vis
med harselas i simple ordelag ? |
KJÆRE VÅR
Takk kjære vår
for at du kom i går !
Varm sol
bestefar i jyngestol
på sin veranda
med koppen i handa,
hane som gjel,
katt som mel,
måseskrik og rabalder,
grågåsskvalder,
humler susar,
bekken brusar,
orren kurlar i kollen,
graset gror på vollen,
reir i tretoppar,
svulmande knoppar,
mjuke kroppar,
varme sansar,
lam som dansar,
liv i li og hei,
barneleik på vei,
-snart 17. mai ! |
KLIMA
Folk druknar i flaumar,
sola brenn buskar og strå,
mennesker lever i traumar,
ottast kor det med kloden vil gå.
Ozonlaget minkar ustanseleg,
temperaturen han går opp,
stadig vind og regnver på veg,
eller sol som skin utan stopp.
Regnskogen vert hoggen ned,
ureininga aukar i stor fart,
at noko no må skje
skjønar me etter kvart. |
Men framleis i kvar vår bil,
stilfull, mjuk og god,
me susar avgarde mil etter mil,
eller står i kø og spyr ut CO 2.
Til å redda livet på vår jord
har politikarane vilje sterk,
i tillegg til vilje og fagre ord
må nye tiltak bli sett i
verk.
Kunne litt meir til samferdsel gå
av alt me ser til ”fondet” fløyme
og me slike kollektivtilbod få
at folk mot rutene vil strøyme ? |
Ja då ville me mykje vinne,
betre luft, ferre i ulukker miste,
samhald og fellesskap finne,
- folkegrupper saman riste. |
MANGEL PÅ MIDLAR
I dei gamle, gode tider
låg det ein stor, veldriven gard
her under desse historiske lier
der kommunen kontorbygg har.
Graset grodde saftig på voll,
roser og frukttre i hagen vaks,
åkrar gav avling i rikeleg foll,
rug og havre med bognande aks. |
Angande, nyslegen myr
der høyet for ljåen fall,
buskap med staslege dyr,
rein og triveleg fjøs og stall.
Tenestefolka omsorg synte
for husbonden sine hus og jord,
kvart ugras i hage og åker tynte,
skapte eit mønsterbruk ved vår
fjord. |
Der husa på garden er blitt
vekke,
står det fine kontorbygget no
åleine,
synd at budsjettet ikkje skal
rekke
til å halda blomebeda rundt det reine. |
SAMORDNING
Ved den sæle start
synest livet lyst og langt,
men kan nok etter kvart
følest både tungt og trangt.
Til folketrygdpensjon ifrå
staten,
dei trekkjer inn midlar, tel
poeng,
ordninga vil sikre deg maten
og alt du i alderdomen treng.
Når arbeidslivet tek slutt
omsider,
må mange på vanane snu,
ektepar får enno trangare tider
når begge fyller sekstisju. |
Er det ein naturleg ting
at med den heilage ektepakt
fylgjer ei nådelaus samordning
utan omsyn til det som er trakt ?
Det å få redusert sin pensjon
er mest som å bli straffa
for at du i sømeleg tru og von
landet arbeidskraft skaffa.
At einslege god pensjon må få
som takk for sitt strev er klart,
burde ektefolk likevel oppnå
trygd i pakt med det dei har
spart ? |
Om feite fond og rikdom enorm
fører til at me andre reglar får
sjå
i komande ny pensjonsreform
- det lurer me på. |
TRASTA
Under tre og buskar
over alt i hagen,
traster riv og ruskar,
strevar heile dagen. |
Dei leitar etter føde
til ungeflokken sin,
samlar av den grøde
dei på bakken finn. |
At trasta slit er visst,
det gjer også menneske,
men ho blir aldri pensjonist
slik som me. |
BYTUR
Den 10.3.1990
I dag var eg i byen igjen
og kjøpte ny kulepenn.
Det var ein god dag,
full av velbehag,
mjukt i slapset å vasse,
veta var akkurat passe
til å laga så mykje søle
at me får varme føter kjøle,
- og bli passeleg støle.
Regnet hjelpte oss utan stopp
slik at me ikkje turka opp.
Sjølv om trua på meteorologane brast
står det likevel fast
at me hadde ein hyggeleg tur,
ingen var sur
og slett ikkje stur.
Me hadde beste skyssen fom fins,
«Sognekongen» og «Fjordprins».
Velvilje ombord oss møter,
ovnen i vinduet turka våre føter.
Medan me susar over sjø
me et vårt brød,
drikk vår kaffi,
høyrer nytt om Gadaffi,
finn roande musikk
i god akustikk,
tek på fjernsyn ein titt,
strekkjer beina litt,
pratar med nokon me kjenner,
skaffar oss nye venner.
Ut over fjorden me kjem til å glo,
kva ser me no,
ein tresko ?
Skal me han berge ?
Å, nei det er ei ferge.
Er det verkeleg enno folk som reiser
i bil,
stressar avgarde mil etter mil
på sleipe og glatte veie
når det finst måtar som er mykje
meir greie ?
Tenk ta seg fram på slike tungvindte
måtar
når man kan nytte snøgge,
komfortable båtar !
Der kan me reise til og frå Sogn
i ein atmosfære lun og logn
med oppvartning frå servicevogn
av smilande, blide sognejenter
som med maten og kaffien venter.
Dei bringer og henter
som i eit servicesenter.
Brått ser me kjende holmar og skjer.
Me veit kvar me er,
temmeleg nær
ein vakker, tradisjonsrik stad
som også gjorde vikingane glad.
Det er avslappande å reisa på denne
måten,
- bruk snøggbåten !
Reis åleine, reis i lag,
båten går kvar einaste dag.
Behageleg og fint,
og ganske svint,
gjev han deg ein hyggeleg tur,
og kvelden kan du opplagt nyte der
du bur.
|
| |
Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø
Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto:
L.H.
Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.
Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.
Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa
av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.
|