JOLETRE
Ei ungfure oppe på Løypingåsen stod,
ho var vakker, - utsikta var god,
dei rette former på rett stad
syntest så vel ved soleglad,
ho, og andre der i reinene,
vinka smidig med dei mjuke greinene.
Ho, som så mange andre unge tre,
drøymde om å få bli noko anna enn
ved.
Dei gamle uttørka furene der omkring
rødde om so mange underlege ting,
fantaserte gjorde mange av dei ho
drøste med
om kor gjevt det måtte vera å få bli
joletre.
Men det var vanskeleg å oppnå slik
lukke i verda,
det var nok helst grantrea som fekk
den æra,
det sa dei gamle med erfaring og
forstand,
- sånn var det berre blitt her i
vårt land.
Ho skotta på nokre graner lenger ute
i åsen,
dei såg noko hovne ut der dei stod i
den grå mosen.
Vakre måtte ho erkjenne at dei var,
men syntest å merke litt gulnande
bar,
og dei tyktest nokso stive der dei
stod,
med ei overlegen mine og greinene
mest i ro.
Med tendens alt no til gulnande
nåler
dei neppe lang tid i ei varm stove
tåler.
At furenåler som er meir saftige og
grøne
varer mykje lenger burde folk
skjøne.
Tenk om ho, ungfura, kunne blitt
joletre,
stått midt i sangen om jolefred
i bestestova på jolekvelden,
i skin og varme frå åreelden,
fått glitra i glansen frå lysa
i staden for her hutra og frysa,
ned mellom greinene kike
på pakkar spanande og fargerike,
på born som på golvet låg
og leika med bil og tog.
Litt ovanfor, på ein liten skrent,
stod ei anna ungfure like spent,
hennar tankar gjekk nok same veg
der ho mot månen strakte seg.
Hauststormane trea skakar og ristar,
reinskar bort visne nåler og
kvistar,
og så fell snøen mjuk og lett,
fura står som ei brur, kvit og nett.
Som snøggast mot skrenten ho såg,
jammen var ho fin ho der oppe og,
og granene tok seg uforskamma godt
ut
der dei stakk seg fram på ein nut.
Ein gut, sprek med lett ganglag
i varmedress og med bogesag,
i snøen opp på åsen kom,
stogga og såg seg om,
mønstra trea opp og ned,
tydeleg han var ute etter joletre.
Ungfura kvakk til,
tru kven han velje vil ?
Ho var ikkje sein,
vinka med kvar grein,
men det var som dei ikkje heilt
ville,
snøen var blitt tung og lufta
stille.
Ho syner fram konglene ho i bringa
ber,
utan at det synleg inntrykk på han
gjer.
Mot systrene ho i snøen ser hans
fotefar,
det er nok dei som største sjansen
har.
Ho tok mot skrenten ein titt,
fura der gjorde også sitt,
framheva sine beste trekk,
frodig og frekk.
Granene borti skogbrynet
briska seg i himmelsynet
kvar ei, stolt og kry,
sette toppen rett i sky.
Men drag på guten
dei der på nuten
tydelegvis ikkje hadde,
mellom furene han i snøen vadde.
Det var som ho av rota hoppa
då framfor henne han stoppa.
Men ho på skrenten, freidig og
velskapt
hadde så visst ikkje tenkt å gje
tapt.
Ho hadde litt hjelp av eit vinddrag
og ho,
der oppe stod nok ikkje lufta så
heilt i ro.
Ho letta på greinene, nesten blotta
seg,
og guten dit bort la sin veg,
men greinene fort datt
då ho såg han gå tilbake att.
Ungfura lukkeleg som ei huldre
såg han tok bogen av sine skuldre,
ho følte saga inn i den mjuke veden
skar,
varme og glede fyllte greiner og
bar,
kjensla av bladet sitt sterke stål
kila i margen og ut i den ytterste
nål.
Snart ho i snøen landa,
kjende den faste, varme handa
føre ho nedover lia
medan ho heile tida
drøymde i full tenning
og sitrande spenning
om det som skulle skje,
- ho var på veg til å bli joletre,
skulle hos guten og familien hans
stå i glede og stråleglans.
Ho fekk ein kross på foten,
ein fin-fin ein av siste moten,
og før ho rett sansa seg ho stod
i ei stove rein, varm og god.
Glade blikk borna henne sender
og mange ivrige barnehender
fyller greinene med kuler av glas,
glitter og masse anna stas,
på ingen ting blei det spart,
- å kor fin ho vart !
Ho gledde seg mest av alt
til det som storfura hadde fortalt
om små strålande lys i fargar reine
som tindra på joletrea sine grøne
greine.
Og så hende nettopp det
som ho håpa skulle skje,
inn kom ein pakke stor
full av kvite pinnar på ei snor
og det var som borken ville bresta
då ein mann alt til greinene festa.
I toppen måtte han nokre nåler
fjerne
for å få fast ei vakker blank
stjerne.
Snora la han ned etter treleggen,
stakk snorenden inn i veggen
og brått stråla lysa over heile
henne,
- større sæle kan vel ei fure aldri
kjenne !
Stjerna i toppen ho blinka klår og
rein
lik dei som over Løypingåsen funkla
og skein,
lysa var blanke, grøne, raude og
gule,
- lukka var uråd å skjule.
Ved foten legg borna store og små
pakkar
medan dei undrar seg, pludrar og
snakkar,
når pakkane vert opna dei jublar og
skrålar,
joletreet som eit midtpunkt lyser og
strålar,
frydar seg dagen lang
i leik og vakker sang,
blenkjer som sjølve sola
gjennom heile jola.
Jolefeiringa tok slutt omsider,
ungfura fekk tyngre tider,
etter kvart ho følte seg sliten og
trøtt,
baret vart stadig meir tørt og
sprøtt,
ho tolde mindre og mindre leik og
mas,
bleikna mest bort i all sin gylne
stas.
Til slutt var ho så heilt forsynt
av smiger, fest, glans og pynt
at det tyktest godt å koma i
kjellaren ned,
la greinene bli til tvorer, leggen
til ved,
og nålene til strø under Dagros på
båsen,
men sjela sende ho med røyken oppatt
i åsen.
I tvorene, fem små og ei stor,
lever fura vidare på jord
og i Løypingåsen sjela vil
for alltid halde til.
Der ho stilt mellom furene sviv
og fortel om sitt forvitnelege liv.
|