JULEFERIE
No er jula her snart,
alt i kveld får ho sin start,
når born og svigerborn kjem
og borneborn med kos og klem.
Hender vinkar i takt,
landgang frå båten vert lagt,
augo dei tindrar,
og ingen ting hindrar
foten liten, lett og snar,
ila over kaia mot bestefar
som ventar med sin gamle bil
og tek imot med klapp og smil.
Så ber det, nett som ifjor,
til hjarteleg velkomst hos bestemor.
I stova, varm og god
glad med maten ventar ho.
Å kor godt det smaka,
og alt som ho har baka !
Og slik som ho har pynta då !
Det skin i kvar ei krå.
Ungane kan ikkje styre seg,
i heile huset rundt dei dreg,
kvar krok kjenner dei att,
veit kvar dei skal sove i natt.
Dei skal i 14 fine feriedagar
nyta maten bestemor lagar,
lyda til soger om fuglar og dyr,
huldrer, nissar og spanande eventyr,
høyra bodskapet om guten som
julekvelden til frelse for menneska
kom,
om hyrdingar og om vise menn som
kjem
med røykelse og myrra til barnet i
Betlehem.
Dei gler seg også til å få vera med
bestefar i skogen etter juletre.
Og pynta treet vil dei svært så
gjerne
med lys, glitter og ei vakker
stjerne.
Mange pakkar, store og små,
dei håpefulle ventar på.
Dei pratar seg varme og håplaust
spente,
ser mest inga råd med å vente !
Men med leik og spel dagane gjekk
og så mykje kjekt dei oppleva fekk
at tida faktisk fauk av garde,
så slett ikkje lenge det varde
før kvelden kom
med alt det dei drøymde om.
Med fine festklede
i fryd og glede
familien seg sessa
i kyrkja på julemessa
til djup, malmfull klokkeklang,
gode ord, musikk og sang.
Heime festbordet med lys og stas,
etter at bestefar evangeliet las,
baud massevis av framifrå julemat
på betemor sine aller finaste fat.
I stor spenning alle fram dei såg
mot opning av pakkane som under
treet låg.
Og her kom det fram dei underlegaste
ting,
tog som på skjener gjekk i ring,
bilar som kunne styrast omkring,
med revers og sving,
dyr og fuglar, nissar som dansa og
lo,
nyttige reiskap, gromme klede og
sko.
Nissen kom også på besøk
med mykje lått, song og spøk.
Ja, det vart litt av eit liv
og eit tidsfordriv
også i dagane framover,
både i og utanfor bestemor sine
stover.
Om sider tok julefesten slutt.
Etter nyttåret sin sprakande salutt
små og store måtte julegåvene pakke,
for ein hyggeleg juleferie takke,
og så ein kveld reisa på same måten
som dei kom - med ekspressbåten.
Dei gamle vinkande på tunet står,
ynskjer god tur og vel møtt neste
år.
I huset vart det så stille
at ein kunne høyre ei tåre trille.
|