BERNT STENDAL
Flagg i raudt, kvitt og blått,
vaiar sakte i den fallande snøen,
fnugg, som tårer, kjem stille og
vått,
brisen audmjukt krusar sjøen.
I dag bygda seier ein av sine
farvel,
ein ven som hjelpsam til teneste
stod,
tagale folket i sorga og saknet tek
del,
også naturen sturer, grå og dyster,
no.
Sjølv om han var gamal og me visste
at hans helse var blitt uboteleg
skral,
me alle i dag er vemodige og triste
ved avskjeden med Bernt Stendal.
Av gode minner vår hug er stinn,
mykje takksemd og glede har me følt,
i båt, bil, hus, mest over alt, me
finn
ting som han har laga eller vølt.
Med mange problem me til Stendalen
gjekk,
praktiske og gode løysingar han
fann,
av hans hage hender framifrå hjelp
me fekk,
me kjem nok ofte til å sakne han.
Også Aslaug me varme tankar sender,
som hans trufaste støtte og hjelpar
god
ho stelte heimen med milde, mjuke
hender,
me helsar og ynskjer alt godt for
ho.
Gilde minner me alle dagleg kan gle
oss ved,
spiret Bernt laga og gav til kyrkja
vår,
som gåve han også laga det vakre
smijernshandre
som ved inngangen på nordsida av
kyrkja står.
I kjellaren er verkstaden tom og
still,
verktøy og reiskap er lagde ned,
tause er høvel, sag, bor og drill,
slitne armar har funne ro og fred.
Dine krav var små, dine tenester
store,
di framferd stille, dine ord vare og
linne,
me takkar for alt du gav, var og
gjorde
og ynskjer fred med ditt gode minne.
|