ETTERORD
Tre ungdomar drukna
i Brandangersundet våren 1987.
Ein vond dag er omme,
me føler oss nedfor og tomme,
tankane er triste og tunge,
bygda har mist tre av sine unge.
Knust som ei styrta borg,
står bygdesamfunnet i sorg.
Tre kister i kyrkja stod,
tre gutar er borte no,
men i våre minne
vil me dei framleis finne,
der dei lever slik dei var,
-der me dei alltid har.
Med hugen sår,
i tanken klår,.
står me dei syrgjande nær,
me veit kor tungt dette er.
Flagg på halv stong,
halsen tørr og trong,
-blomsterflor,
sorga er stor.
Regnet rislar og let,
-sjølv himmelen gret.
Ufatteleg det som hende,
men lyset gutane tende,
strålar ut vil sende
som varmar mor og far,
-minner om det dei var,
gleda dei til heimen bar.
Gode minner om dei tre
gjev trøyst, ro og fred.
|