Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

INNLEIING

 

Segna seier at då kong Olav skulle døypa folket på Gulatinget var sygnene så hardbalne at dei spente fatet or hendene på bisp Grimkjell. Dette ville ikkje kongen vita noko av så difor let han hogga til ein døypefont av stein. Steinen er forma som ein terning med sider på om lag 60 cm og med ei uthogd hole på toppen. Denne døypefonten kunne dei ikkje spenna vekk. Han vart seinare sett inn i kyrkja der han framleis står og vert brukt som døypefont den dag i dag.

Det er denne, andre segner og tradisjonar og ting som har føregått i bygda vår eg har tenkt å dela med deg om du finn det bryet verdt å lese vidare i denne heimesida. Frå mange har eg vorte oppmoda om å skrive ned det eg har høyrt, og elles fått kjennskap til, om Eivindvik, og det er det eg her har prøvt å gjera.

Eivindvik sett ifrå Fonnøya 1938. Foto: Ukjent.

Eg har nok skrive litt kort om mange ting, kanskje litt telegramstil her og der, men det er for, i store  trekk, å få samle mest mogeleg av det eg har lese og fått fortalt om staden og samstundes få med litt om hendingar i seinare tid som me som bur her no sjølve har opplevd. Om stoffet er historisk rett kan eg ikkje stå inne for, men eg har lagt vekt på å ta med berre ting der eg kan visa til kjeldene. Litt av prologane og rima mine har eg også teke med.

Midtunvågen i Eivindvik rundt 1958. Foto: Ukjent.

 

 

Du stille lune Eivindvik,

du bygd langs sund og våg,

du gjer oss alle glad og rik,

- den venaste me såg.

 

Området ved kyrkja, år 2000, sett frå Fonnevika. Foto: Knut Laasbye.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.