Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE VITJINGAR

 

HENRIK WERGELAND   IVAR ÅSEN   P.CHR.ASBJØRNSEN   ANNA ELISABETH WESTERLUND   SHETLANDSFARARANE   BERGE VIKING   SKULESKIPET SØRLANDET   CUTTY SARK   RAGNAR THORSETH

 

HENRIK WERGELAND

Sommaren 1832 var Henrik Wergeland på tur på Vestlandet. Han kom over fjellet frå Austlandet, reiste ut Sognefjorden og vidare sørover. Han stogga her ei tid som gjest hos prost Dahl og vart svært imponert over prosten og alt han hadde fått utført her. Etterpå skreiv han sitt kjende dikt “Eivindvig” som han sende til Dahl. Det er nok ikkje mange som har fått eit slikt fint og mektig hyllingsdikt som takk. Diktet syner kva kjensler Werge­land, vår folkekjære diktar, fekk for Dahl, og la det også stå som uttrykk for vår takk til denne heidersmannen.

Som kjent hadde Wergeland røter frå Verkland. Torolv Solheim har i si bok “Ei strilekrønike”, 1978, s. 110, sagt at bestefaren til Nikolai Wergeland vart døypt i Eivindvik kyrkje 1. nyttårsdag i 1725. På side 112 i boka seier han og at Wergeland var i slekt med klokkarkona i Eivindvik. Her er det fine diktet, sitert frå bygdeboka:

 

EIVINDVIG

Ned med Seilet! Ind fra Havet! For at øve Mandestyrke,
Ind hvor under Sæd begravet, lære Adamsbarn at dyrke
drømmer stille Eivindvig! Eden frem af golde Jord,
Ind at see , om Rug og Havre Herren Eivindvigen skabte
tør på Fjeldets Branter klavre til et Skjær, hvor Bølgen skrabte
uden at forkjøle sig! af hvert dristigt Foraars Spor.
   
Der bag Roser Maagen bygger. Sjeleild mod Elementer!
Rugen i Morellens Skygger Ædle Promethider henter
triner kjæk og kront på Myr. ifra eder selv den Kraft,
Som et Solskin Bygget blinker, som befaler Hav at logre,
men derover Heien synker tømmer Tordenskyens Koggre,
lummer Vellugtnat fra Fyrr. kløver Fjeldene som Taft.
   
Gaaer den Husbond graa i Døden, Byd, du Sjel! Naturen taber,
bag ham Kløver-morgenrøden, Eivindvigens anden Skaber
som han skabte, skinner klar. triner under sin Tropæ:
Gaaer din Sjel til sidste Stjernen, Abildgaardens hvide Fane,
Sommervinden i Lucernen, mens i Plovens Seiersbane
Dahl, skal synge hvad du var. Axet bøier tusind Knæ.
   
Skjule maatte sig jo Stranden, Medens Svarte Myr forgyldes,
blank og bar som Munkepanden, Templet - hør! - af Toner fyldes.
for den stærke Jesupræst. Det er Englevingers Klang,
Gyldne Haver ham af Haanden, dem han ud af Kofter spiler:
Lysets Straaler ham af Aanden Brød af Steen og Aand af Striler

gaae fra Eid til Sognefest.

Dahl i Eivindvigen tvang.

 

IVAR ÅSEN

Under si gransking av det norske språket var Ivar Åsen her i 1843. Han likte seg svært godt her. I eit brev av 11.6.1843, som er skrive i Bergen, til ein ven, seier han at han vart i Eivind­vik lengre enn han hadde tenkt, “... jeg var der nemlig i otte Uger, de to første i provst Dahls Hus, hvor jeg hadde god anledning til at benytte islandske Bøger; de sex sidste Uger var jeg hos en Bonde i Nærheden af Præstegaarden.” Dette brevet står i “Aasen - brev og dagbøker I” av Reidar Djupedal, s. 68-71. Lenger nede i brevet står det: “I Eivindvig befandt jeg mig meget vel, og jeg har hidtildags ingensteds funnet mig saa vel tilfreds som der.” Grunnen til det, skriv han, “var de gode Betjentskaber, som jeg der havde.” Dahl viste stor interesse for arbeidet hans. I tillegg til skrifter på gamalnorsk fekk han hos Dahl låne Haldorsons islandske ordbok. Han nemner også ein “Candidat Foss” som oppheld seg i prestegarden, “men det fortroligste Bekjentskab havde jeg med en Studerende, Niels Alstrup”, bondeson frå distriktet, som i lengre tid hadde fått undervisning av Dahl og var oppkalla etter han, “og som nu i Sommer skal til Universi­tetet”.  Dette var son til kyrkjesongar Anders Furenæs som budde i Fonnevik. Han var lærar saman med faren frå han var 12 til 15 år, og sidan på eiga hand til han var 22  (jfr. bygdeboka vedk. Fonnevik). Han tok til med prestestudie i 1843, fekk eksamen i 1850 og var hos Dahl ei tid. I 1852 vart han vald til ordførar, men flytte alt i 1853 til Bergen.

Åsen nemner også ein  “Skoleholder Niels Clausen” som han hadde dagleg omgang med på garden der han budde. Dette var son til Claus Jørgensen (Ytre Midtun), og er, så vidt eg kan sjå, den same som den  “skolelærer Niels Klausen” som på formannskapsmøte 15.1.1838 vart tilsett som kasserar og rekneskapsførar ved  “Skole og Fattigvæsenet.” Han skulle arbeida under faren (Claus Jørgensen) sitt ansvar “indtil han har oppnaatt de fulde 25 aar”. Claus Jørgensen flytta, iflg. bygdeboka, til Åmdalsvik i 1819.

Om arbeidet til rekneskapsføraren står det vidare i protokollen frå formannskapsmøtet: “Regnskaberne bør han under den hidtil lovbestemte mulkt være aflagdte og forfattede i lovlig form samt til Formannskabet indleverede, inden Marti maaneds udgang.”  Som revisorar vart oppnemnde for “dette aar” lensmann Ole Jensen Utvær skipsreide og “Annekskirkesanger Torkild Jensen”.

Av dei som var med på møtet er det berre Dahl, Furenæs og C. Jørgensen som har skrive under eigenhendig, dei andre har underteikna med “påholden pen”. Dette er vel det fyrste opptak til ordninga med kommunekasserar?

Ein annan som Åsen hadde mykje samkvem med her, var Henrik Johnsen, kontorist hos Dahl. Johnsen vart seinare handelsbetjent i Bergen, og Åsen skriv at av vener i Bergen, den tid han oppheldt seg der, var Johnsen “min Fortroligste”.

Ole J. Midtun har fortalt meg, etter bestefar sin, Ola Jørgensen Midtun, at garden der Åsen budde då han var her, var bnr. 3 på Undertun. At det var på Undertun er også nemnt i dei ovafor nemnde bøkene til Djupedal.

Åsen budde i prestegarden i tida 20. mars til 3. april 1843, og så på Undertun til han reiste herfrå 13. mai same år. I dagboka si for 8. mai skriv han at han tok “Søbad”.

Etter at Åsen var reist, hadde han framleis samband med venene sine her, både gjennom brev og ved personlege møter i Bergen og andre stader i landet.

Alstrup møtte han mange gonger i Oslo, m.a. var Åsen hos han fleire nyttårskvelder. I dagboka for 30.10.1865 står:”Afsked med Alstrup”. Dette må ha vore då Alstrup reiste til Namsos, der han vart sokneprest i 1865. Seinare var han sokneprest i Snåsa.

Eg vil ta med eit avsnitt til frå Åsen sitt brev: “Da Eivindvigs Almue ellers Udmerker sig ved Oplysning og Sædlighed (for en stor Deel en Frugt af Provst Dahls udholdende Virksomhed for denne Sag, der tildels har gaaet til Yderlighed og paadraget ham flere Ubehageligheder), saa var mit Ophold i dette Distrikt det behageligste, jeg siden Reisens Begyndelse har havt; ligesom ogsaa mine Undersøgelser her bleve meget lettede;det er desværre ikke mangesteds man treffer Bekjendtskaber, hvoraf man kan have nogen Hjelp i den Henseende.”

I dagboka frå tida etter han reiste, skriv Åsen ein dag at han var komen “...i en uhyggelig Sindsstemning; saa meget mere som jeg nu var vant til en meget behagelig Omgang i Evindvig, hvor adskillige Sammenkomster med Provst Dahl, Kandidat Foss og Student Alstrup, samt daglig Omgang med Skoleholder Clausen og flere muntre skikkelige Folk havde gjort mitt Opphold der overmaade behageligt”.

 

PETER CHRISTIAN ASBJØRNSEN

I tidlegare nemnde bok, “Ei strilekrønike”, skriv Torolv Solheim, s. 90, jfr. s. 150, at P. Chr. Asbjørnsen, ein sommarkveld i 1855 kosa seg med bål i Eivindvik, og lydde til soger av “Bård i Skuggen” om yndlingstemaet - strilane. Noko meir om Asbjørnsen, den store  folkeeventyrsamlaren, si vitjing har eg ikkje høyrt. Heller ikkje har eg funne ut kven “Bård i Skuggen” var, eller kvar han budde, men i “Norske Folkeeventyr II”, på s. 523 og utover, skriv Asbjørnsen i  “Fra Sognefjorden” ein god del om denne fargerike skysskaren. Bård må ha vore sogning for Asbjørnsen skriv at han fortalde på  “sitt vakre, klingende sognemål”. Bård  “kjente alle, og alle kjente ham. “

 

ANNA ELISABETH WESTERLUND

Som tidlegare nemnt var den synske Anna Elisabeth Westerlund her i 1983. Opptaket til hennar vitjing vart gjort ved at Ivar Henriksbø fekk kjennskap til at ho andre stader hadde “sett” frå sogetida. Han meinte at eg kunne kontakte ho og få henne hit for å “sjå” på dette med Gulatinget si plassering, og etter vedtak i Gulen formannskap kom ho onsdag 6. april 1983. Ho var her til mandag 11. april. Bladet “Allers” hadde grundig referat ved journalist Øyvind Kjølberg, i nr. 25 for 1983. Mange aviser hadde også journalistar her og skreiv om dette. NRK var her også.

Sjølv om ein del av stoffet frå meldinga til formannskapet etter vitjinga hennar er brukt ymse stader framanfor, synest eg det er best å ta med her alt som i meldinga er å sjå som referat frå opphaldet.

Torsdag 7.4. var ho, saman med folk frå formannskapet, kulturs­tyret, journalistar og andre, på synfaring i Eivindvik og på Flolid. Laurdag 9.4. var ho på Stemnebø. Ho budde på Eivindvik Vertshus og der heldt ho “ope hus”, der ho svarde på spørsmål, kvar kveld. Under opphaldet vart, i tillegg til dei alt nemnde, også andre mogelege stader kor Gulatinget kunne ha vore helde, trekte fram og drøfta.

Alt før ho reiste frå Oslo såg ho biletet av Gulatingstaden klårt for seg. På vegen hit, medan dei venta på ferja i Leirvåg i Lindås, teikna ho inntrykket ned i ei skisse på teikneblokka si. Kort etter at dei kom på land og var på veg nordover i Gulen “såg” ho at dei nærma seg rette staden. “Bak fjellet der”, sa ho og peika nordover. Då ho kom fram til der vegen svinga slik at fjellformasjonane over Eivindvik kom til syne såg ho straks at formasjonane høvde med det biletet ho hadde inni seg, og med skissa. Sjåføren (journalist Kjølberg) måtte stogga bilen og ho såg at her “bak haugen over sundet” (Kirkeneset) var rette tingstaden.

Ho hadde mange detaljar om staden, m.a. “såg” ho i området ein veg, som var forma i eit slags boge, men enda i ein rett strekning, ho “såg” vidare ei form for steinstøtte, ei kjelde, elvar, eitkvart av jern som stod eller delvis slang der, eit raudt hus var nær ved, eit gjel som førde frå fjellet og ned til tingstaden var der og. Ikkje langt unna “såg” ho sjø,  og kaiar som liksom gjekk mot einannan, og kaiar med uregelrett form. Utanfor låg ei øy. Ho snakka også om andre bygningar i området. Det var utruleg korleis detaljane stemde med staden ute ved kontorbygget til kommunen. Vegen er vegen bort til tidlegare prestebustaden, som ganske riktig endar i ein rett strekning. Steinstøtta er krossen i Krossteigen, kjelda kjenner me som Olavskjelda, elv går der, ei (no delvis i røyr) rett framfor staden og ei litt lenger vest, på austsida av gamleheimen, jernsynet hadde samanheng med eit strenggjerde som delvis låg nede. Det raude huset var der også, stabburet ved tidlegare prestebustad.

 

Synfaringa

Under synfaringa køyrde me fyrst inn til svingen ovanfor idrettsplassen. Det var der dei stogga bilen då dei kom. Ho fylgde så “synet” sitt utover. I området ved gamle kommunehuset stansa ho bilen og der stemnde “biletet” med kaiane framifrå. I tillegg svarar forma på d/s-kaien til det ho hadde sagt om uregelrett utforming.

Ho var ikkje i tvil om at det opprinnelege Gulatinget stod i området nedunder krossen der kommunen sitt kontorbygg no ligg. Her er fyrste staden for eit rettsapparat. Det var her tinget som overlevde, og gav tinget sitt namn, stod.

I området har det også vore elgamal blote- og offerstad. Ho var så sikker i si sak at ho meinte det, for lokaliseringa sin del, var uturvande med vidare synfaring. Ingen annan stad kunne stemma så fullstendig med detaljane i synet.

Frå Krossteigen gjekk turen til Flolid. Her har også vore gamal blote- og samlingsstad. Samlingane der var i samband med blotinga og bar preg av krangel og oppgjer med neverett. Truleg var her eit slags straffestad der lokalbefolkningen avgjorde trette ved hjelp av makt. Samlingane var svært lokalprega og verksenda opphøyrde omlag år 1100 då blotingstida tok slutt. Samlingane hadde ikkje noko med jus og rettsvesen å gjera. Gulatinget har ikkje vore halde her.

I tillegg til at me var på staden som no vert kalla Tingvollane vart ho sterkt oppmoda til å gå rundt og sjå på andre stader som kunne vera aktuelle tingstader på Flolid, men ho kunne ikkje sjå at nokon av desse stadane hadde noko med Gulatinget å gjera.

Den 9. april var Westerlund på Stemnebø. Under synfaringa, i ein avslappa atmosfære, var det svært interessant å rusle rundt med Westerlund og lyda på det ho fortalde om staden der og i ro og mak konsentrerte seg om sitt “syn”.

Før me reiste utover hadde ho teikna ei skisse av det området som var aktuelt i hennar bilete av sogehendingane der. Det mest markerte i hennar landskapsbilete var ei kløft i terrenget, frå fjellet og ned mot sjøen. Ho sa på førehand at ho såg mykje jernskrap som var plassert omkring. På sjøen framom plassen hadde det i gamal tid vore mykje båttrafikk og her hadde vore viktig militær aktivitet. Her hadde vore vaktstasjon, også med varde­vakt.

Då me kom fram og gjekk austetter langs stranda forklarde ho kor det før hadde stått bygningar, noko som kjentmann, Otto Stemne­bø, kunne stadfesta. Jernskrap låg spreidd utover. På ein voll, litt opp frå sjøen, “såg” ho at det hadde føregått drap. Inntrengarar kom og vaktmannskapa fann ikkje annan utveg enn å stikka dei ned. Myra nede ved sjøen låg då under vatn. I haugen, vest for vika, var det gamle graver. Dette med gamle graver vart også stadfesta av kjentmannen. Bror hans hadde for lang tid sidan funne graver der.

Haugen ned mot sjøen var tidlegare ei lita halvøy og der låg vaktpostar, men største aktiviteten “fann” ho oppetter den tidlegare nemnde kløfta i terrenget. Her budde vaktmannskapa i kortare periodar. Dei hadde enkle krypinn, hudtelt, men fekk seinare meir permanente, solide hus. Her hadde vore våpensmie i ei utgravd sandhole. Kjentmannen kunne stadfeste at i kløfta var ei utgravd hole i sanden.

I mellomalderen meinte ho at denne vaktposten på Stemnebø hadde utvikla seg til eit fort og det kan finnast leivningar etter dette lengre oppe i kløfta.

Største båttrafikken var på sjøen sør for Stemnebø (Stemnebø­osen), men det var også ein del trafikk på sundet innafor, som går nord-sør (Nyhamarsundet/Folefotsundet), og vaktstasjonen på Stemnebø hadde ansvar for kontrollen. Vaktstasjonen der var viktig “Helt fra Norge ble Norge” som ho sa, og heldt seg som militærstasjon til fram i mellomalderen.

Ho kunne ikkje “sjå” noko som tydde på at det var ting på Stemnebø. Det har ikkje vore avsagt dommar, einaste justis her er den militære når vaktmannskapa måtte gripa inn av tryggleiksgrunnar.

Også andre enn dei no nemnde (Stemnebø, Flolid, Eivindvik) av dei stadene som har vore inne i diskusjonen som eventuelle Gulatingstader  vart, som tidlegare nemnt, trekte fram og drøfta då Westerlund var her, men dei vart alle sett på som uaktuelle.

 

Synet om kyrkjene

Den 8. april var me inne i Gulen kyrkje og såg på døypefonten m.m. (Her var berre Westerlund, journalist Kjølberg og meg tilstades. Kjell Solheim var innom ei kort tid og tok nokre bilete).

Den fyrste kyrkja her kom alt i det 11. århundre, seier Westerlund. Det var ei lita, svært enkelbygd trekyrkje. Der var jordgolv og mest ingen sitjeplassar, folket måtte stå. Taket var også av tre, brune, truleg tjørebreidde, fjøler. Det var ikkje ei stavkyrkje. Kyrkja var svært kald, folk stod inne med mykje kler på seg. Ho hadde ein liten 8-kanta altarring og våpenhus. Døypefonten stod også i denne kyrkja. Westerlund kan ikkje sjå at han har vore nytta til anna enn døypefont.

Den fyrste enkle kyrkja vart ikkje godt motteken av folket. Dei hadde vanskar med å godta den nye trua og dei skadde kyrkja. Kva måte dei gjorde dette på kunne ikkje Westerlund sjå klårt, men kanskje sette dei fyr på henne. Då kyrkja vart øydelagd kom døypefonten ut, vart ikkje påvyrd og kom ikkje inn att i kyrkja før folk, lang tid seinare, fann han att og fekk sans for å nytte han igjen. Døypefonten er svært gamal, truleg frå det 11. århundre. Då han stod i den fyrste, enkle kyrkja vart han nytta som sokkel til ei skål som stod oppi hola i døypefonten, det var ikkje vatn rett i hola. Skåla var truleg av messing og vart seinare uthamra til eit 8-kanta fat. Fatet var dekorert med forer og klasar. Kvar fatet vart av kan ikkje Westerlund seia sikkert. Det kan ha blitt øydelagt i brann, men det ser ut for at det vart stole og selt.

Etter at den fyrste kyrkja vart øydelagd kom det opp ei ny. Også ho var av tre. I denne kyrkja var det oppvarming ved at dei hadde glødande kol i fat av jern. Denne kyrkja vart stelt med og utbetra, jordgolv vart ombytt med tregolv. Ho vart endra etter reformasjonen. Seinare forfall ho meir og meir og vart til slutt i dårleg stand, m.a. kunne Westerlund sjå taket lak. Det vart arbeidd hardt for å få ny kyrkje og til slutt vart kyrkja riven og den kyrkja som står i dag kom i staden. Ho meinar at det har ikkje stått meir enn desse tre kyrkjene her.

Medan me sat i kyrkja fortalde ho ymse om kyrkja, prestane som hadde vore her og deira strid mot ulivnad mellom folket. Enkelte av prestane streva hardt for å høgna moralen, medan andre ikkje tok sin gjerning så alvorleg, levde med og utnytta situasjonen til sin føremun. Dei såg det som eit yrke og prøvde å koma best mogeleg ut av det sjølve. Dei som då tok sitt kall som eit kall og prøvde å få meir orden i tilhøva, vart ofte mislikte fordi folket syntest at dei blanda seg for mykje inn i privatlivet.

Ho tok til å fortelja om ein som ofra mykje og gjekk svært aktivt inn i arbeidet til beste for distriktet. Eg skjøna etter ei stund at det var Niels Griis Alstrup Dahl ho snakka om. Ho kan ikkje “sjå” namn. Då ho hadde fortalt ein del forklarde ho korleis han såg ut. Han hadde spiss nase, samansnurpa munn og var svært lik Hans Nilsen Hauge.

Eg sa at det nede i gamle kommunehuset hang eit bilete som skulle vera av han som ho no tala om, men at det var diskusjon om biletet var av rett person. Eg har nemleg høyrt at dette biletet av Dahl, som den fyrste ordførar i Gulen, var blitt ombytt med bilete av ein annan. Ho ville sjå biletet og sa straks ho såg det at dette var nok rett bilete, og eg må seia at hennar skildring av personen på førehand var godt i samsvar med biletet. Etterpå har eg, av folk som kjenner til korleis Hans Nilsen Hauge såg ut, fått stadfest at biletet er svært likt på han.

Det var gjeve mange gåver til kyrkja, sa Westerlund, m.a. til orgelet og ymse utstyr. Altarduken var gratisarbeid, kanskje gjeven av ein foreining. Ho “såg” flittige hender i arbeid med den. Her fanst også gåver frå kjende personar. To av lysekrunene var det noko særskilt med, dei er ei spesiell gåve. Dette med lysekrunene kunne eg stadfesta, dei to som heng i kyrkjeskipet er, som kjent, personleg gåve frå dronning Maud og kong Håkon VII.

 

Den 3. krossen

Me kom også inn på dette med den 3. krossen. Mange påstår at det har stått 3 krossar i Eivindvik. På spørsmål svarar ho at her har stått 3 krossar. Det som me nemner som den 3. krossen meinar ho var den som kom fyrst. Ho kunne “sjå” at han var litt mindre enn dei 2 andre, var skada og stod litt på skeive. Materialet til denne krossen, som truleg var tilhogd her, kom ikkje så veldig langt her ifrå. Ho peikte i retning nord - litt aust. Dette kan stemme med Hyllestad der det er sagt at liknande steinslag som dei andre krossane er laga av, finst.

Krossen var enklare utførd enn dei to andre, hadde berre rette, firkanta armar, ikkje rundingar eller holer. Då denne krossen kom vakte det sterk motvilje blant folket som var vane med asatrua, og Westerlund meinar at krossen vart utsett for herverk. Seinare vart krossen slegen meir sund og han er nytta i eit bygg - i trapp eller mur. Huset han vart nytta i ligg ikkje langt herfrå (me sat i kyrkja då ho fortalde dette), ho peikte i ein retning som var rett på huset som Alfred Dingen no eig. (Me kunne ikkje sjå huset frå der me var). Huset var gulbrunt på farge sa ho. (Seinare har eg fått opplyst at dette huset tidlegare hadde ein slik farge).

Krossen hadde stått i bakken opp for kyrkjegarden (nedanfor huset til Dingen) og restar av han vil kunne sjåast utvendig i huset meinte ho. Me køyrde opp til huset. Trappa er no støypt inn, men mellom steinane framfor trappa såg me nokre som kan ha vore delar av ein kross.

Dei to krossane som står i dag meinar Westerlund kom frå utlan­det. Ho meinar at det er ikkje så stor skilnad i tid på når dei 3 krossane kom. Truleg var det i 11.århundre og reisinga av dei har med vedtakinga av Kristendomen å gjera.

Westerlund kunne ikkje “sjå” noko særskilt knytt til Olavskjelda, men kjelda har vore der også i sogetida og vore nytta ved tingsetene. Namnet meinar ho kjem av at kong Olav den heilage har leska seg av vatnet der.

Inn under hamarslaget som går aust-vest inn for kjelda meinar ho at det har stått bustader. Der vil ein kunne finna leivningar.

På spørsmål om det kunne finnast noko å grave fram i jorda på staden ho peikte ut som tingstad svara ho at ho ikkje kunne sjå noko no, men der hadde i området lege eit stort bord av tre. Det var også kubbar til å sitja på ved bordet. I området har det også vore offersteinar.

 

Dei fyrste tingsetene?

Frå fyrst av føregjekk heile tingseta i friluft, seinare kom det overtrekk av skinntelt og så tingbygningar. Ho “såg” også dei fyrste sakene som vart førde på tinget. Det var ei sak med nabokrangel om ei ku, og sak mot ei kvinne som vart hundsa med. Kvinna vart ille handsama og skulda for trolldom og barnemord. Ho var i 40-åra. Bakgrunnen var at ho hadde blitt valdteken og fått eit barn som ikkje levde lenger. Kvinna vart dømd. Mannen som stod bak gjekk fri. Domsmannen var i 50-åra, han var rik, litt av ein kakse. Han var dugande, men kunne truleg ikkje skrive. Alt gjekk føre seg ute.

Westerlund vart spurd om kvar Egil Skallagrimson hadde skipa sine liggande under tingseta der saka mellom han og Berg-Onund vart førd. Ho teikna då ei skisse, og denne saman med hennar forklaring viser at det synest svært sannsynleg at Egil hadde skipa sine liggande klare i vika nord for Grønevika. Lokaliseringa høver godt med det ho forklarde om ei kraftline og ein sjøkabel som no går i området ganske nær. Utsagnet om at kongen sine menn, då dei sette etter Egil, ikkje såg skipa til Egil før dei kom på Sognesjøen, kan også høva godt med at Egil hadde skipa sine ein stad ved Grønevik.

Den dagen me var på Stemnebø, på turen tilbake, det var 5 personar ombord i båten, braut Westerlund brått togna med å spørja ein som sat nær henne om han hadde ei lita "eiendommelig" kiste eller skrin som det hadde vore pengar i, men han hadde ikkje det. Ho vende seg så til meg, men heller ikkje eg hadde eit slikt skrin som ho skildra. “Er du sikker på at du ikkje har befatning med eit slikt skrin?”  Eg kom då på det utskorne treskrinet som gjorde teneste som den fyrste kassa i banken, og som me no har godt nedlåst i bankkvelvet. Dette høvde svært godt med skildringa ho gav. Neste dag tok eg fram skrinet. Hennar framstilling var ganske nøyaktig. Eg synte ho skrinet.

Sundag 10. april heldt ho ein svært interessant tale på Eivindvik skule der ei stor folkemengd var møtt fram.

Under vitjinga her kom det fram fleire hende som viste at hennar evner er vanskeleg å bortforklare. Måten ho kunne plukka fram detaljar på var imponerande, noko som mange fleire enn me her har fått oppleve.

 

SHETLANDSFARARANE

Sommaren 1977 vart det arrangert tur med ein “konvoi” av småbåtar frå Måløy til Shetland med retur til Eivindvik. Det var hamnesjef Tønder i Måløy som leia turen. Dei kom til Eivindvik, eit halvt døgn forseinka på grunn av sterk nordavind, tidleg ein morgon etter ein hard tur over Nordsjøen. Turdeltakarane samla seg fyrst på skulen, og om ettermiddagen var det samkome med program under krossen i Krossteigen, framfor kontorbygget som då var reist der. Her var det helsingsord ved ordføraren, skulemusikken, som hadde stått trufast å venta på kaia til seint kvelden før, spela. Dei hadde med seg drilljenter frå Bømlo. Ivar Kleiva heldt tale om “Gulatinget i soga vår”. Folk sa det var ei svært vellukka tilstelling.

VELKOMSTPROLOG TIL SHETLANDSFARARANE

 

BERGE VIKING

I juni 1981 fekk me vitjing av seglskuta “Berge Viking” som tok del i mange seglingstevlingar, og vitja m.a. Eivindvik før ein stor verdsomspennande kappseglas. Det var samling på skulen med program og orientering av Peder Lunde jr. om båten og om turen dei skulle på. Peder Lunde jr. var, til då, ein av våre mest kjende seglarar. Frå prologen ved dette høvet tek eg med fylgjande som seier litt om båten og føremålet med å vera med på seglasen:

VELKOMSTPROLOG

 

SKULESKIPET SØRLANDET

Skuleskipet “Sørlandet” vitja Eivindvik 1. april 1982 med utstillinga “Ut mot havet”. Denne gongen var det også mottaking på Sandalskaia med skulemusikken, tale av ordføraren og prolog. Ombord vart utstillinga presentert. Ho handla om kvinna sitt liv på kysten i åra 1920-1940. Frå prologen tek eg med:

VELKOMSTPROLOG

"Sørlandet" ved kai framfor Sandalsbutikken.

 

 

 

CUTTY SARK

Sommaren 2001 var Eivindvik ei av gjestehamnene  for det verdskjende Cutty Sark Tall Ships Race. Det var eit stort arrangement. Ein del av båtane som var med kom innom her og aldri har vel så mange stolte seglskuter vore samla på sundet. Frå prologen som vart lest på Prestebryggja den 24.07.01 tek eg med:

VELKOMSTPROLOG

Frå Cutty Sark i Eivindvik i 2001. Foto: Kjell Solheim.

 

 

 

RAGNAR THORSETH

Eit av vikingskipa til Ragnar Thorseth på Prestesundet.

Ragnar Thorseth vitja Eivindvik 13.-14. mai 1991. Thorseth og hans 25 mann store mannskap kom her til om kvelden den 13. mai på sine 3  “vikingskip”,  “Saga Siglar” (som hadde vore her før), “Oseberg” og den nye “Gaia”. Namnet “Gaia” tyder “moder Jord” og var etter framlegg frå Island sin president, Vigdis Finnbogadottir. Med “Gaia” skulle Thorset via Orkenøyane til Island og fylgja Leiv Eirikson sin kurs til Grønland, Canada og U.S.A. Vitjinga her markerte starten på reisa.

På tirsdag 14. mai kom Fylkesbaatane sin “Kommandøren” med “prominente” gjestar frå Bergen, “og frå andre byar i verda den vide, konsular og me veit ikkje kva”, som det stod i eit referat i avisa “Strilen”. Ordførar Ola Byrknes helsa frå kommunen. Talen til ordføraren var skriven på eit skinnbrev som vart overrakt Thorseth som gåve frå Gulen kommune. I talen sa ordføraren at Thorseth neppe kunne ha funne ein meir høvande stad å starte turen sin frå, for her i Gulen står me verkeleg på historisk grunn.

Det var mykje folk samla på kaia. Dei som ynskte det fekk gå ombord og sjå på “vikingskipa”. Skulemusikken spela under høgtida og Magnor Midtun las prolog. Samkoma slutta med lunch ombord i “Kommandøren”. Om ettermiddagen reiste båtane sydover mot Bergen, og sjølvaste 17. mai gjekk turen der
frå vestover havet.

Denne tirsdagen møtte me “den gamle” og “den nye” tid i lag her i Eivindvik, “vikingskipa” synte oss korleis dei gamle vikingane kom til Gulatinget, “Kommandøren” er symbolet på det mest moderne, raske og komfortable framkomstmiddel på sjøen.

Det kunne her vera moro å ta med kva biskop Neumann skriv om reiser med “Vængebaad” i “Budstik­ken” nr. 47-53, 1824:

“sidder man paa bepudede bænke, omkring et lidet Bord, nok saa hyggelig, seer gjennem de smaa Vinduer Landet fare sig forbi ved hvert Aaredrag, holder Dørene aabne for den friske Lufts Indst­rømmen under godt Veir, men lukker dem til Betryggelse for alt Uveirs Overlast, naar Regnen skyller ned. Der gives ingen mageligere Maade at reise paa, fast for magelig.”

 

FRÅ VELKOMSTPROLOGEN TIL RAGNAR THORSETH

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.