Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

OLAVSKJELDA

 

Dahl skriv i artikkelen i 1824, s. 504: “..under dette sidstnæv­nte Kors opvælder en meget klar Kilde, lige op af Jorden, og den skal efter sagnet være en hellig Kilde.” Av det eg har lese om denne kjelda ser det ut for at dei aller fleste meinar at dette kan vera ei heilag kjelde frå dei eldste tider. Mange kallar ho offerkjelde og set ho i samband med offerlunden dei meinar har vore nedanfor, på prestemyra. Her fann Dahl, det har han skrive om sjølv, då han fekk myra utveita, “en Mængde uforraad­nede hele og holdne uhyre store Egestammer..” Han skriv vidare: “Sumpen havde altsaa samlet seg ved den Mængde ubenyttet Skov, der hindrede Vandets Afløb..” Dette er altså bakgrunnen for det som er fortalt om at her var det blautmyr, ja eg har høyrt også ope vatn, i eldre tid.

Biskop Neumann i Bergen har skrive i “Budstikken” (1824) om ei tenestereise til Sogn og Sunnfjord i 1823 m.a. “Her på Præstegaardens Grund hvor Sagnet taler om en mæktig Offerlund, hvis gamle Ege ere endog fundne i en Myr, som Dahl har ladet uddige, nedenunder Offerkilden, som endnu vises, er det høist rimeligt at Thinget stod, som paa det høitideligste Sted.” Han skriv også: “Olaf den hellige lod bygge en kirke her, sandsynligviis paa samme Tomt, hvor den nuværende staaer.”

Dahl finn det merkeleg at desse fine eikestokkane som låg så nær og lagleg til, og som det i den skogfattige tida måtte vera stor bruk for, ikkje var nytta. Han stiller m.a. spørsmålet om det kan ha si årsak i at dei kristne følte avsky for heidendomen eller om det var overtru som gjorde at eikene ikkje hadde vorte brukte. (Som nemnt tidlegare er det mange som meinar at denne offerlunden vart nedhogd i samband med “uskadeleggjeringa” av andre heidenske symbol då folket vart døypte på Gulatinget). Dahl skriv vidare, s. 505:”Mon denne Lund ikke skulde have staaet i Forbindelse med Kilden, hvor Steenkorset staaer, og Alt betegne et hednsk Offersted eller Stedet, hvor Blotninger eller Slagtninger foregik, hvilket Sted ved Korset er siden blevet indviet til Christelig Cultus, det er: Kilden helliget en Chatolsk Helgen?”.

Etter det som er skrive, i kjelder som er nemnde framanfor og andre stader, og etter tradisjonen, må det vera svært sannsynleg at det er på denne måten kjelda har fått det namn ho no har, Olavskjelda, ho har vorte vigd til Olav den heilage i tidleg kristen tid. Det er sagt at vatnet i kjelda har lækjedom, og særleg sterk skulle lækjekrafta vera på Olsokafta. Det vert hevda at i heidensk tid vart kjelda nytta til å vaska gudebileta i. Eg har også sett hevda at blotebidna vart vaska i vatnet frå kjelda.

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.