Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

DØYPEFONTEN

 

Døypefont av stein i Gulen kyrkje. Til dåp blir det i dag brukt eit sølvfat oppi steinen.

Segna om korleis døypefonten vart til har nok alle høyrt om. I heftet frå Gulatingsstemna 10.juli 1938 er ho attgjeven slik:”Mange av ålmugen som Olav konge tvinga til å la seg døypa på Gulating, var svært ulysta på dette. Og særleg var sogningane “gjenstridige”. Og det fortelst at dei endåtil spente døypefatet or hendene på hirdbisp Grimkjell. Då let Olav laga døypekar av stein. Det skulle falla dei spreke sogningar tungt å velta det.

 Døypefonten er forma som ein stor terning, ca. 60 cm i firkant og med ei uthogd hole til å ha døypevatnet i. Ei slik “steinblokk” kunne dei nok ikkje spenna vekk. Han ser ut til å vera laga av same steinslag som dei to steinkrossane. Han stod tidlegare attmed Olavskrossen ved kyrkjegardsporten.

Etter ein tradisjon, notert av Absalon Taranger (1893) etter ein Bertel Gjeitnæs, skal ein prest, truleg Dressing, ha flytt steinen ned til Borggarden, men Dahl flytte han oppatt til krossen. Dahl skal ha sagt: “Der høyrer han heime, me må bevare dette gamle Minne.” Det vert fortalt at døypefonten, då han stod nede ved sjøen, har vorte nytta av presten til å vatna fisk i. Eg har også høyrt at han skal ha vore lagd i ein mur. Ein tredje variant er at han vart funnen i trappa til eldhuset på prestegarden (Birkeli s. 179).

Opplysningar som Olav Midthun (gnr.15, bnr. 34) har etter “Niklas i Garden” tyder på at det i eldre tider har stått ei lita kyrkje nede ved sjøen der vegen no går vestover nord for “Herresalen”.  Der skal det også ha vore synlege spor etter kyrkjetufta. Niklas (Nikolai) var paktar i prestegarden heilt fram mot 1910. Huset han budde i stod oppe mot steingarden omlag der som garden svingar austover frå Krossteigen. Sidan eg har utsagnet frå berre eitt hald kan me nok ikkje kalla det ein tradisjon, men Niklas fortalde neppe dette utan  nokon bakgrunn, og har det stått ei kyrkje der kan det vera den rette forklaringa på kvifor døypefonten vart funnen her nede ved sjøen.

Westerlund sa at døypefonten stod inne i den fyrste kyrkja som vart reist her, ei lita enkel trekyrkje, men då kyrkja vart øydelagd, kom døypefonten ut og kom ikkje inn att i kyrkja før etter svært lang tid.

Bjordø meinar i si bok at døypefonten vart sett inn i noverande kyrkje i 1905. Det same har lokalhistorikaren Karl Gåta sagt. Alf Sæternes fortel etter foreldra sine, Ingeborg og Anders Sæternes, at dei hugsa at døypefonten kom inn i kyrkja då p.g.a. at dei gifte seg det året. Det var ein vikarprest som var her, Gundersen, som ordna med å få steinen plassert inne i kyrkja der han framleis står og er i bruk som døypefont.

I “Fremad”, det handskrivne bladet til Eivindvik Ungdomslag, for 29.12.1905, har eg også funne noko om dette. Det står om vikar­presten, Gundersen, m.a.: “No fyr han reiste gjorde han eit fagnaverk i saman med kyrkjestyre. De har alle sett den firkanta steinen attmed Olavskrossen utfyr kyrkjegrinda. Den gamle døypefonten som har stade der fyr lut og kalt vatten, vandvyrd i mange aar. No fekk Gunnarson og dei andre han innat paa sin rette plass i kyrkja. Ikkje fyr det, den so tænkte vel etter, so var det paa ein maate ein gjev plas han hadde attmed Olavskrossen og.”

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.