Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

D/S-STOGGESTAD

 

Opplysningar her har eg, for det meste, frå gamle ruteoppsett, ein artikkel i “Sogn Dagblad” av 12.12.1989 av Magnus Lundeland, og frå samtalar med bygdefolk.

Det ser ut for at alt frå starten i 1858 har “Fylkesbaatane” hatt stoggestad her. Den gongen heitte selskapet “Nordre Bergenhus Amts Dampskibe” og stoggestaden her “Fondevig”. “Fylkesbaatane” hadde i starten 2 båtar, jernbåtar, som begge vart bygde i Skottland. Den fyrste som kom var “Framnes” som vart sett inn i rute på Sogn 7. desember 1858, og 30. desember kom så “Fjalir” som vart sett i rute på Sunnfjord og Nordfjord. Etter ruteplanen “fra 22. november 1859, indtil Videre” er “Fondevig” stoggestad for begge båtane, både frå og til Bergen.

Frå Sogneruta:

Fra Bergen  Onsdag   kl.  11
 “  Lillebergen  Do.    “    12
“  Manger Do.    “     1
“  Skjerjehavn  Do.    (Stjerne)
“  Fondevig Do.    kl.   4
“  Bøfjord Do.    “     5 ½

Og så vidare innover fjorden.

På tilbaketuren er stoggestadane dei same, men i motsett rekkefylgje. Då er båten i “Fondevig” “Løverdag kl. 7” og i Bergen kl. 1.

Frå Sunn- og Nordfjordruta:

Fra Bergen  Mandag   kl. 7
 “  Fondevig Do.            “  12 Middag.
“  Strømsnes  Do.          (Stjerne)

Og så vidare til Sunnfjord og Nordfjord.

På turen tilbake til Bergen stogga båten same stadane, frå “Fondevig” “Løverdag kl. 4”, og i Bergen kl. 9.

Me ser at alt den gongen hadde Eivindvik to båtar frå Bergen og to til Bergen for veka. Sjølv om det ikkje har noko med Eivindvik å gjera, har eg berre lyst til å nemne at i kommentaren til ruteoppsettet står m.a.: “Paa Indgaaende til Lysterfjorden vil Dampskibet indtil Videre anløbe AARDAL en gang hver maaned”.

Lundeland skriv at det truleg ikkje fanst kaiar i fylket den tida “Fylkesbaatane” starta si verksemd og at det heller ikkje var fyrlykter langs leia. Dette er grunnen til at båten, på tur til Bergen frå Sogn, vart liggande i Bøfjorden frå fredag kveld til laurdag morgon før han tok fatt på det ureine farvatnet langs kysten til Bergen.

I rutekommentaren står at då båten er pålagd å vente på “Chris­tania-Postens Ankomst til Lærdal indtil kl. 10 Fredag Formiddag” ville det kunne føre til at avgangstidene på stoggestadane mellom Lærdal og Bøfjord vart inntil 6 timar seinare enn oppsett i ruta.

Den gongen var reisetida 5 timar frå Bergen til Eivindvik, noko ho var heilt fram til distriktslækjar Tom Bache-Wiig kjøpte lækjarskyssbåten “Eivindvik” i 1972 og me, med den, fekk korres­pondanse med “Solundir”, på Mjømna til byen og på Ånneland frå byen. Begge desse båtane gjorde god fart og reisetida vart halvert, frå 5 til 2 ½ time. Frå 1976 overtok Per Vold med “Thinganes” den tilførselsruta m/s “Eivindvik” hadde til og frå bybåten. Denne ordninga varde heilt fram til me fekk kai i Sollibotn i 1989 og persontrafikken gjekk derfrå med dei nye katamaranen til “Fylkesbaatane”. Då vart reisetida nesten halvert enno ein gong.

Stoggestaden heitte “Fondevig, så vidt eg kan sjå, fram til 1892-93, og ekspeditørar var eigarane av Fonnevik, men i 1892 flytte Peder Rasmussen Sandal, som dreiv fargeri i Fonnevik, over til fastlandet og han vart også d/s-ekspeditør, truleg i 1893. Etter dette var ekspeditørjobben i Sandal si slekt fram til sonesonen hans, Per Ragnar Sandal, slutta som  ekspeditør i mai 2000.

I fyrstninga vart båtane borda ute ved Tangen, har eg høyrt, seinare kom dei inn i sundet. I 1901-02 sette Sandal opp kai.

 
STOR TRAFIKK

Tre rutebåtar, den eine så vidt synleg t.v., ved Sandalskaia i 1930-åra." Foto: Ukjent.

Eivindvik vart etter kvart ein stoggestad med stor trafikk, og mykje korrespondanse (omladning) mellom båtane. Det var fleire lokal­ruter som gjekk ut frå Eivindvik og korresponderte med andre ruter her både når dei gjekk ut og kom attende. Dette førde til at båtane hadde ein del liggetid her og det igjen til at nokre av mannskapet busette seg på staden med familiane sine. I sommar­rutene for 1939 finn me i alt 27 stogg for veka i Eivindvik. Midtunvågen var også stoggestad ei tid då Ola Midthun dreiv handel på “Stranda”.

Av ruter som hadde sitt utgangspunkt i Eivindvik nemner eg frå rutene i 1938-40: Eivindvik - Lifjorden - Eivindvik,  Eivindvik - Solund - Skifjord - Åfjord - Eivindvik,  Eivindvik - Åfjord - Solund - Eivindvik,  Eivindvik - Åfjorden - Eivindvik.

Der var også ei lokalrute som gjekk frå Askvoll, gjennom Hylle­stad og Gulen og korresponderte her med båt til Bergen, og ei som gjekk herfrå gjennom Gulen og Solund til Askvoll.

Eitt ruteopplegg heitte Eivindvik - Høyanger - Eivindvik, og så var det ruta på Gulafjordane. Alle desse rutene stod i korrespon­danse med ruter til andre delar av fylket og til Bergen.

Etter krigen (1940-45) kjøpte “Fylkesbaatane” to engelske krigsbåtar som vart ombygde til dei to fine passasjerbåtane “Sunnfjord” og “Sognefjord”. Desse vart sett inn som snøggbåtar, ein på Fjordane og ein på Sogn. Dei kom ikkje inn her, men stogga fast for båtstogg ute i sundet, og om sommaren var dei stogga mest kvar dag, i alle fall på turen til Bergen. Det var ofte fleire småbåtar ute for å borde og det reiste mykje folk med desse snøggrutebåtane. Folket i småbåtane samla seg oftast i ein og same båt før bordinga slik at berre ein båt la til snøggruta. Dei båtane som vart mest nytta til bording var m/b “Jan”, eigar John Hellesund, og m/b “Flolid”, eigar Birger Flolid. Desse skysskarane vart godt vane med, og flinke til, å manøvrera inntil ruteskipet, og bordinga gjekk greitt i “alleslags” ver.

“Sognefjord” og “Sunnfjord” førde ikkje last, dei gjekk ytre leia til Bergen og brukte 3 timar frå “Eivindviksundet”, som folk den gongen kalla bordingsplassen, til Bergen.

 

NYTT RUTESAMBAND
Sollibotn kai: Ekspressbåten Sognekongen kjem ifrå Bergen, og på kaia ventar den fyrste bussen i rute.

Alt tidleg var det planar om å få kai i Stafsneset slik at snøggbåtane kunne leggja til, og me få fast stogg der. Det vart gjort vedtak om bygging i 1950-åra, men inga kai kom. Då “Fylkesbaatane” sette inn sine nye snøggbåtar, katamaranane,  vart det, i 1980-åra, m.a. av Eivindvik og omeign næringssamskipnad (skipa 1986) v/form. Olav Midthun, arbeidt hardt for å få stogg av desse båtane. Endeleg kom så kaia, med veg fram, ute ved stranda nedanfor Sollibotn, og fredag 14. juli 1989 la katamaranen “Sognekongen” til for fyrste gong, og me kunne reisa til Bergen på under 1 ½ time. Dette rutesambandet fekk ikkje noko offisiell opningshøgtid, men folk sette stor pris på det, og sjølv om me også har bussamband med omverda, går no det vesentlege av persontrafikken over “nyekaia”. Her har me no eit ypparleg rutetilbod med båt til og frå Bergen to gonger kvar yrkedag utanom laurdag, då me har ein tur kvar veg. Sundag har me båt til og frå Bergen om kvelden.

PRØVETUR MED "FJORDPRINS" DEN 8.10.1987

Lastebåttrafikken gjekk framleis over Sandalskaia, tre båtar frå Bergen og to til Bergen for veka. Våren 1994 vart det sett opp bussrute til og frå kaia i Sollibotn, 1.4. gjekk bussen for fyrste gong.

NYTT RUTESAMBAND

(Seinare er også det som er igjen av lastebåtrutene lagt til kaia i Sollibotn. Det meste av varetransporten går no,  her som dei fleste stader,  mest med bilar. Ekspeditørar for båtrutene i Sollibotn er Leif Nyhammer og Edvard Fosse.)

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.