Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

TANKAR

 

Dette er tankar som har kome når eg har samla og skrive ned det som er trykt framanfor.

Vakker og lun ligg bygda, og heilt frå dei eldste tider har folket gledd seg over, og drege nytte av, den gode plasseringa staden har fått. Av alle dei lune botnane (gavlane) her i Gaulom vart denne vald til samlingsstad fordi han låg så lagleg til. Her, i ly av øyar og kollar, fann dei den ideelle plass for sine religiøse samkomer. Her møttest dei til blot og offerfestar, her hadde dei sine heilagdomar. Den gun­stige, og ikkje minst sentrale, plasseringa gjorde at folk frå eit stadig større område møttest her. Dei treivst her og fann gode tilhøve for sine samlingar. Dei store og skuggefulle eiketrea under bakkehallet og berghamaren, i ly for havgula, var som skapte for ein offerlund, og høgdedraget i sør høvde svært godt til stad for offerhandlingane.

Offergoden som hadde tilsyn med heilagdomane og leia blotinga og dei religiøse seremoniane, vart etter kvart ein viktig person. Han sytte for at alt vart gjort klart til gildet og ordna dei store samlingane. Han kom i kontakt med mange mektige og vyrde menn, dei hadde ofte tilhald hos han i tida omkring samkomene. Dei drøfta seg imellom ymse problem og søkte råd hos kvar andre. Mange flokar fekk gjerne si løysing under samrødene i slike lag i samband med offerfestane.  Men det tok nok lang tid før avgjerd­ene med neverett og vold tok heilt slutt. Holmgangar føregjekk gjerne på Timmerøya. Seinare vart denne øya nytta til rettarstad og til gravstad for avretta og for folk som tok sitt eige liv.

Etter kvart som tida gjekk vart fleire og fleire tvistar avgjorde ved at dei stridande partane oppnemnde kvar sine menn til å ta standpunkt til korleis striden skulle løysast. Måten sakene vart avgjorde på laga normer for korleis ymse tvistemål skulle få si løysing, og smått i senn vart det forma og innarbeidd reglar som vart meir og meir vanleg å nytta, og som omsider vart ålment godkjende som retningsliner og sedvanar i kvardagen. I tillegg til å vera religiøs samlingsstad vart plassen ved hov og offer­lund også ein stad der reglar vart drøfta og forma til lover, og, etter kvart, avgjerder i form av domar, vart tekne. Verksemda tok om seg og stadig fleire, frå stadig større områder, kom her for å få sine saker avgjorde på fredeleg vis. Dei levereglar som vart forma her vart vidare og vidare kjende, respekterte og godkjende som lover.

Fleire og fleire kom saman på samlingane her i botn i munningen av gjelet, eller gjøli som dei sa. Folk som kom utan ifrå kalla staden rett og slett for Gjøli, som så vart til Guli. Ved innsiglinga vart sett opp eit staff, eit merke, for å markera at no rodde dei inn mot heilagt område. Neset der merket stod vart kalla Stafneset.

Samlingane inne i Guli utvikla seg stadig, dei vart større og større og meir og meir viktige. Den rettslege verksemda vart etter kvart kjend og omfattande og saksmengda vart så stor at dette vart ein eigen skipnad, tingskipnaden. Etter kvart vart også lovboda så mange at det vart vanskeleg å halda greie på alle. Det vart då valde personar som hadde særskilt ansvar for å læra lovene og hugsa dei. Desse mennene vart kalla lovseiingsmenn. Samlingane utvikla seg slik at det vart tingsetene som vart dei mest omfemnande, men dei religiøse samlingane var likevel av stort verd for folket. Lagmannen vart den viktigaste personen på tingsamlingane, han styrde tinget og sytte for at tingfred fekk rå så lenge tingseta varde.

Til tingsetene kom det stadig fleire deltakarar. Talet på domsmenn auka, partane i sakene hadde med seg rådgjevarar, og mange vitne stod fram. I tillegg kom mange berre for å treffa frendar og vener. Sume kom for å driva handel, byta til seg smykke og verdfulle bruksting.

Tingvollen vart hasla under bakken opp mot gjelet i ly av store, lauvfulle eiketre. Folket som samla seg på avsatsane i bakkehal­let hadde god oversikt over tingstaden og høyrde lett kva som føregjekk. I dei fyrste tider gjekk det meste føre seg under open himmel, men etter kvart kom det opp skinntelt, og seinare tingbuer.

Vestlandet var nok det viktigaste området i Noreg i tidleg sogetid. Det var her stort samkvem med utanverda over hava, og det var truleg her dei mektigaste høvdingane heldt til. Dette vart difor den mest verdfulle delen av riket til kongen då Harald Hårfagre samla landet til eitt rike. Han kom tidleg i kontakt med mennene på gamle Gulating og drog nytte av det rettsapparatet som var etablert her. Han gjorde skipnaden til ting for eit stort område og Gulatingslova fekk ein viktig rolle. Lova sine ret­ningsliner og grunnleggjande tankar er vidareførde i Magnus Lagabøtar si landslov av 1274, og, gjennom Christian den 5. si lov av 1687, faktisk delvis heilt fram til vår Grunnlov av 1814.

Her i Guli vart ferdselen livlegare og livlegare framover. Dei gamle religiøse festane heldt fram, og tingskipnaden vart til ein stor organisasjon der tinglaget på det største femnde om heile Vestlandet frå og med Sunnmøre i nord til og med Agderfylka i sør. I tillegg sokna Valdres, Hallingdal og Sætesdal her til, og så alle Vesterhavsøyane og Island inntil dei fekk sine eigne tinglag.

Om våren stemnde store flåtar av vikingskip til Guli. Mykje folk var med, og dei hadde store lager av mat og mjød. I tillegg kom varene dei skulle byte og handle med. Tingfararane vart stemnde til Stemnebø. Her var det stasjonert vaktpostar som kontrollerte båtane, og det kunne nok oppstå dramatiske situasjo­nar. Det hende at folk vart drepne her om dei motsette seg vaktmannskapa sine ordrar. Ved større konfliktar påkalla vaktene hjelp frå vaktbuene i lia ved elva ovanfor. Øya utanfor fekk, av tingfararane, namnet Dragarøya. Dette var på grunn av at då dei kom der måtte dei dra seglet ned for å la seg inspisere av vaktene. Folk som budde i området kalla seinare øya for Segløya, men namnet “Dragerøen” vart vanleg nytta av folk utanfor distrik­tet til langt fram mot vår tid.

Offergoden fekk, i tillegg til tilsynet med dei gamle heilagdom­ane, også ansvaret for å halda tingstaden, og det som høyrde til der, reie til bruk. Han styrde også med vakthaldet og hadde i si teneste mange hjelparar og ein stor vaktstyrke. Det vart eit stort hushald, både på Stemnebø og inne i Guli, så det kom vel med at han rådde over store eigedomar både på fastlandet og mange av  øyane utanfor. Det var godt med fisk og sild i sunda og fjordane, og i tillegg til jordbruket vart det drive veiding både sommar og vinter. Beste jordbrukslandet hadde han austafor tingstaden, langs og i botn av den store vågen der. I liene og langs elva i dalbotnen var det bra med vilt. Jordsmonnet var grøderikt og her var det rydda mange gode jordeteigar og fine tun. Ute langs sunda var der og store område med god jord, lune vikar og mange gilde gardstun.

Etter at Harald Hårfagre hadde lagt under seg landet kom det til store endringar her. Det var då tingskipnaden i Guli vart verkeleg kjend vidt utover og fekk så mykje å seia for utforminga av rettsvesenet i landet. Gulatingslova vart kjend for si gode, demokratiske oppbygging og si solide forankring i folket. I ettertid er det blitt sagt så sterkt at “demokratiet i Noreg si vogge stod i Gulen.”

Kongen vart ein viktig person på Gulatinget, som på dei andre tinga i landet vårt. Han brukte tinget til å få gjennomført sine mål i landsstyringa, og det vart, etter som tida gjekk, han som fekk tinget samankalla, og han fekk stor innverknad på avgjerd­ene. Her kan me tenkja på kva som skjedde på tingstaden den dagen då Eirik Blodøks og dronning Gunhild fekk det til slik at Berg-Onund vann i arvesaka mot Egil Skallagrimson. Me ser for oss den høge, grove, sterke, litt lurvute, Egil, etter samråd med Arinbjørn, i sinne, saman med mennene sine, springa gjennom Monsverket, Lunden, over åsryggen og ned i ei vik lengre ute der resten av folket hans låg med skipa klare til å dra. Dei kom seg snøgt ombord og fossrodde nord igjennom Nyhamarsundet i lag med frenden Arinbjørn og hans folk som kom etter. Vidare ser me dronning Gunhild eggja kongen og hans menn til å setja etter Egil, korleis kongen sine menn rodde på spreng ut Prestesundet, tok nordover og såg Arinbjørn sine skip i “Saudungssund”.

Her var nok mange andre spanande hendingar også, - om me berre kunne sett attende!

I den eldste tida samlast folket til bloting ved ei samling av steinar, oppsette i fastlagde formasjonar, ei “horg”. Blodet frå offerdyra vart skvetta ut over steinane, brennefanget til bålet og over menneska, før bålet der ofringa skjedde vart tent. Det hende at også menneske vart ofra.

Offerblodet, lautet, hadde dei i lautbollar, og lautteinar vart brukte til å spreia blodet utover. Etter blotinga vart kjøtet av offerdyra kokt i store kjelar og det vart halde festmåltid. Kjøtet av offerdyra vart ete for å koma i kontakt med gudemaktene. Det var tre årlege hovudblot, ved vinternatt, 14. oktober, ved midtvinter og ved sommardag, 14. april.

På rinden søraust for tingstaden, der den store horga stod, vart ført opp eit romsleg hov der heilagdomane vart sett inn og der blotingssermoniane så føregjekk. Offergoden fekk ansvaret for hovet og vart no kalla hovgode. Slaktinga av offerdyra skjedde framleis i offerlunden og offerbidna vart reingjorde i vatn frå den heilage offerkjelda som før. Hovet var innreidd i tre avdelingar: Inngangspartiet, som eit våpenhus, så eit stort rom som vart kalla fredsromet og innerst eit kor med altar og eit panel med gudebileter. På altaret låg ein gullring som dei la hendene på når dei svor eid. Ved alle samkomer bar hovgoden ringen på eine handa. Lautbollen med lautteinen oppi stod ved altaret. Kjøtet av offerdyra vart no kokt over eldar langs golvet i hovet. Folket sat rundt eldane med kjøtkjelane. Det var som  i store gjestebod. I tillegg til mykje god mat var det, som vanleg ved store festar, også mykje godt drikke. Hovgoden bar fylte drikkehorn mellom bøndene og vigde drykken til gudane si ære.

Fyrst drakk ein Odin sitt horn for siger og makt. Dei som leit mest på eiga makt og eigen styrke, vigde hornet, i det stille, til Tor. Så fylgde Njørd sitt horn, og så hornet til Frey. Desse vart tømde for gode årringar og for fred. Så drakk dei Brage sitt horn, der ein avla høgtidssame lovnader, og så kom minneskåla for avdøde frendar.

Den største saka som gjennom tidene har vorte drøfta på Gula­tinget, og som førde til den største omveltinga, for staden her, og for heile landet, var nok innføringa av kristendomen. Fleire av kongane våre hadde reist på tokt som vikingkongar og i utlandet vorte kjende med den nye trua. Alt før kongane freista å innføra kristentrua, hadde her vore misjonærar frå andre land i Europa. Hovgoden hadde fleire gonger hatt vitjing av folk som ville vinna han for den nye trua og på den måten gjera det lettare å få trua godteken mellom folket. Den fyrste kongen som gjorde ein verkeleg freistnad på å få innførd kristendomen, Håkon den gode, voks opp i England og fekk kjennskap til trua der. Han var påverka av ideane i Glastonbury-klosteret, som var eit av England sine viktigaste åndelege sentra på den tida.

I den tida Hårfagreætta hadde vore kongar i landet hadde dei religiøse seremoniane smått i senn vorte forma etter nye normer. Men asatrua sat fast i folket her, som i andre delar i landet, og dei hadde vanskar med å gå bort frå dei handlingar, og vraka dei symbol, som gjennom ættledd hadde vore nytta for å vinna gunst og vern hos dei gamle gudane. Folk var redde for å pådra seg æsene sin vreide og tok med seg mange av dei gamle skikkane inn i livet med den nye trua. Då den unge Håkon Adelsteinsfostre prøvde å rydda bort dei gamle religionsskikkane, var den nye trua enno ikkje skikkeleg godteken her. Mange tvilte på læra han hadde med seg frå England. Dei fann det tryggast å halda seg til æsene i mange viktige spørsmål. Håkon sjølv var ein svært god konge og folket feste etter kvart meir og meir lit til at dei maktene han stod i samband med var dei gode kreftene. Det kom nye kristne kongar og den nye trua vann smått i senn over asatrua.

Hovet vart nedrive. Offerlunden vart borte ved at trea vart nedhogne og delvis brende. Ingen vågde å nytta seg av dei fine eikene, folk var framleis redde for at det kunne føra gudane sin vreide med seg og at æsene enno kunne hemna seg på dei som brukte trematerialet til verdslege føremål. Difor vart trea liggande der dei var felte, og dei låg slik til at dei, når lauv og rusk flaut til, utgjorde ein demning som vart fastare og tettare etter kvart som jord, og dermed gras- og buskvekst gjorde demninga sterkare. Det førde til at den små tjørna der den vesle grova rann, vaks seg større og gjorde marka omkring blaut.

Dei gamle offersteinane kom bort, folket miste dei heidenske heilagdomane sine.

Dette med symbol til å samla seg om hadde stort verd for alle og dei heidenske teikna vart erstatta av nye kristne samlingsmerker. Kongane og prestane deira sette opp steinkrossane. Krossen i Krossteigen synte folket på tinget at  Kvite-Krist hadde vunne, han var den sterkaste, han kunne dei stole på. Dei lyste tingfred under den heilage krossen. Krossen fekk også ei særskild plassering. Kongen gav bod om at han skulle setjast der det gamle gudemerket stod, det synte kvar skuggen måtte stanse for makta til sola ved solkverv om vinteren, og no vart krossen teikn på at det var Kvite-Krist og hans tru som rådde på tinget, skuva  mørket tilbake, skein fram som sola og spreidde seg over heile riket. Kristus førde dei som ville fylgja han ut or mørke og inn i eit tilvære med sol, varme og vokster. Festen ved vintersolkverv fekk eit nytt innhald.

Nede i haugen som hovet hadde stått på vart ein annan kross sett opp. Ved ein stor mannedåp der, i samband med ei tingsete, vart nytta ein solid døypefont av stein som seinare stod attmed krossen då denne kom. Her vart, fram gjennom tidene, mange menneske døypte til kristentrua.

På sjølve staden der hovet stod vart det bygt kyrkje. Den fyrste kyrkja var ei lita, svært enkel trekyrkje, reist på trepålar. Der var jordgolv, ho hadde våpenhus og ein liten 8-kanta altarring. Døypefonten vart sett inn i denne kyrkja. Oppi døypefonten var ei skål av messing som seinare vart uthamra til eit 8-kanta fat. Fatet var pryda med forer og klasar.

Der var mest ikkje sitjep­lassar i kyrkja, folket måtte stå, og kyrkja var svært kald. Også taket var av tre, brune tjørebreidde fjøler, men kyrkja var ikkje konstruert som stavkyrkje. Denne kyrkja kom så tidleg at folket framleis bar otte for æsene sin vreide. Mange var skeptiske til kyrkja og prøvde å skade ho ved brann.

Den sterke høvdingen i Virkesdal, Torstein, vart svært harm då han fekk påbod frå kongen om å koma å vera med på å reisa kyrkja. Torstein dreiv då i slåtten. Han vart så sint at han slo så djupe forar i marka at dei var synlege i lange tider. Han sprang til skogs og hogde eit stort tre. Stokken av treet tok han med seg, la han framfor kongen i det han sa at om ikkje denne stokken vart nytta til dørstolpe i kyrkja, så gjorde han ikkje eit handtak meir på bygget. Kongen syntest det var ein gjev stokk, som vart tilhoggen og brukt som dørstolpe slik Torstein ville. Men kongen likte ikkje at Torstein hadde hestekjøt til niste.

Dei store religiøse samlingane heldt fram, men no på den nye trua sitt grunnlag og i kristen regi. Apostlane frå Europa hadde sett spor etter seg. Hovgoden og mange av hjelparane hans, var mellom dei fyrste som gjekk over til den nye trua og han vart prest og hjelpar for dei prestane og munkane som kongen sende for å ta vare på dei kyrkjelege verdiane her. Det at hovgoden vedtok den nye trua gjorde at folket lettare glei over til kristendomen. Litt etter litt kom dei nye rituala inn og dei gamle veik ut, men mange av dei heidenske skikkane hang lenge i.

Munkane fekk sin bustad i eit lite kloster borte i Kirkeneset. Eigedomar vart lagde til klosteret for at munkane skulle ha inntekter nok til å kunna utføre si gjerning. Fleire av desse eigedomane hadde tidlegare vore under hovgoden sitt rådvelde. Munkane var driftige og energiske folk. Dei fylgde sitt daglege ritual, og heile tida det var munkar her samarbeidde dei godt med prestane om det religiøse livet. Dei heldt messer og kvar vår og haust gjekk dei prosesjon mellom dei to krossane. Om våren, 3. mai, var krossmessa for å be om signing for årsgrøda, og om hausten, 14. september, var det takkemesse. På Mikkelmesse, 29. september, hadde dei messe for St. Mikal på nedre delen av Fløyfjellet, på sletta der kor dei hadde godt utsyn mot havet. Fjellet tok etter kvart namn av dette og vart kalla Mikkel­fjellet.

Det vart også halde religiøse samlingar ordna av prestane. Ved krossen i haugen der hovet hadde stått vart det ein viktig samlingsstad. Kyrkja som vart øydelagd vart sett i stand att. Ved tingsetene vart eiden avlagd der. No svor dei eiden ved å påkalle Gud i staden for at dei tidlegare vende seg til Frey og Njørd. I klosteret hadde munkane si eiga kyrkje.

Etter ei lang blomstringstid vart det stillare tider for staden her. Det yrande livet stilna litt etter litt, både på den religiøse sida og når det galdt tingsetene. Bygningar, og anna tilfang, både i trus- og rettsamfunnet, vart dårleg haldne ved like og kom meir og mindre til nedfalls. Det vart stridar mellom fleire som ville ha kongemakta i landet. Kongar som fekk makta sat ikkje trygt, dei måtte kjempa mot rivalane sine, og mange miste trona etter kort tid. Det vart, på fleire måtar ei tilbake­gangstid. Kongen måtte ofte halda tingseter på kort varsel og tinga vart gjerne sette på kaupstader der kongen mest oppheld seg. Han slapp då ta ut på reiser og utsetja seg for overfall. Frostatinget vart ofte sett i Nidaros, og Gulatinget i Bjørgvin, sletta mellom fjella. Men då Håkon Håkonson fekk orden på kongemakta, han vart sterk og ukrenkeleg, fekk han også rettsvesenet i gamle former att. Han styrde då landet godt, og aldri har Noreg sine grenser vore så vide som under han. Han bygde oppatt kyrkja på tingstaden. Ho var så forfallen at det var lite av byggevyrket som kunne nyttast. Han gjorde kyrkja mykje større, finare og meir tenleg, ja det vart som eit heilt nytt bygg, vakker låg ho der på rinden.

Guli vart igjen den faste samlingsstaden for tinget, men tinget hadde no mist mykje av sitt omfang. Talet på nemndarmenn var blitt sterkt redusert, og mange av oppgåvene og sakene vart løyste på andre måtar. Lagmannen var for lengst vorten kongeleg tenestemann, og med få domsmenn og hjelparar rundt seg ordna han opp i det meste i lag med kongen. I høve til tidlegare var det svært få som kom til tingsetene. Det var no dei religiøse samkomene som samla mest folk, slik det var i den fyrste tida då tingsamlingane her starta, lang tid attende. Håkon fann det praktisk å flytta tingsetene ned til den nye kyrkja. Der var ein liten, avlang bergkolle som høvde ypparleg til lovseiingsberg, og til å leia tinget frå, så der ved det nye lovseiingsberget hasla dei ny tingvoll. I skråninga opp mot hammarslaget under kyrkja og Olavskrossen med døypefonten, var der god plass for dei folkemengdene som no møtte på tinget. Den romslege plassen der tinget tidlegare vart halde, og avsatsen/haugen der lovseiings­mannen stod i ættledd etter ættledd, under den heilage krossen, vart lenge liggande som ein freda plett, men i nyare tid teken i bruk som landbruksland. Krossen vart ikkje flytta. Han skulle stå der han vart sett som minne om innføringa av kristen­domen på tinget, og som det kristne symbol på lyset sin siger over mørket. Dei gamle tingbuene vart sett i stand, kongebua vart stor og praktfull.

Den gamle offerkjelda hadde sin heilagstatus også etter innfør­inga av kristentrua. Olav den heilage lovprisa det klåre og gode vatnet der. Han og mennene hans drakk av kjelda, dei syntest vatnet gav dei ny kraft. Kjelda vart seinare vigsla til St. Olav og det vart vanleg at folk søkte lækjedom i vatnet.

Den religiøse aktiviteten i vika her blomstra enno ei tid, men den rettslege verksemda minka av. Tingsetene vart etter kvart sjeldnare og sjeldnare, og etter ei tid vart det heilt slutt, alt det rettslege for vår landsdel vart ordna i Bjørgvin.

Namnet Guli, som hadde vorte ei nemning på heile området her, gjekk meir og meir ut or bruk. Dei som var busette her brukte dei lokale stadnamna. Langveisfarande vart det få av, og lokalnamna kom meir og meir fram. Vika her vart nemnd som vika med sletta og vollane der tinget stod, der eiden vart gjort. Folk i dei nære områda omkring sa gjerne vika innom øyane. Her, som mange stader, har stadnamn gjennom tidene endra seg, og etter lang tid har namnet vorte til Eivindvik. Folk som budde lengre borte, utanfor distriktet, brukte framleis namnet Guli, truleg heilt fram til namnet på prestegjeldet vart det dominerande. Prestegjeldet fekk namnet sitt etter staden for dei gamle samlingane, der kyrkja stod, der presten budde og der den kyrkjelege organisasjonen for eit større område vart bygd opp. På den tid tinget vart flytt til Bjørgvin for godt, hadde kyrkja vunne stor makt i samfunnet. Dei store eigedomane som i eldre tider låg til hova, og var heidenske tempeljorder, vart etter religionsendringa gjerne prestegardar for hovud- og fylkeskyrkjene. I tillegg til desse eigedomane vart også gardane som høyrde til det vesle klosteret som var her lagt til prestegarden, med unnatak av noko som det måtte svarast avgift for til Munkeliv kloster i Bjørgvin. Dette er kanskje forklar­inga på at presten her, heilt fram til nyare tid, hadde tidend frå så mange gardar i tillegg til inntektene frå storgar­den han sat på her i vika ved Prestesundet, garden som gav namnet til det som vart eit av dei eldste, og ein gong også kanskje eit av dei største, prestegjeld i landet.

Det knyter seg mykje forvitneleg soge til Eivindvik. Det eg her har sett fram i desse “tankar”, er som nemnt, lause tankar,  men tankane er skapte og forma av det eg har lese og høyrt om staden, og det ville vera svært kjekt om  nokon kunne oppfatta det som ein spore til å gje seg i kast med ei gransking av soga.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.