Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

NIELS GRIIS ALSTRUP DAHL

 

Dette biletet, som tidlegare hang i den gamle kommunestyresalen i Gulen, trudde alle her var av Dahl, men seinare er det sådd tvil om det verkeleg er han. Det er blitt hevda, at det er av ein annan Dahl som i si tid var kapellan hos prost Dahl. Den synske Anna Elisabeth Westerlund var ikkje i tvil om at dette er biletet av "vår" Dahl." Foto: Fylkesarkivet i S.&Fj.

Om Dahl og alt det gode han gjorde for innbyggjarane i prestegjel­det kunne det nok ha vore skrive mange tjukke bøker. Han sette djupe spor etter seg både kulturelt og materielt. I bygdeboka for Gulen har Ivar Kleiva skrive ein god del om Dahl og hans livs­verk. Det er fleire studentar som har nytta Dahl og arbeidet hans som emne for særoppgåver. Aud Randal frå Mjømna har fått trykt “Storfag i historie våren 1991” om folkeopplysningsmannen Niels Griis Alstrup Dahl, eit fint arbeid. I vår leverte ho hovudoppgåva “Eivindvigens anden skaber”, som også er særs interessant lesnad. Ho granskar framleis i emnet og eg vonar, og reknar med, at me får meir skriftleg frå henne om Dahl og hans virke. Eg vil difor vise til det som alt er skrive om Dahl, og det som truleg også kjem om han, men vil likevel her ta med litt om hans nesten utrulege innsats for prestegjeldet sitt.

Dahl vart fødd på garden Fet i Kvinnherad 14. mars 1778. Han vart student med Laud ved Bergens Katedralskole 1796 og teologisk kandidat med same karakter ved universitetet i København i oktober 1800. 24. februar 1804 vart han utnemnd til res. kap. i “Evindvik Prestegjeld” og 18. desember 1807 til sokneprest her. Han var prost i Ytre Sogn frå 1823 til 1847 og stortingsmann for Nordre Bergenhus Amt i 1814 (ved det ekstraordinære møtet om hausten) og i 1827, 1828 og 1830. 14. oktober 1825 fekk han medaljen for “Borgerdaad” og vart i 1829 medlem av “Videnskaber­nes Selskab i  Trondhjem”. Han døydde i Eivindvik 4. august 1852.

Han var gift med Hylleborg Hertzberg, fødd i Finnås 21.9.1766, døydde i Eivindvik 25. mai 1848. Om henne har eg sett svært lite. Ho skal ha vore svak til helse, men ho må no ha hatt mykje å stri med når me ser på alt som føregjekk i prestegarden på hennar tid. Ho har nok hatt hendene fulle i det store hushaldet. Ho og Dahl var barnlause.

 

JORDDYRKAREN
Prestebustaden til Dahl, kalla "Herresalen", rundt 1890. Foto: Fylkesarkivet i S.&Fj.

Då Dahl vart prest her var det dårlege tider i landet vårt med uår og vanskelege kår. Det ser ut for at prestegarden må ha vore i dårleg stand. Dahl tok straks til med sitt store dyrkingsarbeid. Han har, som før nemnt, sjølv fortalt om at han fekk veita ut prestemyra der han fann ei stor mengd eikestokkar som låg slik at dei demde opp for vatnet og gjorde myra til ein sump. Han fekk laga svære grøftar, og grova som kjem ned frå marka der plantefeltet no står, vart lagd inn i ei stor holveit som går rett framom nordsida av huset der Dahl budde.

Biskop Neumann som var svært imponert over Dahl sin innsats, skriv i “Bemærkninger paa en Reise i Sogn og Søndfjord 1823”, trykt i “Budstikken” i 1824, nr. 47-53, m.a.: “Denne Mark var, om ikke megen Anstrengelse kom til, aldeles tabt for Agerbruget. Men Dahl har trodset Naturen. Han har i alle Retninger, hvor det kunne tjene til Øyemedet, bygget steensatte - jeg tør neppe kalde det Grøfter, men Canaler, indtil 2 ½ Alens Høide og Bredde,  der optage det overflødige Vand, og føre det ud i Søen. Hans Myr er saaledes vandfri, og bærer den rigeste Afgrøde, indtil 15 Fold Havre og 20 Fold Potatos. Med store og stærke Steengjærder er Marken indhegnet, og langs Gjærdene ere i en vis Afstand fra hinanden smaa Fæhuse anlagte, i hvilket Qvæget vexelvis flyttes, paa det de underliggende Jorder kunne nyde godt af Gjødnings-Safterne. Det store og velindrettede Fæhus staar paa høie Pillarer, mellem hvilke Composten, efter meget rigtig anvendte Regler, laves.”

Neumann nemner også innsatsen som Dahl har gjort ved å samle inn “hvad der kan være tilbage af Sagn fra Oldtiden” og skriv at Dahl hadde “sjelden historisk; antikvarisk Kundskab”.

Dahl fekk også køyrt, og bore, jord på haugane og arbeidde prestegarden fram til eit mønsterbruk. Innsatsen dette har kravd får me eit godt inntrykk av i det som “Nordre Bergenhus Amt, bd II” refererer frå Neumann sine reiser i 1821 og 1822, s. 301. Der står m.a.: “...det til præstegaarden hørende dyrkede land med sine herlige enge og agre staar i en paafaldende modsætning til de omkringliggende klippemasser, i hvis steile gjel der kun sparsomt findes flader oversaaet med steenblokke. Det er i sandhed et mesterstykke af en for landbruget interesseret vilje, der hverken skyr møie eller besvær, som man her ser for sig; men hvor overraskende end det hele ser ud med de afstikkende omgivel­ser, vilde man dog neppe ane, hvilke overordentlige anstrengelser og udgifter det fordrer at omforme det gjenstridige, snart myrede, snart fjeldede land. Mange store stene maa sænkes ned, render graves og kanaler mures til, for først at faa den jord, på hvilken de senere dyrkningsarbeider kan begynde, men derfor pranger ogsaa nu smilende marker mellem de mørke, unyttige fjelde som løn for den utrættelige arbeidsomhed og som bevis for den sandhed, at menneskene kan trodse alt i naturen, naar deres foretagsomhed er besjælet af udholdenhed.” 

I si bok “I alvor og spøk” skriv tidlegare sokneprest her, Øystein Hovden, om Dahl  og på side 36 siterar han eit ordtak frå “den gamle Totenpresten”:

 

"Lykkelig den som har rigdomme,
lykkelig den som har en god hustru-
men tifold lykkelig den som har en bakke
som vender mot syd,
hvorudi man kan sette poteter.”

 

Dahl sin prestebustad med kyrkja oppe til høgre. Teikning ifrå Illustrert Nyhedsblad av 20. mai 1886

Hovden skriv at han synest dette er ein underleg måte å vurdera på og han veit ikkje om Dahl ville vurdert slike jordiske verdiar på denne måten. Han nemner nok dette ordtaket for å poengtera “potetprestane” sin innsats i jordbruket og for å framheva Dahl sitt store arbeid og interesse for jorddyrking og landbruk. “At han vurderte jorda og garden mykje høgt”, “det har vi tydeleg nok bevis for og vitnemål om i den uvanleg store interessa han la for dagen nettopp når det galdt desse ting”.

Rundt heile innmarka, også i Fonnevika, fekk Dahl mura ein solid gråsteinsmur, ca.180-190 cm høg og 60-70 cm brei. Ole J. Midtun fortel, etter bestefar sin, at det var folk frå Midtun som for ein stor del utførde arbeidet med denne muren. Dei fekk kr. 1,- pr. dag.  Det var sikkert ikkje noko dårleg betaling den gongen. Aud Randal seier at det ikkje er usannsynleg at menn frå Midtun stod for mykje av muringa, Midtunbøndene er ofte nemnde av Dahl. Kleiva har i bygdeboka oppgjeve lengda på steingarden til 1,5 km., men medrekna  Fonnevika er han omlag 2 km.

Her må eg leggje til at førsteamanuensis Per Linge, då han var her sommaren 2007, meinar at denne muren vart bygd av hunarane alt nokre hundre år etter Kristus og at muren var ein del av eit tyrkisk målesystem (jfr. artiklane om namnet, steinkrossane og Eivindvik som tingstad). Dahl sitt arbeid med denne muren var å rehabilitere han.

I tillegg til det vanlege jordbruket gjorde Dahl prøvar med planteslag som ikkje var vanlege her, t.d. “lucerne”. I ei teljing som vart utførd i 1848 er oppgjeve at det då budde 36 personar på prestegarden og at buskapen var: 4 hestar, 39 kyr, 167 sauer og 68 geiter. I tillegg kom husmanns­plassane med 1 hest, 51 kyr, 78 sauer og 37 geiter.

Utsæd på prestegarden var 20 ¾ tønne havre og 15 ½ tønne poteter. På denne tid var nok Dahl si helse ein del svekka, så drifta var kanskje ikkje heilt på høgd med det ho hadde vore i hans velmakt.

 

STORTINGSMANNEN

På Stortinget var Dahl ein klok, grundig og uredd debattant. På det “første overordentlige Storthing”, det vart halde i oktober 1814, var han klår motstandar av sambandet med Sverige og han var mellom dei 5 representantane som stemde mot unionen. Han kunne kanskje vera litt skarp i blant om det trengdest. I Neumann si dagbok frå den tida står på s. 84 at det kom til “Personligheder” mellom Wedel og Dahl og presidenten “satte dem begge irette”.

I Øverland si norske historie, bind XII, står på s. 429: “Et mere utpræget nationalt Standpunkt end de fleste andre Talere indtog Presten Nils Dahl fra Nordre Bergenhus Amt, der paa det bestemteste fraraadede Foreningen med følgende ord:” , og så er talen som Dahl heldt i Stortinget 20. oktober 1814, attgjeven. Talen starta slik: “Som Øieblikket nærmer sig, da et Emne skal omhandles, der saa aldeles vil bestemme vort Fædrelands nærvær­ende og kommende Slægters Held eller Uheld, Ære eller Vanære; da vi, ærede Landsmænd! udentvivl nu er de, paa hvem fødte og ufødte Slægters enten Velsignelser eller Forbandelser vil hvile, finder jeg en ligesaa stor Trang for mit Hjerte, som en hellig Pligt mod mig selv og de af mine Medborgere, der bemyndigede mig at møde her, aabenhjertig at ytre min Overbevisning henseende dette Tidspunkts allervigtigste Gjenstand, nemlig:Foreningen med Sverige og det af de svendske Kommisarer foreslaaede Valg af Hans Majestæt Kongen af Sverige til Norges Konge.”

Lenger nede i talen står det: “Endnu er Ed, som al anden Tro og Love, ikke bleven en letsindig Børneleg blandt Norges vel mindre oplyste, men maaske mere ærlige Klippe- og Dale-Beboere. Vi ved det jo alle, at Nutidens Sværgen og Æds-Aflæggelse nu til en Konge, nu til en anden, er fremmed for vore ærlige Landsmænd, der i Aarhundreder har været sin ældgamle Konge-Æt ubrødelig tro, og paa Samvittigheder intet Menederi, ingen Troløshed eller Lands­forræderi hviler. Hvad vil Følgen blive, naar atter saa pludse­ligen ny Troskabs-Æd skal affordres dette Folk, tvertimod deres Ønsker og Overbevisning eller endog Samvittighedes Bud?”

Møtet denne 20. oktober 1814 vart halde for stengde dører. Som me kjenner til så vart det union med Sverige, til tross for Dahl sin tale.

 
SKULEMANNEN
Dette huset bygde Dahl i Fonnevika som eksempel for folk på korleis dei burde byggje husa sine. Huset var tenkt som prestebustad, men vart i staden bustad for klokkaren og huslyden hans. Her heldt også den fyrste fastskulen i prestegjeldet til. Foto: Audun Skauge.

”Herresalen”, det som me kallar “gamle kommunehuset”, var Dahl sin bustad, truleg bygd i 1819. Huset på Skauge sin eigedom i Fonnevika bygde Dahl som eit døme for bøndene på korleis dei skulle reisa tenlege hus. Det vart bygt i 1814 og var  eigentleg tenkt som bustad for Dahl og familien, men dei budde visst nok aldri der. Huset vart i staden bustad for kyrkjesongaren, Anders Furnæs, som var ein god hjelpar for Dahl, og frå 1820 heldt den fyrste faste skulen i prestegjeldet til i dette huset. I 1835 vart det fyrste skule­huset i prestegjeldet bygt på Undertun og skulen flytt der til. Ottar Starheim ved NRK-Sogn og Fjordane seier at dette var det fyrste skulehuset i vårt fylke. I alle fall var det fyrste skulehus her i Ytre Sogn. Dahl kosta huset med eigne midlar. Han ordna også med faste skular i “Brekke undersokn”, på Byrknesøy i hovudsokna og i “Husøy undersokn”. Dahl gjorde svært mykje for folkeopplysninga, han kosta lærarar på seminar og dreiv si eiga opplæring av lærarar her. Aud Randal skriv at Dahl bar alle utgiftene med læraropplæringa sjølv. Det var utgifter som skulekassa hadde andre stader. Ho seier også at han ved fleire høve kjøpte utstyr til skulane. Han arbeidde også for at lærarane skulle få skikkeleg løn. Dahl gjorde ein kjempeinnsats for utbygginga av skulestellet i prestegjeldet.

                                                 

OMSORG OG HELSE

Det var ikkje berre når det galdt skulestellet at Dahl låg langt framme og gjorde ein svær innsats. Han tok seg også på ein svært god og grundig måte av fattigstellet i prestegjeldet, førde m.a. nøyaktige planar over utplasseringa av lægdslemar slik at dei til ei kvar tid visste kvar dei skulle halde til, var nøye med protokollering og rekneskap. Hans ordning var rekna mellom det beste som fanst på den tida.

Han ordna også med helsestellet og var sjølv litt av ein lækjar. Ivar Kleiva skriv i bygdeboka at “etter kvart kom folk til han frå heile Ytre Sogn.” Dahl engasjerte seg sterkt i kampen mot spillsykja. Han organi­serte og fekk gjennomført vaksinasjon av folket i prestegjeldet mot koppar, og Kleiva skriv at under ein koppefarang i 1833 låg prestegjeldet her “som ei freda øy”, og “Eivindvik var truleg det første prestegjeld i Noreg som vart gjennomvaksinert”. I ein artikkel i historielaget for Sogn sitt tidsskrift nr. 17, 1955, siterer Kleiva m.a. frå ei melding Dahl sende til Amtet: “I Evenvigs Præstegjeld blev alene 2 a 3 Individer angrebne, allevegne fordi de fandtes uvillige til at lade sig revaksinere, den ene var endog slett ikke vaksineret, fordi han foregav som Barn at have gjennengaaet de naturlige Kopper, hvoraf ogsaa Følgen blev at han og ingen anden af disse 3 bleve Offer for Døden.”.

Vaksineringa var “aldeles gratis”, både Dahl og hans hjelparar, “Præstegjeldets Kirkesangere og Skoleholdere” følte løn nok i “den glædelige Erfaring og Bevisthed at Følgen af denne Foranstaltning var saa velgjørende”.

I 1827 fekk Dahl opplært og tilsett den fyrste jordmora i Ytre Sogn, ho heitte Ingeborg Svaboe og budde i Sygnefest.

 
JORDSKIFTE

Dahl kjempa hardt mot rusdrikkvondet i prestegjeldet. Han fekk fleire bøtelagde for ulovleg salg av rusdrykk, m.a. ved kyrkja her, og kjøpte opp skjenkestadar for å få bukt med den svøpa som rusdrykken var for mange. Han syntest nok det var svært sårt å sjå på at dei som han hjelpte med utskiftingar og til å få kjøpa jorda dei sat på, drakk seg frå gard og grunn. Det store arbeidet som Dahl utførde med utskifting av gardsbruka rundt i presteg­jeldet seier Kleiva “truleg er eineståande i norsk prestesoge”. Dahl har gjeve to bønder på Midtun, Nicolai Jonson og Jørgen Lasseson, mykje av æra for dette arbeidet, men det meste låg nok likevel på han sjølv.

Også dette arbeidet til Dahl vart lagt merke til. Han hadde god røynsle med utskiftningar, heilt frå 1814, og var mellom dei aller fremste. Han arbeidde ihuga for å få slutt på all teigblan­ding. Det var mykje i jordskiftelova av 1821 han var usamd i og som han arbeidde for å få endra. Mange av hans meiningar vart tekne omsyn til i den nye lova som kom i 1857. Det hende at han, i tilfelle der eigarane hadde lita innkome, sjølv tok kostnadane med flytting når det var naudsynt for å få til ei god utskifting.

 

EIN VERDISKAPAR

Dahl brukte også mykje tid og pengar på bygging av ymse slag. I tillegg til dei husa han bygde fekk han også bygd vegar, m.a. veg frå Austgulen, over Takledalen mot Brekke. Han bygde “Prestekaia” og steintrapp derfrå opp til kyrkja slik at folk skulle koma lettare fram. Mykje av dette, og av vedlikehaldet av alle bygningane på prestegarden, kosta han sjølv. Han hadde gode inntekter, men brukte alt, og vel så det, til beste for folket i prestegjeldet sitt. Det at folk klaga på han, og kanskje syntest han stundom kunne vera ein “hardstyrar”, var vel eit resultat av at han kanskje av og til måtte ta i bruk litt hardare åtgjerder for å få utført sine velgjerningar.

Dahl hadde nok stor makt og vyrdnad mellom folket. Ved sida av det store og krevjande preste- og presteembetet (tenk på dei lange og slitsame tenestereisene), vart han også den fyrste ordføraren her då formannskapslova kom i 1837. Ordførarvervet hadde han til han ba seg fri i 1848 på grunn av dårleg helse. Han hadde også det tillitsvervet som i dag tilsvarar fylkesordførar­ombodet i Sogn og Fjordane. I 1830 skreiv biskop Neumann at det var soknebibliotek i “Evenviks prestegjeld”. Kleiva skriv at dette starta i 1829 og at Dahl gav 134 av sine eigne bøker til biblioteket.

Alt Dahl var med på og fekk gjort, må tilseie at han måtte ha uvanleg lange og slitsame arbeidsdagar og ein uvanleg stor energi og arbeidsiver. Når me tenkjer på det store distriktet, og dei lange og strabasiøse tenestereisene han hadde som prest og prost, skulle ein tru at hans embete måtte ta meir enn hans arbeidsdag, ja, det er utruleg kva han vann over. Det han utførde for folket og distriktet sitt viser at han var mellom dei aller fremste i si tid. Han vann stor respekt både lokalt og langt vidare, men eg trur nok at om han hadde halde til på ein meir sentral stad ville han ha vorte lagt enno meir merke til og vorte vidt kjend som den store leiar og velgjerningsmann han i røynda var. Han ville då truleg ha hatt sitt minnesmerke for lenge sidan. Eg vil vone at det som alt er skrive om Dahl, og det som sikkert kjem til å bli publisert om han, vil verta kjent blant folket, og det ville vera både hyggeleg og rettvist om denne uredde kjempa for dei menneskelege verdiar, det menneskelege velvære, både åndeleg og materielt, fekk sitt minnesmerke i hagen framfor huset der han budde og organiserte det heile ifrå.

Henrik Wergeland var her og vitja Dahl i 1832. Han vart svært oppglødd over alt det Dahl hadde fått gjort og skreiv diktet “Evindvig” som eit stort hyllingsdikt til Dahl. Dette diktet vart godt kjent utover i landet, det vert m.a. brukt som eksamenspen­sum på gymnaset.

Prosten i Ytre Sogn på den tid Dahl døydde, Thomas Erichsen, skreiv også, etter at Dahl var borte, eit minnedikt til han. Då Henrik Wergeland sitt dikt nok er kjent av alle, og vil verta attgjeve under avsnittet “andre vitjingar”, trur eg at eg vil slutte mi korte forteljing om Dahl her med Erichsen sitt minnedikt:

 

Saa sænker sig i Grav det Sidste Han planted` Lund ved Lund med Glæde
Af dette Legems usle Leer! og reiste Gjerdet flinkt og stødt,
Vor hele Stads er der en Kiste Og Uren blev et Herresæde
En Smule Jord og intet meer, Og Liv og Lyst hvad før var dødt.
Dit Gods og Guld er svundet hen Og hele Egnen Vang i Vang
Alene Støv du har igjen. skal skylde Ham en Afskedssang.
   
Og dog vi længtes tit saa saare - Det golde Fjeld, de nøgne Stene
Imedens her vi led og stred Og Klippen ryd og Holmen graa
og monne fælde salten Taare - Staar nu med Frugt i grønne Grene
Til Kirkegaardens Ro og Fred. Med Eng og Ager ovenpaa.
Saa favned Han, som her sov hen, Der sjunge Fugle smaa i Vaar
Sit Gravsted sikkert som en Ven. Hans Gravsang yndigt Aar for Aar.
   
Aarvaagen i sit Kald den Gjæve Dog sad Han tit med knuget Hjerte
Har virket som kun saare Faa, Thi Veldaad lønner Verden slet -
Endt er hans Daad - hans Navn skal leve Og dulgte taus den bitre Smerte
Og Bygdens fjærne Slægter naae. Imens Han stred for Sandt og Ret.
Thi kjæk og djærv Han bar den Stav, Vel Ham, at Striden er forbi;
Som nu staar ledig ved hans Grav. Thi tornefuld var tit hans Sti.
   
I Templets Hvælving varmt og fyndigt Med ydmykt Sind, med lukte Hænder
Fra Hjertets Dyb hans Tale kom, Om Christi Kors han sang tilsidst.
I Skolestuen viist og kyndigt Almæktig Gud! i hvad Du sender
Han seent og tidlig sysled om. Gjør Afskedstimen god forvist,
Og i hver Stund og paa hvert Sted Da glemme snart hvad her vi led

Han havde sine Øyne med.

Hist i en salig Evighed.

 

 

N.G.A.Dahl og kona Hylleborg si grav på nordsida av Gulen kyrkje.

 

AVDUKING AV MINNESMERKE

 

                                                                                     

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.