Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

MINNER FRÅ KRIGEN 1940-45

 

Dette er ikkje stoff som eg har funne fram til gjennom gransking av arkiv eller andre skriftlege kjelder. Det er berre litt om korleis eg husar krigen frå oppveksten min, blanda med ting som eg, i ettertid, har høyrt fortalt.

Det var ikkje tyskarar fast stasjonerte over lengre tid i Eivindvik, men me hadde likevel ein god del føling med okkupantane. Dei var her på rassiar og husunder­søkingar, og det låg ofte tyske båtar her. Båtar som vart liggande litt tid vart gjerne kamuflerte med buskar og kratt. Me ungane syntest dette var litt spennande. Det hende at krigsbåtane skaut på engelske fly som for over her. Eg hugsar me såg sporlysa som stjerneskot over himmelen, men me såg aldri at flya vart råka. Tyske jagarfly flaug ofte lågt over bygda, mellom fjella. Ein gong såg me to tyske fly på jakt etter eitt engelsk. Engelskmannen stupte beint ned langs Mikkelfjellet, det såg mest ut for at flyet skulle gå rett i bakken, men det tok seg oppatt innover mot Dalen. Tyskarane fylgde etter og alle tre flya vart borte over fjellet ved  Hansslettet.

ÅTAK PÅ ”BLÅVEIS”.

Ein fin vinterdag vart båten “Blåveis” skoten i senk av engelske fly i Stemnebøosen. Me var i Dalen for å henta ved den dagen. Det var kome mykje nysnø og alle naboane var i lag for å brøyta veg med hestane. Frå Kvilesteinen såg me dei engelske flya stupte ned, og me høyrde skotsalvane. Eit av flya kom litt framfor dei andre, det såg ut for at der sat leiaren for aksjonen, og når han stupte, stupte dei andre etter. Dei gjennomførde fleire åtak før båten vart søkt.

Alf Sæternes har fortalt meg at “Blåveis” tidlegare hadde vore Christian Michelsen sin lystbåt. Båten vart seinare teken oppatt og sett i stand. Han fekk namnet “Solbris” og det var denne båten dei landssvikfangane på Ulven som, etter krigen, rømde til Argentina, brukte.

 

ÅTAK PÅ ”GULA”.

Seinhaustes (eg trur det var i 1944) vart gamle “Gula” angrepen av engelske fly i Nyhamarsundet. Heime såg me flya koma som store fuglar over Mikkelfjellet (me såg dei før me høyrde lyden), snudde og vart borte igjen for nye åtak. Dette gjentok seg fleire gonger. To av passasjerane ombord i “Gula” miste livet og fleire vart såra. Båten fekk store skadar. Kvifor “Gula” skulle verta torpedert lurte alle på, det måtte vera ei forveks­ling frå engelskmennene si side, trudde dei fleste.

Det var ein båt til innblanda i åtaket, ein lastebåt, og der vart ein av mannskapet drepen og fleire såra. Kanskje det var denne båten flygarane var ute etter?

Den mest sannsynlege årsaka til torpederinga av dei to båtane var vel helst at dei tilfeldigvis var i Nyhamar­sundet då flya kom over den dagen. Engelske fly var ofte på tokt over norskekysten og gjorde åtak på fraktebåtar for å gjera transporttilhøva utrygge og vanskelege for okkupasjonsmakta. Dei var også ute etter dei tyske vaktbåtane som trafikerte på kysten.

Olav Dingen, som seinare budde i huset oppe i “garden” på Haugane, reiste i lang tid som mannskap på Fylkesbaatane og han var ombord i “Gula” då dette åtaket skjedde.

 

APRILDAGANE

Dei sterkaste minna eg har frå krigen er likevel frå aprildagane i 1940. Eg hugsar enno godt den triste stemninga som rådde då han Ole Midtun, mellom dei fyrste som vart innkalla til krigsteneste, reiste om kvelden tirsdag 9. april. Han visste ikkje noko om at det var krig i landet før han kom heim frå marka med sauer i skyminga, og i full fart måtte gjera seg klar til å reise. Han rakk så vidt ein tur på kaia for å henta nokre sekker mjøl til foreldra før det bar av garde. Med i same innkallinga var Erling Korsvold og Lars Svaberg. Gutane reiste, saman med mange andre frå Gulen, med “Kommandøren” inn Sognefjorden til Gudvangen. Derfrå gjekk dei, det meste av vegen, til Voss og vart frakta vidare til kampane i Valdres.

Omlag 14 dagar, eller vel det, etter var stemninga like trist, det kom ny innkalling, og frå bygda her var då Gunnar Henriksbø med. Også denne gongen vart soldatane frakta med “Kommandøren” innover Sogne­fjorden. På turen vart båten bomba av tyske fly. På Leikanger fall bomber også på land, og eksploderte i hagane til folk. “Kommandøren” vart ikkje råka, men skipparen ombord vart treft av ein bombesplint og måtte på sjukehus i Lærdal. I Leikanger fekk dei melding om at krigen i Sør-Noreg var over og, etter overnatting i Kaupanger, reiste dei heim. Det var trist då gutane reiste, men desto større glede då dei kom att, me såg opp til dei som heltar. Erling Korsvold fekk ei tysk kule gjennom eine armen. Han var den einaste av gutane herfrå som vart såra.

 

I KAMP

Då krigen braut ut fekk ein del av mennene i bygda utlevert gevær. Her var også, i alle fall eitt, maskin­gevær. Eg hugsar at det stod heime hos oss og det var Gunnar Henriksbø (før han vart innkalla til krigs­teneste) og  Arne Fosse som hadde ansvar for det. Gunnar var då i arbeid hos oss. Bygdefolk vart utkom­manderte til vakthald. Det var væpna vakt ved telefon­kabelen på Gulløyna, likeeins på d/s-kaia.

Den fyrste krigsdagen kom her eit norsk militærfly med to menn ombord. Det vart sagt at dei hadde vore i kamp ute i Mjømnesundet. Kvifor flyet landa, og vart lig­gande, her har eg ikkje fått noko greie på. Dei av bygdefolket som var med å taua det på plass, gøyme og kamuflera det, fekk ikkje høyra noko om grunnen. Flyet låg ved stranda omlag der som dr. Normann sitt naust no står. Seinare vart det flytta inn på Midtun­vågen, og etter ei tid floge bort. Dette flyet var truleg ein del av Sognefjord flygruppe, ei av fleire oppretta flygrupper under leiing av kaptein Manshaus. Sognefjord flygruppe hadde hovudkvarter i Balestrand (seinare Vetlefjorden) og provisoriske stasjonar i Eivindvik og Sogndal.

På Midtunvågen låg det i aprildagane også ein lastebåt, “Vard” av Haugesund. Han låg ved stranda innanfor bua til dei på Haugane. Han var kamuflert og godt løynd. Seinare vart han flytta ut til Hjartåsvågen. Det vart sagt at båten var lasta med kål. Olav H. Tveit fortel at han var med då båten vart flytta frå Midtunvågen til Hjartåsvågen.

 

TREFNINGA I GRØNEVIKA

Kort tid før kampane på Vestlandet var over kom det til ein trefning mellom tyske og norske marinesoldatar ute ved Grønevika. Ein av dei norske marinefolka som var med der var Gustav Mulelid frå Florø. Han reiste seinare under krigen over til England og vart med i dei norske styrkane der. Etter krigen reiste han til sjøss saman med kaptein Olav Midthun. Det eg skriv her om dette åtaket er bygt på opplysningar frå Mulelid, formidla av Olav Midthun, notatar frå boka “Norges sjøkrig 1940-45” av orlogskaptein Steen,  og opplysningar frå bygde­folk som hugsar denne hendinga i 1940.

Dei norske soldatane hadde vore i kamp ved Horten. Etter at området ved Oslofjorden var herteke hadde dei teke seg over til Sogn og kom ut Sognefjorden på ein båt som heitte “Steinar”. Båten låg her og er i Steen si bok nemnt som “bevoktningsskøyten”. Sjef ombord var L.H.Henriksen.

Trettiandeapril gjekk to norske mineleggarfartøy, som vart overtekne av tyskarane 9. april, med tysk mannskap nordover frå Bergen. Båtane heitte “Tyr” og “Uller”. Oppdraget var å legge miner i to liner mellom Losna og Rutletangane. Ved meldingar frå lensmennene i Lindås og Eivindvik og frå kystvaktstasjonen på Byrknesøy vart sjefen for flygruppene, kaptein Manshaus, orientert om ferda og fly frå Vetlefjorden gjekk til åtak på båtane vest for Skjerjehamn i halvåttetida om kvelden. Båtane fekk ikkje direkte bombetreff, men på “Uller” vart 3 mann såra. Dei norske flya vart ikkje skadde av elden frå fartøya. Båtane held fram nordover og litt etter starta dei minelegginga over Sognefjorden.

Seinare om natta vart dei igjen bomba av eit norsk Heinkelfly frå Vetlefjorden og “Uller vart så hardt skadd at tyskarane sette han på land sør på Losna. Heller ikkje denne gongen vart flyet skada. “Tyr” tok opp soldatane frå “Uller” og sette kursen sørover mot Bergen. Henriksen på “Steinar” fekk ordre om å gå til åtak når “Tyr” passerte Eivindvik. Han og hans folk kom seg ut til Grønevik. Dei kobla seg til telefonlina ovom Grønevikgarden og hadde samband med nøytralitetsvakta i Riseneset.

Tanken var å få ein patrulje over på Hisarøy, slik at tyskarane skulle koma under krysseld, men det måtte dei gje opp då den tyske båten kom så snøgt innpå dei.

Før åtaket måtte folket i Grønevika varslast slik at dei kunne koma seg ut til ein tryggare verestad. Mannen i huset, Lars, låg sjuk på den tida og han vart boren ut i fjøset.

Angrepet skjedde tidleg om morgonen. Det var klårt og stille. I Steen si bok står m.a. at “dekket var fullt av folk som stod og røkte og pratet og tilsynelatende ante fred og ingen fare” og ved den norske eldgjevinga “bestrøk maskingeværene fartøyet fra for til akter med god virkning”, og vidare at “tyskerne ble så overrasket over den plutselige beskytningen, at de bare rakk å skyte noen få skudd med automatvåpen mot maskingeværstillingene på land, før fartøyet hadde passert dem  under sin videre gang sørover”. Den tyske eldgjevinga gjorde ikkje annan skade enn å sette fyr på lyngen i prestemarka og brannen vart sløkt utover dagen av bygdefolk som kom til. I boka står og at mange tyskarar vart drepne og såra, m.a. at ein løytnant på  brua vart treft og blødde så sterkt at “die ganze Brucke schwimmt von Blut”. Dette kan ha vore årsaken til det folk her fortel om at båten gjorde ein stor sving og var nær ved å grunnstøyte ved Tangen.   Frå Lindås vart det meldt at “Tyr” passerte sørover med flagget på halv stang.

Folk i bygda fekk også melding om at angrep skulle skje og dei samla seg i full fart med dei våpen dei hadde. Lækjarskyssbåten, “GåPå” skulle frakta dei utover, men før dei kom seg av garde kom det melding om at det heile var over. Dette har Gunnar Henriksbø, som sjølv var med, fortalt, men om det galdt alle frå bygda kan eg ikkje sikkert seia. Gustav Mulelid kan ikkje hugse at nokon frå bygda deltok, så truleg var ingen herfrå med på sjølve angrepet.

Etter slaget reiste dei norske soldatane, då dei hadde fått med seg forsyningar frå Sandalsbutikken, utover mot Nåra. Der ville dei laga seg ein stilling mot Sognesjøen, men reiste straks etter nordover for å delta i krigs­handlin­gane der, då området her vart overgjeve til tyskarane.  Då kampane, også nordafor, var over kom dei sørover igjen med “Steinar”.

Det har vore nemnt om to tyske båtar i samband med åtaket ved Grønevik, men alt tyder på at det berre var ein av dei i Folefotsundet då angrepet skjedde.

 

FOLK FER I MIDTUNDALEN

Etter dette åtaket var folk redde for at tyskarane kom til å hemna seg med krigshandlingar mot bygda, slik dei skulle ha gjeve uttrykk for. Folket i Grønevik budde borte frå heimen nokre dagar, og frå området ute ved d/s-kaia “evakuerte” mange innover i Midtunvågen, ja, nokon heilt i Midtundalen, og også presteselet ved Svartevatnet vart nytta som tilfluktsstad.

Synet av denne “folkevandringa”, og spenninga mel­lom folket i desse dagane, sit godt fast i minnet.

Nokon meinar å hugse at dagen etter åtaket var det tyske fly over bygda, men noko “hemnangrep” kom ikkje. Sume seier også at den tyske båten heldigvis ikkje kom seg til Bergen, men vart søkt undervegs, og meinar at dette var grunnen til at me slapp represaliar.

Kanskje heller grunnen var at kampane i vår del av landet vart innstilt så kort tid etter?

Denne hendinga ute ved Grønevika skal det vera skrive om i fleire bøker med stoff frå krigen i Noreg 1940-45.

 

MOTSTANDSRØRSLA

Motstandsrørsla som vaks fram i landet vårt etter kapitulasjonen i 1940 breidde seg også her til. Her var mange gode “jøssingar”, men eg kjenner ikkje til så mykje av det som føregjekk. Ungane måtte få vite om minst mogeleg. Det var fyrst etter krigen var over at me fekk greie på ein del av det som hadde gått føre seg. Distriktslækjar Hallvard Natvik, som, rett før han kom her til, hadde vore med som lækjar under krigs­handlin­gane i aprildagane, var aktiv motstandsmann på fleire områder. Mellom anna hjelpte han og skysskaren hans, John Hellesund, til med transport av folk i hem­melege oppdrag. Det vert fortalt at ein gong Natvik kom frå Solund i eit slikt ærend, han var då åleine mannskap på båten, men hadde to motstandsfolk i lugaren, fekk han motorstopp på Sognesjøen. Han var ikkje så flink med motoren og hadde vanskar med å få maskina i gang att. På ein tysk båt som kom framom såg dei at det var noko gale og tilbaud hjelp. Den tyske maskinisten kom ombord og fekk motoren i gang. Natvik takka så mykje for hjelpa, tyskarane forlet båten og turen vidare gjekk fint.

Ein annan som gjorde kva han kunne for å hemma okkupantane var lensmannen, Jakob Eikenes. Han og smed Toralf Sande var dei einaste her i Eivindvik som vart tekne av tyskarane. Eikenes vart førd til Tyskland, medan Sande sat fanga på Espeland ved Bergen. Eg trur at Eikenes vart arrestert i 1943 og Sande ut på nyåret 1945. Begge kom i frå fangenskapet utan synleg skade. Det var med stor lette og glede dei vart mottekne då dei igjen sette føtene på heimleg jord.

Vinteren 1944/45 måtte vera ei hard tid for Lydia Sande. I slutten av august 1944 drukna eldste sonen, 10 år, i sundet rett ut for heimen, og få månader etter vart mannen arrestert av tyskarane.

Som fleire andre her i bygda, hadde Sande kjøpt ei av flaggstengene som vart nytta på Gulatingsstemna i Lunden i 1938. Flaggstanga var ikkje gjort ferdig og reist før krigen kom, men i fredsdagane 1945 samla ein del ungdomar seg og fekk flaggstanga opp slik at Sande, då han kom heim frå fangenskapet, vart helsa med flagget heist.

I tillegg til alle våpen, vart også radioapparata inndregne av okkupasjonsmakta, men det var mange som hadde gøymt unna både gevær og radioapparat. I løynd lydde folk til sendingar frå England og spreidde nytt om korleis krigen gjekk ute i Europa. Jamt over visste folk om korleis stoda var til ei kvar tid.

Tyskarane føretok ofte rassiar for å leita etter radioapparat og eventuelle våpen. Ved eit slikt høve var det nokså spanande for Mons Skauge i Fonnevika. Han hadde ein radiomottakar i løa, gøymt i høyet. Truleg hadde tyskarane fått tips om dette, dei kom og stakk med høygaflar rundt omkring der apparatet stod, men fann det ikkje. Eg har høyrt at dei fann pappøskja som apparatet var motteke i, og at det der gjekk fram kva type apparat Skauge hadde. Han hadde levert inn eit gamalt, ubrukeleg apparat. Tyskarane ville no avstad å sjå etter på lageret med innleverte radioar om Skauge sitt apparat fanst der. Dei beslaglagde apparata var lagra i prestegarden bak forsegla lås, og lykkelen til lageret var på lensmannskontoret. Den dagen rassiaen vart føreteken høvde det seg slik at lensmannen ikkje var heime, og betjenten, Olav Bøe, som også var god “jøssing”, “forsikra” at det var lensmannen personleg som hadde lykkelen, og at han som betjent ikkje kunne koma inn der no, men det kunne ordnast “i morgon” for då var lensmannen komen att. Dette beit tyskarane på, og om natta vart radioapparata ombytt slik at alt var i orden dagen etter. 

Toralf Sande vart også utsett for liknande husunder­søking. Han hadde visst nok gøymt radioapparatet i potetkjellaren og tyskarane fann det ikkje. Det vart sagt at han, etter husundersøkinga, ei kort tid hadde appa­ratet gøymt i kyrkja, inntil han fann ein ny gøymeplass. Han budde nær kyrkja og var ei tid kyrkjetenar og gravar.

 

RESTRIKSJONAR OG PÅBOD

Eg hugsar godt at me, ein del ungar, ein dag me klatra i Storurda, kom over eit gevær som låg under ein stein. Eg trur det var eit haglgevær. Det var nok ein bygde­mann som hadde gøymt det der. Han må ha fått greie på at me hadde sett det, for då me kom oppatt litt seinare var geværet borte.

Det hende at tyskarane undersøkte urder, og andre tenkelege gøymestader i utmarka, på leiting etter våpen og radiomottakarar, kanskje også sendarar, ja dei var heilt inne i Midtundalen og sjekka sela, men eg har ikkje høyrt om at dei fann noko her.

Ein gong dei undersøkte urda i Jytten, ovanfor Gryta, og tok seg ei pause midt i urda, var det ein som song og jodla på ekte tyrolervis så det ljoma utover bygda. Det var i grunnen svært fint, han var ein flink songar.

Ved festningsanlegga i Risenes og Rutledal var det mange tyske soldatar og det hende at dei kom rundt på gardane her og ville kjøpa smør, kjøt og anna mat. Det var sikkert ikkje mykje dei fekk.

Bøndene vart pålagde tvangslevering av nær sagt alle slags jordbruksvarer. Ein gong vart bøndene på Midtun pålagt ei ekstra tvangslevering av furustokkar frå plantefeltet. Dette skulle brukast til sviller under jern­baneskinner.

I tillegg til alle slags jordbruksprodukt hadde tyskarane også bruk for drakraft, så enkelte, då helst dei små bruka, måtte til og med levere frå seg hestane. Ein småbrukar her tok det særs tungt då dei for med hesten hans. Han var ein varm dyreven og hadde så vanskeleg med å skilja seg av med hesten sin at han vurderte avliving av dyret slik at det skulle sleppa å hamne i tyskarane sitt vald. Men hesten vart henta. Det var ein flott hest, dei som tok imot han skrytte svært over dyret. Mannen hadde det trongt økonomisk, men pengane han fekk for den gilde hesten sin tok han ikkje imot. Dei vart sett inn i banken og korleis det vidare gjekk veit eg ikkje.

Denne mannen hadde gevær liggande i huset sitt og ein gong det gjekk to tyskarar over eigedomen hans henta han geværet og ville skyta dei. Det måtte verkeleg hardskap til å få han frå det, vert det fortalt.

 Det var restriksjonar og påbod i alle retningar. Så snart mørket kom om kvelden måtte blendingsgardina trekkast for. Alt skulle vera mørklagt slik at eventuelle engelske flygarar ikkje skulle få noko form for navigasjonshjelp. Avisene vart sensurerte, var fulle av tysk propaganda, og ny­hende­meldingane vart forvridde, men dei som kom frå England, gjennom dei skjulte radiomottakarane, var ekte.

Alle som skulle ut å reise, om så berre til Bergen, måtte ha reiseløyve og pass. Dei som dreiv fiske måtte også ha løyve til det. Løyva vart utferda på lensmanns­kontoret. På forsyningsnemnda fekk me rasjonerings­kort. Så vidt eg hugsar var alle daglegvarer rasjonerte, og det var svært dårlege surrogatvarer me fekk, t.d. var såpene, dei vart kalla “B-såper”, svært vanskelege å få noko skum av i det heile. Kaffierstatninga var også svært dårlege saker. Ein fekk sko av fiskeskinn. Alle matvarer var det lite av. Folk nytta naturressursane så godt dei kunne. Om haustane var liene fulle av bær­plukkarar. Også dei fleste ikkje gardbrukarar hadde gris og høns, dei innreidde rom for det i kjellarar, reiskaps­hus og buer, og mange heldt kaninar.

Under krigen var det varme, grøderike somrar, men strenge vintrar. Ved ein løebrann på Henriksbø, det var i januar 1942, vart sløkkingsarbeidet umogeleg av di Storelva var botnfrosen.

Sommarstid var det i krigsåra mykje byfolk i bygda. Mange hadde slekta si her, men også andre vart mot­tekne slik at dei fekk vera ute or byen nokre veker. Skuleborn frå byen vart i ferietida plasserte rundt på gardane for å få eit opphald på “landet”. Desse borna var oftast, som borna her, med i arbeidet på gardsbruka og det såg ut til at dei fann seg godt tilrette i bygde­miljøet. Dei fleste fekk nok også, dårlege tider til tross, nokre ekstra velkomne kilo på kroppen før dei om hausten drog tilbake til byen.

 

TRESKOR OG KLOGGAR

Verksemder som blomstra i krigstida var tresko­fabrik­kane. På alle hus vart nytta tresko. Når folk var innan­dørs stod treskopara på rekke og rad i bislag og gangar. Treskoa var varme og gode, men kunne vera glatte når solen vart sliten. Med nedsliten hel eigna dei seg ypparleg til skriding på issvullar og hardfrosen mark. Farten kunne verta temmeleg stor, men det var ikkje alltid lett å få ordentleg styring og å kunne stoppe tidsnok, ofte slo me oss både gule og blå.

Treskoa vart lakka utvendig for at dei ikkje skulle trekkja vatn. Lakken var, det eg hugsar, alltid svart. På treskofabrikken i Sellevåg vart golvet i lakkeringsloftet heilt svartfarga av lakkdropar som fall ned under lakkeringsarbeidet. Dette arbeidet føregjekk med vanleg kost.

Kloggar og kloggestøvlar med trebotn vart også mykje brukt. Det hende at det, i staden for ler, vart nytta fiskeskinn til overdel på kloggane og kloggestøvlane.

 

FORBOD OG TRASS

Under krigen var det forbode for norske å samla seg til dans. Ein laurdagskveld hugsar eg at, i alle fall me ungane var svært spente. Det hadde då ei tid lege, og låg framleis, ein del tyske soldatar i ungdomshuset. Dei leika og skråla og hadde det tydelegvis svært morosamt på plassen framfor huset om kvelden. Ungdomane i bygda samla seg, med trekkspelmusikk, i løa hans Ole Midtun til dans. Då musikken og ståket frå dansemoroa strøymde ut frå løa, vart det heilt stille ved ungdoms­huset. Me sat litt unna løa og fylgde spente med, men det skjedde ingen ting, dei tyske soldatane held seg rolege. Ungdomane dansa også i ungdomshuset når tilhøva tillet det.

Etter at Eikenes vart teken av tyskarane, og Bøe hadde trekt seg som betjent, kom her nazilensmann og ny betjent. Dei var i grunnen moderate i tenesta. Det vert fortalt at ein gong ungdomane dansa i ungdomshuset fekk lensmannen vitjing av ein Nazimann av høgare grad. Mannen ville ta turen til forsamlingslokalet for å sjå om der var dans. Dette skal lensmannen ha avverga ved å forsikra at han alt hadde sendt betjenten sin dit. Betjenten var der, han. Han hadde trekkspelet med seg, og det var han som sytte for dansemusikken.

Ei verkeleg stor illegal tilstelling under krigen, som lyste opp i det grå tilværet, og som nok alle som var med (og det var så godt som alle i heile bygda) vil hugse, var då me feira 17. mai i Midtundalen i 1942, men det har eg nemnt på annan stad i skrivet, under avsnittet andre skikkar.

Heilt på slutten av krigen, det var sundagskveld, og det låg ein tysk krigsbåt ved d/s-kaia. To ungdomar vart av tyskarane  bortviste frå kaiområdet. Dei gjekk då opp på Flolidfjellet med ei sterk lommelykt og gav seg til å “signalisere” utover mot øyane og havet. Om det var “signaliseringa” som gjorde det veit eg ikkje, men den tyske båten kasta laust og forlet området.

I krigen sine siste månader såg me ein gong eit fly som krinsa rundt i svært stor høgde. Det såg ut som om flygaren følte seg trygg på at han var utanfor rekke­vidde av tyske forsvarsvåpen og leika seg med å skapa “krosedullar” av den kvite røykstripa flyet la etter seg.  Enkelte meinte å lesa av forma røykstripa fekk at det var ei helsing frå kong Håkon VII som då var i London. Dette måtte truleg vera eit av dei allierte sine tidlegaste jetflytypar.                                                                                  

Det var ofte fly over bygda i krigsåra. Ei natt i siste krigsvinteren var det særleg mykje flyaktivitet. Me skjøna at det var noko særskilt som hende, og i dagane etter frette me at det hadde vorte slept fleire konteinarar med mat og annan proviant i Dalsbygda. Dette var etter at oppbygginga av Bjørn Vest-styrkane i Masfjordfjella var komen i gang, og varene var forsyningar til desse styrkane, men vart feilslepte av engelskmennene.

I hytta på Timrøyna budde det nazistar under delar av krigen. Me tykte alltid det var litt skummelt med desse nazistane der borte og lurte stadig på kva dei sat og pønska på. Ein av dei, han som då eigde øya, vart, etter det eg har høyrt, arrestert der av norsk politi i freds­dagane i mai 1945. Han var mellom dei som seinare rømde frå fangenskap på Ulven ved Bergen, til Argentina med m/b “Solbris”. I Bygdebok for Gulen står om dette.

Ein av båtane som Johannes Nygård no eig, m/b “Motig”, vart nytta i Englandsfarten under krigen. Dette var den fyrste båten som Shetlands-Larsen tok over Nordsjøen. Han vart mykje nytta i transport mellom Shetland og Skottland.

Krigstida var ei vanskeleg tid, folk levde under angst og tvang, og det var ei enorm lette då Tyskland kapitu­lerte. Folk jubla og song, salutterte med det dei hadde av sprengstoff, fann fram det fine, reine norsk kross­flagget, slepte nasjonalkjenslene lause,  gleda over fridomen var overveldande. 8. mai 1945 vil nok ingen som opplevde det gløyme. Folk her samlast i ungdoms­huset der me, gjennom eit radioapparat som hadde sloppe unna det tyske påbodet om innlevering, fekk stadfest gledesbodskapen og ta del i stemninga. Folk svevde i lukke i dagane framover. Det var liv, røre og feststemning over alt i desse varme, lyse og fine vårdøgna, og det spreidde seg ei inderleg, stor og djup takksemd til alle som hadde kjempa så hardt, og særleg til dei som hadde ofra sitt liv for at me igjen skulle få oppleva fridom, og slike ugløymande dagar.

Mellom dei som ofra alt var også to av våre utflytta bygdemenn, brørne Johan og Hjørleiv Midttun (Henriksbø). Johan vart arrestert av tyskarane 15.3.1941 og vart skoten på Akershus 4.12. same år. Hjørleiv var radiotelegrafist og kom bort då “Kosmos II” vart torpedert 28.10.1942.

På den nedre kyrkjegarden, sør-aust for Lovseieberget, var tidlegare ei stor grav som vart kalla “Den engelske grava”. Der var, etter det folk no hugsar, 16 engelske soldatar som kom bort i fyrste verdskrig gravlagde. Desse soldatane vart, etter det eg har fått opplyst, funne ved innløpet til Sognefjorden, nokre ved Lihellene, og elles i området der ut for Hisarøy. 

På grava vart det reist ei stor steinstøtte med inskripsjon på, og omkring var der mindre steinar med kjetting mellom. Fleire hugsar også at der og var fleire mindre gravstøtter (truleg 4) innafor det innringa området. Ved freden etter 2. verdskrig i 1945 hugsar eg at “gamlelensmannen”, Bredvik, heldt tale ved denne grava og rosa den britiske nasjon for innsatsen også i 2. verdskrigen. Lensmann Eikenes var då ikkje komen att frå tysk fangenskap og Bredvik fungerte i lensmannsstillinga ei kort tid denne fredsvåren.

Seinare vart engelske krigsgraver samla på større kyrkjegardar. Grava her vart greven opp og restane ført til ein gravstad i Fredrikstad i 1961. Steinstøtta og dei andre steinane var samstundes tekne bort, men det er sett ned att ein liten stein med ei koparplate som, med engelsk tekst, fortel at grava er flytt til Fredrikstad. Denne steinen står aust for ein gangveg over kyrkjegarden. Me er fleire som meinar å hugse at minnesteinen over "Den engelske grava" stod på vestsida av denne gangvegen.

I 2. verdskrig, på slutten av 1944, gjekk eit engelsk kampfly rett i ein fjellvegg på Losna. Einar Navdal (gnr. 15, bnr. 6) var med då restane av flymannskapet vart henta ned. Han har fortalt at dei måtte bruka tau for å koma seg ned til flyet som stod med halve kroppen fast i fjellet. Restar både av folka og flyet låg spreidde over eit stort område. Dei meinte at det hadde vore 3 soldatar i flyet. Dei vart gravlagde ved kyrkja her, men også desse gravene vart flytta her frå på same tida som den store engelske grava vart teken bort.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.