Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

EIVINDVIK SOM POSTSTAD

 

Huset på Haugane der Posten heldt til 1892-1927. F.h: Postopnaren  Ølla Navdal, faren Mons Haveland og sonen Einar Navdal. Postkassen heng ved døra. Foto: Ukjent

Dei kjeldene eg har om dette er opplysningar frå postmuseet i Oslo (kopiar av gamle kart, postruter m.m.) og bygdeboka.

Opprettelsen er ukjent” skriv postmuseet, men staden er nemnt postopneri i ei oppteikning i 1808 over poststader som skulle få nytt segl på grunn av skifte av konge. Det er her ikkje nemnt fleire poststader i Gulen. Eivindvik er skrive Evenvig i Ytre Sogn, medan det på Leirvik (i Hyllestad) står “Leervig(en) i Evenvig”. Dette p.g.a. at Leirvik den gongen høyrde til Eivindvik prestegjeld. Postopneriet her var då i Fonnevika. Det vart flytt over til fastlandet i 1892. Truleg fekk postkontoret alt då rom i huset til Mons Haveland på Haugane (det same huset som står på bruket i dag). Mons var blitt postopnar i 1890, står det i bygdeboka. Postkontoret var fyrst i kjellaren, men vart seinare flytt opp i eine stova i 1.høgda. Haugane var truleg stad for postkontoret heilt fram til Ansgar Sandal vart postopnar i 1927. På Haugane har dei framleis posthylla, bordet og bosskorga som vart brukt på postkontoret der.

På eit gamalt postkart frå 1785 står “Evindvig” nemnt, men om det då var postopneri i Eivindvik eller om kartet berre viser namnet på prestegjeldet, kan eg ikkje seia. I ei opplysning til kartet (skriven i “Kiøbenhavn” 1785) står “De imellem Bergen og Molde samt Bergen og Stavanger paa et Forsøg anlagde, men endnu ei allernaadigst approberede Weye ere:”, og her kjem så dei strekningane som er nemnde i vårt område:

Over Mas-Fjorden til Eie    1  Miile
Over Gulen-Fjord til Nord-Gulen  1   “
Rutledalen   ¾  “
Over Sognefjorden - Neskie  ¼  “

På dette framlegget til postveg mellom Bergen og Molde er ikkje Eivindvik nemnt utanom på kartet, men det var vel omlag berre presten (og av og til lensmannen) som fekk post i dei dagar, så dersom ruta kom i gang, vil eg tru at posten vart førd ut her. Ei tid prøvde dei med postopneri i Åmdalsvika, for at postførarane skulle sleppa å ro ut her med posten. Dette starta i Dahl si tid og Klaus Jørgenson (Ytre Midtun) vart sett til å ordna med posten i Åmdalsvika. I bygdeboka står at prestane kravde betaling av det offentlege til drengene som laut hente presteposten i Åmdalsvika og dette gjorde at posten igjen vart førd til Eivindvik. Postord­ninga i Åmdalsvika varde, etter bygdeboka, frå 1849 til 1858. Klaus var også hovudkyrkjesongar, ved sida av Anders Furnæs.

Tidlegare hadde Klaus vore omgangsskulelærar, og det ser ut for at Dahl hadde utpeikt han til lærar ved den faste skulen når skulehuset på Undertun vart ferdig. Dette var, som før nemnt, det fyrste skulehuset i heile prestegjeldet, og huset kom i 1835. Grunnen til at Klaus då ikkje vart lærar der er vel at han alt i 1819 (etter bygdeboka) busette seg i Åmdalsvika.

I 1812 og 1816 er namnet på postopneriet i Eivindvik berre “Evenvig”, i 1833 “Evenvig i Ytre Sogn”, seinare “Eivindvig”, men i oppteikninga over poststader i 1889 er namnet endra til “Evenvik” og 1.5.1901 endra igjen, til “Eivindvik”. Tidlegare låg Eivindvik under Bergen postkontor, men frå 1.7.1909 vart det lagt under Lærdal postkontor, frå 15.1.1928 igjen under Bergen, frå 1.10.1929 igjen under Lærdal, frå 1.7.1953 tilbake til Bergen og så frå 1.10.1971 under Førde.

I tida 1785-1858 er nemnt berre 2 poststasjonar i Gulen, det er Eide, i det ruteframlegget som er nemnt ovanfor, og Eivindvik i ein “Beskrivelse over Norges offentlige Brevposter”, datert Christiania, august 1838. Her står “Evenvig” oppført og i ruteoppsettet som fylgjer med står under rute 75 (84), frå Bergen til Molde:

“Udgaaer fra Bergen Tirsdag kl. 12 Middag.

   Miile  Timer
Til Lindaas   5 ½  12
 “   Evindvig   8 ½   20
“   Leervig  11 ½  28
“   Dale  15 ½ 39

Og så vidare nordover.

Rute 84 er returen til Bergen. Ruta brukte 115 timar Bergen - Molde og 114 timar på returen som starta frå Molde “Tirsdag kl. 9 Formiddag.”

Om stempeltypar som har vorte brukte ved Eivindvik postopneri skriv postmuseet:”Poståpneriet nyttet først 3-rings kassasjons­stempel nr. 62 (ca. 1855/6) og fikk tilsendt datostempel 16.12.­1858  av 1-rings type med stenskrift bokstaver.”

Om postopnarane har eg fått desse opplysningane: “De som først ordnet med posten er ukjente. En timeseddel fra 1833/4 er testert av Waage, i 1835 av Alstrup. L.Jørgensen 1.1.1849. Sogneprest A.Meyer 15.7.1859. Hans E.Lund, midlt. 1.4.1878, fast i 1880.  Landhandler og ds.eksp. Fredrik Larsen 1.7.1883. Ds.eksp. Mons M.Haveland 1.4.1893. Lensm. A.Bredvik 5.3.1902. Mons M. Haveland ble kst. 1.4.1907, fast 1.12.1908. Sigurd M. Haveland 1.8.1921. Tlf.hj.betjent og ds.eksp. Ansgar Sandal ble kst. 1.11.1927. Postsjåfør Nils Arthur Oppedal ble kst. 1.4.1971. Posteksp. Berit Jorun Haveland Opdal 1.1.1977.”

Årsløna til postopnarane var i 1861 24 spd., 1866 30 spd., 1877 kr. 180,-, 1894 kr. 240,-, 1901 kr. 340,-, 1909 kr. 500,-, 1914 kr. 550,- og i 1917 kr. 650,-.

Fra 1.7.1917 ble det ellers gitt et midlt. dyrtidstillegg med 50% av lønnen da.”

Den lokale sogegranskaren, Karl Gåta Birknes, skriv i ein artikkel i “Gula Tidend” av 21.12.1935, om postrutene i Sogn. Han seier der at postruta mellom Bergen og Molde kom i gang i “1786-åri” med poststad “Leirvik i Sogn”. “I Eivindvik vart ikkje poststad fyrr i 1797, og sokneprest Dressing var den fyrste postopnar”. I artikkelen står ikkje noko om kvar han har funne desse opplysningane.

Han skriv også om at mellom andre Dahl gjekk hardt inn for å få eit tverrsamband mellom den postruta som gjekk frå Oslo til Bergen over Lærdal, Frønningen og Voss, og postruta mellom Bergen og Molde. Dahl sende ei utgreiing om dette til “Nordre Bergenhus Amt” 17.7.1835 og han fekk styresmaktene med seg, alt i 1836, ved kgl. res. av 5. mai, vart det sett i gang slik “vikepost” mellom Leirvik og Frønningen i desse to postrutene.

Då “Fylkesbaatane” starta opp verksemda si i desember 1858 overtok dei postføringa.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.