Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

STEINKROSSANE

 

 Steinkrossane er våre mest kjende sogeminne. Kva tid dei kom og kven som fekk dei oppsette, har det vore granska og filosofert mykje på. Ei segn seier at Olav den heilage fekk sett opp krossen ved kyrkjegardsporten då han var her på talarferd saman med broren Harald i 1023. Denne krossen har vorte kalla Olavskrossen. Vart krossen reist i 1023, kan det kanskje ha samanheng med innføringa av kristenretten i Gulatingslova. A. Faye, som har gjeve ut “Norske folkesagn” (1948), har ein tradisjon om at Heilag-Olav kom til Eivindvik og heldt seg der prestegarden ligg og at han sette opp begge krossane, den eine for å vigsla staden til gudsteneste og den andre i “nærheten av en gammel offerkilde for å tyne den hednske gudsdyrkingen der”. Olav baud også folket å byggja ei kyrkje.

Tradisjonen om at Olav den heilage har reist krossane nemner også Holck i sin tidlegare nemnde artikkel i “Budstikken”, s. 270. Ei anna segn eg har høyrt seier at kong Olav, truleg Olav den heilage, frå tingsta­den skaut 3 pilar, og der kvar av pilene fall ned vart det reist ein kross. Etter det folk fortel om plasseringa “den 3. krossen” skal ha hatt, ville desse krossane då ha danna hjørna i ein omlag likesida trekant.

Ei anna segn seier at alle dei raude prikkane som finst på krossane skal kongen ha skote inn med pilane sine.

Det er også ei segn som seier: “No æ da inkje lenger æsene men Kvite-Krist som rår på Gulatingje. Fy`honom lyse dei tingfred unde dan heilage krossen. Dan tiæ song bispen Gloria frå dan gamla gjæva kongabui som Håkon Adelsteinsfostre reiste”, attgjeve frå Birkeli si bok “Norske steinkors i tidleg middelalder” s. 189.

Ein som  har studert mykje på dette med steinkrossar er nettopp biskop Fritjov Birkeli. Boka hans er svært interes­sant. Der skriv han også mykje om krossane i Eivindvik. Brevveks­lingar mellom han og sokneprest Johannes Holten i åra omkring 1960 syner at Birkeli fleire gonger var her og såg på krossane og staden der dei er plasserte. Han har også reist mykje til andre stader der det står krossar, også på dei britiske øyar der førebileta for våre krossar er å finne. I tillegg har han lese mykje både norsk og britisk historie og har sett seg godt inn i det han skriv om. Han har såleis breid og god bakgrunn for dei tankar han legg fram.

Det eldste skriftlege som er funne om dei to krossane er ei oppteikning frå 1626 i “Arnamagnæanske sam-linger”, folio 370, der det m.a. står: “Wdi Bergenstifft vdi Nordhordlehn paa Evendvijgss prestegaard findess 2 Steenkross: dett første staar hoss kircken oc er fem sielandsk all høy; to alne bred: oc fire finger tyck, det andett staar 288 allne vdi Nord fra dett første; oc er 4 S:all:høy oc 2 alne bred, huorpaa staar itt lidett kross vhuggen...”

Her er også teke med segna om at kong Olav den heilage “skulle haffue skutt disse røde pletter Eller steene der vdi” og at “Munckene derom at haffue gangitt med korss oc fane 2 gange om Aaritt, som er korsmisse om vaaren, oc korsmisse om høsten oc da signet Ager oc Eng.”

Krossmessedatoane var 3. mai og 14. september. På desse messene skal munkane ha gått i prosesjon mellom krossane. Eg har høyrt at messa om våren var for å be om signing for grøda og om hausten var det takkemesse for årsgrøda.

Det har vore sagt at krossen ved kyrkjegardsporten tidlegare har stått nede ved sjøen. I “Innberetning om befaring i Gulen 7.-12.6.1975” seier professor Knut Helle m.a. om dette: “Plasserin­gen av korsene er såpass grundig drøftet her, fordi det i nyere tid er oppstått en tradisjon om at prost Dahl skal ha flyttet korset ved kirken opp fra sjøen (Flolid 1918; jfr. Hannaas 1921-22; Østgulen 1961, s. 99). Av dette som er nevnt ovenfor, går det fram at denne tradisjon ikke kan være riktig”.

Med “det som er nevnt ovenfor” viser Helle til dei målingar han har gjort og samanhelde med måla som er oppgjevne i oppteikninga av 1626, og mål som seinare vart føreteke av Dahl. Helle heldt det også for “temmelig utenkelig” at Dahl sjølv ikkje skulle ha gjort merk­sam på ei slik flytting då han synte biskop Neumann krossane og då han seinare skreiv om krossane. Om det at krossane skulle ha vore flytta til Eivindvik frå ein annan stad seier Helle at det finst ingen haldepunkt for noko slikt. Han skriv vidare: “Deres historie før 1626 kjenner vi ikke, men det fins ikke grunnlag for å hevde at de står noe annet sted enn der de ble reist første gang”.

Det er ein tradisjon om at ein tidlegare prest hadde flytt døypefonten, som stod attmed krossen ved kyrkjegardsporten, ned til sjøen og at Dahl flytte han oppatt. “Muligens befinner vi oss her ved kimen til den klart uriktige tradisjon om at også det ene eller endog begge steinkorsene er flyttet opp fra sjøen”, skriv Helle.

Av dei i alt 60 steinkrossar som Birkeli seier er registrerte høyrer heile 54 til på Vestlandet, frå Jæren i sør til Sunnmøre i nord. Alle dei steinkrossane “som fremdeles eksisterer” høyrer til i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Forklåringa på dette er nok at skikken med å reisa krossar, som kom til oss frå dei britiske øyane, nådde Vestlandet fyrst, der største samkvæmet med Storbritannia var, og før denne skikken med å reisa slike høgreiste, frittståande krossar på alvor nådde andre landsdelar, fekk andre vanar overtaket i gudsdyrkinga.

Den angliske krossen i Krossteigen med uthogd liten latinsk kross mellom armane.

Birkeli seier, i tidlegare nemnde bok, at krossen ved kyrkjegard­sporten høyrer til ei lita gruppe som han vil kalle “norsk-keltisk” type. Dei har rette armar og karakteristiske halvsirkel­runde armholer. Om krossane i denne gruppa seier han på s. 239: “Men alle tre røper at de som laget dem, hadde en klar kunnskap om den keltiske stil.” På s. 241 skriv han: Korset er så forseggjort at en prest fra “keltisk” område må ha forestått utførelsen av det.” Om dei keltiske krossane i Noreg skriv han på same sida m.a.: “..det eneste sikre er at de representerer en misjons- og kirkeforbindelse mellom Vest-Norge og den “keltiske” del av de britiske øyer.”

Som nemnt seier segna at denne krossen vart oppsett av Olav den heilage i 1023. Birkeli seier (s.241): “...kommet til at det må ha forbindelse med en av de biskopelige kongemisjoner som ble ledet av Olav Trygvason eller Olav Haraldson. Vår hypotese går ut på at det da er naturligere å gjette på Olav Trygvason enn på Olav Haraldson, siden det sannsynlig dreier seg om et kors ved Gulatinget. Det annet kors må da betraktes som et slags tingkors, og dette “keltiske” kors med den døpefont som tradisjonen sier hører til det, var vel da et sted “tingpresten” brukte fra Olav Trygvasons tid av som kirkested før kirken ble reist.”

Ein annan stad i boka, s. 232, skriv Birkeli m.a.: “Glemmes skal heller ikke tradisjonen om at Olav Trygvason ble døpt på Scilly-øyene..” Desse øyane ligg nær eit område kor nordbuar hadde busett seg og der det er mange enkle krossar, ja til og med klart keltiske krossar.

Brømel seier i sin artikkel i “Urda” at folket vart døypte og kristna på Gulatinget i 997. Dette årstalet har eg sett også nemnt av andre. Kanskje krossen og døypefonten vart sett der i samband med denne store “mannedåpen”?

Men, sjølv om det nok er slik at Olav den heilage, kanskje urettmessig, har fått mykje av segner og tradisjonar bundne til seg p.g.a. den særstillingen han oppnådde etter at han vart helga, vil eg no nemna at også han var mykje på dei britiske øyane og nok og kunne ha hatt keltiske prestar med seg til Noreg.

Om krossen oppe i Krossteigen seier Birkeli m.a., s. 242: “Med sine store, runde og harmoniske buer mellom korsarmene og den karakteristiske rette avslutning for hver korsarm, samt den slanke og vel bearbeidede stamme, må det vel kunne sies å representere en forenklet “norsk-anglisk” type”. Om den angliske krosstypen seier Birkeli også på s. 235:”Den forbinder alle korsarmer med lange, brede linjer i forskillige variasjoner, men beholder som regel den rette linje ved korsarmens avslutning”. Han seier også at “det angliske kors var dels meget enkelt, dels overdådig utskåret”. Av angliske krossar er det funne mange døme på at krossane hadde dekorasjonar i feltet mellom armane, også uthogde krossar, men same type som i krossen i Krossteigen, der stammen til den uthogde krossen forsvinn “elegant” i hovudkrossen sin stamme, har ikkje Birkeli sett. Den uthogde vesle krossen seier Birkeli er ein latinsk kross.

På s. 183 skriv Birkeli at krossen i Krossteigen er i si form “enestående i Norge og har et klart fremmed preg”, og vidare at krossen er svært fint utførd, “meget elegant form”, og at han “må være laget av en dyktig hugger.” Han meinar at me må ha for auga at det var etter fleire hundreårs kontakt med europeisk sivilisa­sjon og kristendom at krossar vart laga i England, Irland og Skottland, medan det var så og seia i starten av norsk kontakt med kristendomen at krossane vart reiste i Noreg. “Det er tydelig at man ikke har noen innenlandsk tradisjon” (s.238). Han meinar at det er høgst sannsynleg at det er frå dei britiske øyar Noreg har sine “korsimpulser”.

I E. Bjordø sin bok om “Eivindvik kirke” står det på s. 7 at framfor krossen i Krossteigen låg eit steinbord - “kanskje har det, som folkesagnet vet at berette, vært et offerbord”.

Eg har lyst til å legge til at det er funne mange store heller på prestegarden. Både i hovuduthuset og i gardfloren i Krossteigen var m.a. steinheller nytta som skilje mellom båsane.

Krossen i Krossteigen har fått ei særeigen plassering, han står slik at når sola snur om vinteren (22. desember) skin ho så vidt opp heile krossen, ein kan seia det slik at krossen står i skuggekanten. “Sola går aldri ned over krossen i Krossteigen”, var ei utsegn som sokneprest Johannes Holten etterprøvde 22. desember 1961. Den dagen var det klårt ver og det viste seg at utsegna var rett. I ein brevkopi av 5.1.1962 ser eg at Holten m.a. har skrive:”Eg var på staden og fekk sjå at det som var sagt slo til. Steinen står såleis i bakken at solauga dekkjer heile steinen. Dette varer ikkje lenge. Det er min. om å gjera så er det skugge att.” Det er også fleire som har kontrollert dette og som seier at det stemmer.

Birkeli hallar til den meining at det er Håkon Adelsteinsfostre som har sett opp denne krossen. Håkon, som var oppfostra i England, hadde truleg godt kjennskap til Glastonbury som på den tida var eit av England sitt viktigaste åndelege sentra med det kjende Glastonbury klosteret. Birkeli hevdar at Håkon sin biskop kom frå dette strøket og då er det rimeleg å tru at også prestane i Håkon sin misjonsfreistnad kom der frå, eller frå andre sentrale delar av England. I Somerset, distriktet der Glastonbury ligg, hevdar Birkeli at det har vore ei mindre norsk busetjing. Han peikar på at fiskebåtane i eit område der den dag i dag har ei umiskjenneleg norsk form. Kanskje sambandet her med Noreg kan ha noko med det klosteret som det er sagt skal ha vore i Eivindvik?

Det er mange som har nemnt krossane i “skriftene” sine. Dahl skriv t.d. på s. 503 i artikkelen sin i “Budstikken” i 1824: “Det Kors der staar ved Kirken, og som synes ældre og simplere udhugget end det andet nordenfor staaende, giver utvetydigen tilkjende at dette har været reist før Kirken blev bygget, for at indvie Stedet til et gudstjenesteligt Forsamlingssted, eller kun at christne selve Stedet. Som bekjendt vare saadanne Kors i Middelalderen meget almindelige, især hvor man ikke havde endnu Tid eller Leilighed til at bekoste Kirker opbyggede.” Som døme på “med hvilken Omhu man vedligeholdt slige Kors” nemner han at det var gardar som var “skjænket” til vedlikehald av krossar. Etter reformasjonen var det ikkje lenger bruk for krossane slik som før og gardane vart frigjevne. Han nemner garden “Herrandstvedt” i Kvinnherad som vart gjeven “tilbage” i det 16. århundre av biskop Geble i Bergen. Me kjenner alle uttrykket “han gjekk korkje til kross eller kyrkje” som også går tilbake på at krossane var eit kristent samlingsmerke.

Det er mange som meinar det same som Dahl at krossen her ved kyrkjeg­ardsporten hadde funksjonen som samlingspunkt for kyrkje­lege handlingar og som eit teikn på at det no var kristendomen som hadde overteke makta på staden der det gamle hovet stod. Dei religiøse handlingane heldt fram på same stad som før, men no var det Kvite-Krist dei tilba i staden for æsene. Birkeli skriv m.a. på s. 227 at erkebiskop Theodor som organiserte kyrkja i England i siste halvdel av 600-talet hadde den innstillinga at:”Et kors skulle reises der hvor det hadde vært et alter”.

Når det gjeld krossen i Krossteigen ser det ut for at dei fleste meinar at han har vore sett der for å overføre merksemda og “krafta” frå den heilage kjelda (no kalla Olavskjelda) og offerlunden nedanfor, til kristendomen sitt symbol. Krossen var nok også knytt til tinget, tingfred var no lyst under det fine, velplasserte kristne krossmerket. Mellom andre skriv biskop Neumann om dette (“Budstikken” 1824, s. 377):”..det ene er reist ved hiin omtalte Offerkilde, men det andet ved Kirken, som tegn på Christendommens Seier over den forstyrrede Afgudstjeneste.”

Det steinmateriale som krossane er laga av har me ikkje funne her. I Hyllestad kommune skal det finnast slik stein. Sume meinar at krossane er uthogde i Storbritannia og frakta ferdige her til, andre at prestane/munkane har teke materialet med seg derfrå og hogd krossane til på staden, medan atter andre trur at krossane er tilhogde her av materiale henta frå Hyllestad.

Måla på krossane etter Birkeli si bok:

Krossen ved kyrkja: “Målene over marken er: største lengde 2,75 m, bredden på oppsiden av sidearmene 1,15 m og bredden på nedsiden av korsarmene 1,05 m. Denne forskillen fremkommer ved at venstre sidearm er noe defekt og skråner skjevt innover. Hver sidearm er ca. 36 cm bred. Toppstykket er ca. 33 cm. bredt. Alle tre stykker er øyensynlig ment å være like brede hele veien. Stammen er ca. 39 cm. bred nede ved jorden. Begge sidearmer er ca. 40 cm lange bortsett fra den delen på venstre arm som er defekt. Mellom alle fire armhuler er avstanden 36 cm.  Armhulene er sirkelrunde og meget vel forseggjort. Diameteren i aller fire armhuler er ca.10 cm. Korsets tykkelse er ca. 6-7 cm oventil og ca. 13-15 cm nedentil.”

Den keltiske krossen, Olavskrossen, utanfor kyrkjegardsporten.

Krossen i Krossteigen: Måla er på s. 183 oppgjevne slik: Høgde på sørsida 2,49 m, på nordsida 2,24 m, største breidd “fra korsarm til korsarm er ca. 1,30 m. Korsarmens ytterste bredde er henhold­svis 42, 43 og 48 cm. Etter noen cm med vanlig bredde, formes resten av armene i en stor halvsirkel. Diameteren i den øvre-vestre korsarm er 39 cm, og diametern i den øvre-østre er 44 cm. De to nedre korsarmer går jevnt over fra sirkelavrundingen i stammen. Tykkelsen varierer fra 8 til 10 cm. Midt på korsets forside finnes et opphøyet latinsk kors innhugget. Det stiger frem 1 a 2 cm fra den øvrige steinflate. Stammen på dette lille korset blir bredere nedover og forsvinner etter hvert elegant i den omgivende steinflate. Lengden av dette innhugne korset er 63 cm, bredden 55 cm.”

Etter tradisjonen skal det som nemnt ha vore enno ein kross i Eivindvik, det som vert kalla “den 3. krossen”, jfr. segna om pilane som Olav den heilage skaut ut frå tingstaden. Den synske Anna Elisabeth Westerlund sa då ho var her i 1983 at det har vore ein 3. kross og han kom før dei to krossane som no står her. Eg har sett ei oppteikning over eldre personar, intervjua av Andreas  Midttun, som hevdar å ha sett eller høyrt om denne krossen. Bernt Austgulen, som då var over 100 år, fortalde meg for nokre år sidan at han mintest krossen som stod i bakken aust for den nye kyrkjegarden på nordsida av vegen opp til Haugane. Det har vorte hevda at krossen stod der også midt i 1930-åra.  Øysten Hovden,  sokneprest i Gulen 1927-1937, har i kallsboka for embetet skrive at tysdag den 14. april 1936 var medlemane av “Gulating studiering” saman på prestegarden for å røykja nærmare etter om dei kunne finna noko av krossen. Skomakar Ole Ellingsen, ca. 70 år, påviste staden der krossen hadde stått. Ellingsen budde då i huset som framleis står oppe ved steingarden rett over staden. Han opplyste til Hovden at “siste gong han la merke til den var ei stund etter påske i 1899”. Hovden sin konklusjon var slik: “Det viste seg likevel ikkje mogeleg ved graving og noggrann “bonitering” med jarnstenger på staden å finna noko som minte um denne krossen eller “fundamentet” han hadde stått på.”

Hovden nemner også namn på ein del personar som har sagt at dei sjølve har sett at krossen stod der, m.a. skal bygdesogegrans­karen Karl Gåta ha sagt at han hugsa krossen godt frå 1880-90 åra. Hovden skriv om plasseringa av krossen: “Denne krossen skal ha stått i bakken mot Haugane - aust for den nye kyrkjegarden - ei 5-6 meter nord for den gamle ålmannavegen som gjekk her.” Dette stemmer med den plasseringa eg har høyrt frå andre og som også Westerlund “såg”.  Etter det folk har fortalt var krossen “noko mindre” enn dei to andre, han stod på skeive og den eine armen var avslegen. Dette stemmer også med det som Westerlund sa. Westerlund sa vidare at krossen vart slegen enno meir sund og nytta i eit bygg - i trapp eller mur - og ho meinte at huset restane av krossen vart brukt i er det huset som ligg oppe i garden over der som krossen skal ha stått.

Per Linge meinar at steinkrossane her er mykje eldre enn innføringa av kristendomen på Gulatinget. Han trur også at dei, saman med muren rundt prestegarden (som han meinar var innhegning rundt hovudstaden som låg her (jfr. stykket om namnet) er eit ledd i eit gamalt tyrkisk målesystem og at prost Dahl sitt arbeid med muren har vore å rehabilitere han. Den små uthogde krossen mellom armane i krossen i Krossteigen seier han kan ha noko med kristendomen å gjera. Det me kallar tredje krossen kan ha vore ein kross, eller liknande merke, som eit målepunkt ved ei rett line mellom krossen ved kyrkjegardsporten og muren sitt endepunkt ved sjøen på Midtunvågen, og må ha stått tett ved huset på gnr.15, bnr. 31 på Haugane.

Som det går fram av den tidlegare siterte oppteikninga i “Arnamagneanske samlingar” i 1626, er der nemnt berre to krossar i Eivindvik.

I sine “Erindringer af mine Reiser” skriv Ivar Aasen frå si vitjing her i 1843:”.... findes af Oldtidslevninger to store Steenkors, samt en stor Døpefont af Steen”. Kanskje var det slik at den 3. krossen har vore så mykje skadd at han ikkje vart registrert som ein ordentleg steinkross?

I Amund Helland si bok om Nordre Bergenhus Amt, andre del, trykt i 1901, s. 310, står: “Paa Evenvik kirkegaard findes 3 ligstene avf antik form. Den ene af disse, nu sønderbrudt, har på ryggen et ophøiet kors med dobbelte arme, den nedre arm kortere end den øvre. Den andre af disse stene er prydet med lister og en forhøining langs midten og henhører iblandt de meget sjeldne. Den tredje er uden forsiringer. Alle tre er de smalere i den nedre end i den øvre ende og har en længde af 2 til 2 ½ alen. Paa kirkegaardsmuren staar et stenkors, omtrend 1 ½ alen høit og 1 ¼ alen over armene med et hul i midten.”

Kvar kan desse tinga ha vorte av ?

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.