Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE HENDINGAR

 

EIGE FORSAMLINGSLOKALE

Ein ting som fekk mykje å seia for bygda vår, og særleg for ungdomslaget, var at laget fekk sitt eige forsamlingshus. Innviingsfesten var sundag 26. november 1933. Dette var ein stor dag som folk hadde arbeidd mot, og sett fram til, i lange tider, innsam­ling til eige hus hadde gått frå ungdomslaget sine fyrste år. I 1905 vart ei innsamlingsnemnd vald etter framlegg i “spørsmåls­kassa” til ungdomslaget, men alt 21.1.1900 er det i “Fremad”, det var namnet på lagsbladet den gongen, nr. 16, skrive om eige hus på Børsen.

I referatet frå innviingsfesten står at festen tok til kl. 4 e.m. og at det då var samla omlag 440 menneske. Menyen var rømmegraut  og spikekjøt og “endå det gjekk 104 menneskje til kvart bordlag var det noko på 5 te bordlaget”. Der gjekk nok med store mengder rømme som var innsamla mellom bøndene i bygda. I grautvisa til festen heitte det m.a.:

No har me tigga og tinga opp

:,: her i bygda :,:

kvar liter rjome, kvar mjølkekopp

:,: her i bygda :,:

og kokt av rjomen så feit ein graut
at to-tre kjerringar i feittet flaut

:,: her i bygda :,:

Ungdomshuset Vårtun. Foto: Ukjent.

 

Det er tydeleg at dei hadde fått feitt på grauten sjølv med dei skrale beita som dyra må ha hatt dette året som hadde den turraste sommaren i manns minne.

Det var formann i Noregs Ungdomslag, sokneprest Halvdan Freihow, som heldt innviingstalen. Formannen i laget, Kristian Hanssen, las velkomstprolog. Han var ei eldsjel både i ungdomslaget og med ting som skjedde elles i bygda. Det var sikkert han som hadde skrive både prologen og grautevisa. Prost Hovden (han var då nestformann i laget) heldt  “ein tale som var både tankevekkande og morosam”. Lensmann Bredvik fortalde frå arbeidet med innsam­ling av midlar til huset og formannen snakka om “byggesoga”. Huset var teikna av arkitekt Vreim, Oslo. Han var knytt til Noregs Ungdomslag som byggekonsulent. Teikningane vart utstilte på ei jubileumsutstilling i Trondheim det året, og huset vart rekna for å vera svært tenleg og eit av dei mest moderne forsam­lingshus i bygde-Noreg. Det skulle vera det fyrste ungdomshus i landet der det var innteikna plass til folkebad. Huset hadde i alt kome på omlag kr. 16.500,-.

Hovden hadde ordet og takka formannen for hans innsats både i høve reising av huset og elles i laget. Seinare vart spelstykket “Det lagar seg nok” framsynt. Av referatet går det fram at “Stykket var godt spelt og gjorde stor lukke”. Lagsavisa “Opp og Fram” vart lesen av Leiv Midttun, og Erling Wevling las stubbar. Det vart bore fram helsingar frå utflytte “Vårbruddingar”, og “austlendingane”, det står slik i 50-årsheftet, sende pengar og “ein stor primuslampe på 800 normalljos - ein kaffitrekkjar på 30 l. og ein slump skeier.”

På festen var det elles mykje song, og medan maten vart servert i matsalen heldt dei åresal i storesalen. Til slutt vart benkane sette til side og dei som ynskte det fekk høve til å svinga seg. Dei aller fleste av benkane og langborda var laga av ungdomane sjølve. “Kl. 2 var den gilde festen slutt - det vart til slutt sunge “Aa leva det er å elska” “. Festreferatet var skrive av Ivar L. Henriksbø.

No hadde ungdomslaget, og bygda, fått eit godt og tenleg forsam­lingshus, ikkje berre for laget sine møter og festar, men og for dei mange andre samkomer som var i bygda vår. Der har vorte halde stemner og møter av ymse slag både for kommunen, ja til og med for fylket, for heimevernet, for skyttarlag, sanitetslag, for banken, og ikkje minst vart huset til stor nytte for bygdefolket sjølve ved jordeferder, bryllaup, runde årmålsdagar og andre tilstellingar. “Vårtun” vart ein kjær samlingsstad.

Dei fleste medlemmane i 1948 då Eivindvik Ungdomslag feira 50-årsjubileum. Foto: Ukjent.

 

SONGARSTEMNE 2/6-1935

Ein av dei rett store “prøvesteinane” for huset (etter vigselfesten) var truleg denne songarstemna. Ein del av arrangementet vart då lagt til ungdomshuset. I avisa “Sogn” av 7.6.1935 er det referat frå stemna. Referatet er fyldig og det er ei stor hylling til Eivindvik og folket her med takk for ei svært godt avvikla stemne. Det var Sogn songarlag si 10-års stemne. Her er så mykje ros til bygda og bygdefolket at det kunne vera freistande å gje att stykket fullt ut, men det vil føra for vidt, så eg får nøya meg med eit kort utdrag.

Etter som det ser ut må Øystein Hovden sin song til Eivindvik ha vore ny på den tida. Det står at formannen i Sogn songarlag “hadde på ein utruleg måte fått tak i han på fyrehand; soleis bar det til at songarane kunne helsa Eivindvik med bygdi sin eigen song, alt med “Fjalir” la inn til bryggja.” “Fjalir” var leigd til stemnebåt og kom til ei bygd der “kvar gard og grend var fest- og flaggpryda” og “alle heimar og enno fleire hjarto sto opne til å taka imot dei tilreisande.” “Eivindvik er ein idyll av eit par grender; ei perle av ynde og venleik langt ute, der havet har skola so mange knausar harde og nakne. - Ja dei visste kva dei gjorde, dei gamle som sette kvarandre stemne i Eivindvik. Der heldt dei Gulating; derfrå (og nokre få andre stader) steig Norge fram som samfunn og statsskipnad.” Vidare seier referenten at også dei som no la “sjølvaste 10-årsstemna” til Eivindvik nok visste kva dei gjorde då dei la stemna til denne vesle bygda der folket er så “hjartemildt”.

“Etter songøvingar i kyrkja, og etter at songarane hadde fått helsa på dei gjestmilde vertsfolki sine, gjekk alle vegar til det nye store ungdomshuset på Henriksbø, finaste ungdomshuset i Sogn.” Der var samla kring 400 menneske som vart mottekne av songkoret her, under leiing av Kristian Hanssen, med “Øystein Hovdens velkomst- og hyllingssong” - “og du kan tru dei fekk det til! og fagna vart dei - hjarteleg og inderleg.”

Hanssen, formann i ungdomslaget, helsa velkomen “Med ei liti tala som spraka av vit og løgje”.

Der var elles fleire talar, og då dette var jubileumsfest, den 10. songarstemna, vart mange veteranar heidra med heidersmerket, som var laga til dette høve, “ei harpe i flaggfargane, og med S.S. innprenta; og under står ordi: “Songen heilar” “. Den fyrste som fekk merket festa på brystet var songarformannen, lærar M. Volle, som også fekk ei ven gåve - ei gullkjede - som påskjøning frå Sogn songarlag. Det var han som gjorde opptaket til samskip­naden og stemnene og “sidan har styrt alt so vel i alle desse åri”. Tale for han vart halde av nestformann J. Aarskog som så festa skipnaden sitt fyrste heidersmerke på Volle sitt bryst. Dei andre heidersteikna var det formann Volle som delte ut.

Matykta var i “den store og stilige matsalen, der folk vart trakterte på det beste. Utifrå greitt og godt gjekk det alt saman, og attåt mykje fortare enn vanleg ved slike høve, for heile innreinaden og ordningi var so mykje meir praktisk”.

Føremiddagskonserten dagen etter var i “den store Eivindvikkyrkja”. “Det vart i sannaste meining ei gudsteneste, i ord og tonar; kyrkja var fint pynta med flagg og bjørkelauv.” Kyrkja var heilt fullsett og det var mange som ikkje kom inn. Prost Hovden tala frå preikestolen, lærar Volle var klokkar og klokkar Hanssen organist. “Var songen ven, so var preika av prost Øystein Hovden ikkje mindre ugløymande. Ja, me seier reint ut at ho var i høgd med det beste me har høyrt frå nokon preikestol. Meisterleg var preika tenkt, forma og gjennomførd: det var songen som tona gjennom alt, songen frå himlen, songen i menneskelivet, lovsongen til Guds ære, songen heim til Gud.” Av programmet går det fram at songarane framførde i alt 10 verk, dei fleste kjende og kjære songar.

Ettermiddagskonserten var i “Prestegardslunden”. “Stor-mykje folk var då samla, 12-1500 menneske gissar me.”  “Nede på sundet låg heile flåtar av motorbåtar”. I Lunden vart det i alt framført 9 verk. Dette var songar av litt “lettare” type. Etter at songprogrammet var ferdig bar Volle fram  “ei hjarteleg takk til ungdomslaget og alt folket i Eivindvik for framifrå god mottaking og tilskiping og alt godt; lærar Hanssen takka songarane og fekk den store lyden med på eit 3x3 hurra for dei; prost Hovden heldt ei kveikande frisk og god songar- og avskilstale; M. Volle gjorde eit 3x3 hurra for Eivindvik.”  Til slutt song alle fedrelands­songen.

Mange av stemnelyden fylgde songarane til d/s-kaia der “Fjalir” venta “med flagg og vimplar heiste”. “Varme og velmeinte avskils­ord vart sagde”.  “uppe på høgdi bak kyrkja, lovseieberget på gamle Gulating, braka salutten laust og “Fjalir” svarde; avskils­song på bryggje og båtar; helsing med flagg og fløyte frå “Fjalir” og motorbåtane; vinking med hender og hattar og lommedukar. Det bar på heimferd frå den 10. og siste songarstemna - den største og beste av dei alle”. Kyrkjekonserten starta kl. 11, friluftskonserten kl. 15.30.

Øystein Hovden sin vakre song om Eivindvik er teken inn i referatet i “Sogn” og eg vil gje han att her. Hovden var prest i Gulen 1927-1937, og også prost i Ytre Sogn.

 

Eivindvik

På snaue, nakne strender, Og folket langt her ute
bak øyar, fjell og skjer som strir for hus og heim
der ligg so mange grender so hardt på gard og skute
i livd av allslags ver. du må bli glad i deim:
Ein vakker stad eg nemner So trufast og so ærleg,
og kjenner meg so rik: du møter ikkje svik.
Med all min hug eg femner Di er det og so herleg
det kjære Eivindvik. å bu i Eivindvik.
   
Vel er her stundom fårver Ja, Eivindvik du milde,
og stormen kvin frå nord, du er so kjær ein stad.
men snart i vakkert klårvêr Ja, Eivindvik du ville,
ligg gard og grend og fjord. du og gjer hugen glad.
Då vert og hugen stille - Eg kan deg ikkje gløyma,
då kjenner du det slik: for alltid er du slik,
då gløymest alt det ville: at stødt eg må deg gøyma
då  s m i l e r  Eivindvik. i hjarta, Eivindvik.
   
Og gjennom desse grender I dag dei gamle nutar
so djup ein tone kling og fjell og folk seg gled.
frå fortids trauste menner Her kom so mange gutar
på gamle Gulating. og gilde gjenter med.
H e r  soga mot deg bankar Me helsar: Ver velkomen,
og gjer deg varm og rik. og syng det hugheilt slik,
På heilag grunn du vankar og høyrer atterljomen
kringum i Eivindvik. frå heile Eivindvik.

 

Det siste verset meinar eg vart laga særskilt til velkomsthels­inga som songkoret her framførde på songarstemna i 1935. Det har også vore snakk om at det kan vera Kristian Hanssen som har skrive dette verset.

 

GULATINGSSTEMNER

Stemna i 1938

Gulatingsstemna i 1938 i Prestelunden i Eivindvik Foto: Ukjent.

Den 10. juli 1938 vart det halde Gulatingsstemne “til minne om tusen år gamal rettsskipnad”. Stemna vart halden ute i Prestelunden, i området der sjuke- og aldersheimen og dr. Normann sitt hus no står. Dette er kalla “Den fyrste Gulatingsstemna”. Tanken om å få i stand ei slik  “minnestemne” om gamle Gulating vart fyrst nemnt i “Gula Tidend” i julenummeret 1937. Tanken fekk tilslutning og med redaktør Skeidsvoll i spissen for dei gode medarbeidarane vart stemna ein røyndom.

I jubileumsheftet som kom ut etter stemna, “tilskipa av Bj. Lundeland, utgjeve av Eivindvik ungdomslag”, står: “Det vart ein ven sundag. Heile sumaren hadde det vore regn kvar helg, men denne dagen lova godt. Det var ei lita bye tidleg på dag, so kom soli so vakkert etterpå millom drivande skyer. Mykje folk la vegen til Eivindvik den dagen; ved middagstid gjekk det heile flotar inn Stemnebøosen og gjennom Folefotsundet  og samla seg i Prestesundet til innferdi mot Eivindvik. Det var farty frå Flora i nord, frå Vik i Sogn i aust og frå Bergen og Øygarden i sud. 50-60 store motorskøytor og vel halv hundrad mindre motorbåtar. Fylkesbåtane sende umframtbåt frå Bergen til stemna. Det var “Nordfjord I”, den kom søkklasta med stemnefolk, med musikk ombord og staseleg salutt.”

Eg hugsar sjølv så vidt denne stemna og synest å minnast at heile sundet var fullt av båtar, det var som ein skog av mastrer og “av skrog ein mur”, og vegen var heilt full av folk som gjekk mot stemnestaden. I “lysthuset” ved prestetunet var det sal av forfriskingar, i alle fall brus, og det vart sagt at dei som stod der og selde tente like mykje den dagen som dei fekk i løn for ein heil månad i sitt vanlege arbeid. Ute på stemnestaden tyktest det meg som eit hav av menneske og eg synest enno eg høyrer skrålinga frå “vikingane” og lyden frå skjolda deira under sogespelet. Mange av “vikingane” var “statistar” frå bygda.

Ringen med retten til sætes på haslevoll. Foto: Ukjent.

I heftet står vidare at Eivindvik var skipa til fest, “Flagg i topp og folk i festlag”. Ungdomslaget sitt arbeid vart rosa. “Der var sett upp flagrekkja langs vegen frå sjøen til stemnestaden med vimplar i dei gamalnorske litene, raudt og gult. Der var reist 5 digre flagstenger i rad på leitet mot sundet: ei blak­rande helsing mot himmelen med norske flag på sidone, gamalnorsk flag i midten og store vimplar i raudt og gult på hine tvo stengene.”  “I 1-tidi tok stemna til, og det var då samla omlag 4000 menneskje på stemnestaden. Det er den største flokken som har vore samla på ein stad i Gulen, sa eldre bygdefolk.”

Det var velkomstord frå redaktør Skeidsvoll som styrde stemna, helsing frå ordførar Henrik Tveit som også helsa frå fylkesmann Seip og utflytt “bygdemann Jørgen Midttun, far til riksprograms­jefen”. Arne Bjørndal song den gamle Gulatingsvisa frå Eksinge­dalen, Knut Robberstad heldt eit “sers” forvitneleg fyredrag um “Lov og samfunn i sogetidi”. Eit framifrå utsyn over rettstilhøvi gjennom tidene. “Fru Vik frå Vik i Sogn spela nokre nummer på “ekte norsk langlur”, eit “svært populært innslag i programmet”. Musikkstykket “Mandjævningen” av Grieg vart spela av eit orkester frå Bergen og så kom “tingsæta”, eit sogespel som skulle vera eit bilete for stemnelyden på rettspraksis på Gulatinget, og andre ting, for omlag 1000 år sidan. Sogespelet var samansett av redaksjonssekretær Skre og framstillte arvesaka mellom Egil Skallagrimson og Berg-Onund. Teatersjef Lars Nygård frå Bergen hadde sett spelet i scene og spela sjølv Egil Skallagrimson. Etter sogespelet tala overlærar Olav Hoprekstad om “Sogetid og notid”, “den norsk-amarikanske presten” O.G. Åsen, frå Arnafjord helsa frå “Leiv Eriksons land”, det vart sendt helsingar frå stemnelyden til professor Gjelsvik i Oslo og til folket på Færøyane, Sigmund Torsteinsson “las på framifrå vis “Sonetapet”, det vakre kvedet til Egil Skallagrimsson” og til slutt var det leikframsyningar av leikarringen til Bondeungdomslaget i Bergen.

Om kvelden var det folkefest i “det store ungdomshuset i Eivind­vik”. Mange fekk ikkje plass, “yver 400 menneskje var tilstades på festen”. Klokkar og lærar Kristian Hanssen, heldt “eit kvikt kåseri um dramatikk”, Arne Bjørndal spela fele og song folke­viser, Torstenson og Klaus Vabø las alvor og skjemt, spellaget i Bondeungdomslaget spela “Hr.Sakførar”, eit “livleg stykke”, leikarringen frå Bergen hadde 2 danseframsyningar og til slutt dansa Johs. Antun halling. “So takka Klaus Vabø frå dei norsk­lynde lag i Bergen”. I matsalen bar Ludvik Gjerdal fram takk til Eivindvik Ungdomslag, og lensmann Jakob Eikenes takka dei frå Ervingen og Bondeungdomslaget for alt dei hadde ytt til stemna, både med sogespel og med programpostar på folkefesten. På festen om kvelden vart opplese fylgjande svartelegram frå Færøyane:”Norigs dottir helsar dykk. Johannes Paturson”.

I minneheftet om Gulatingsstemna i 1938 er teke inn, på fyrste tekstsida, ein teikning som Kristian Hanssen har laga av krossen ved kyrkjegardsporten med kyrkja i bakgrunnen, og 3 vers av Hovden sin Eivindviksong.

 

Stemna 3. juli 1966

Frå stemna på Flolid 1966. Foto: Ukjent.

I Nord- og Midthordland Sogelag si årbok for 1967 står det referat frå denne stemna. I dette året hadde laget 50-års jubileum og la “sumarferda” si til Flolid.

Samkoma starta i 13.30-14.00-tida med ein trompetsolo (“Her er det land”) av Kåre Minde frå Askøy. Deretter opna ordføraren i Gulen, Søren Randal, stemna med desse orda: “Tinget er sett. Lagmannen er på plass. Gulatingsstemna 1966 er opna”. Han helsa stemnelyden velkomen til Gulen. Formannen i sogelaget, Conrad Clausen, ynskte velkomen frå laget og leia stemna. Utflytt guling, lærar Benjamin Bjørklund las diktet “Du gamle soga som stødt er ny” av Per Sivle. Professor Ludvig Holm Olsen gav ei historisk utgreiing om Gulatingstaden. Etter foredraget song stemnelyden “Dagen er komen” av Ivar Åsen. Professor Knut Robberstad tala så om domsmøte og rettargang gjennom tidene. Lagmann E.T. Eftestøl hadde ordet og takka Nord- og Midthordland Sogelag for at laget synte interesse for gamle kulturverdiar, og for at han vart beden med på denne Stemneferda.

Fylkesmann Lars Leiro i Hordaland bar fram takk frå Hordaland fylke, og ordførar Randal helsa frå fylkesmann Schei i Sogn og Fjordane. Schei hadde ikkje sjølv høve til å koma, men takka for at laget kom hit og fekk i stand denne stemna.

Conrad Clausen takka for frammøtet og stemna slutta med at stemnelyden song “Gud signe vårt dyre fedreland”. Etter referatet var det omlag 500 menneske tilstades.

Etter stemna baud Gulen kommune på middag til sogelaget sine medlemar som var med på turen frå Bergen, “i stovene til Trygve Flolid”. Det var dekka til 128 menneske. Menyen var “rjomegraut og alt som høyrde til, og etterpå retteleg god kaffi med kringla attåt”. Ordførar Randal ynskte velkomen til bords, og under bordseta spela Olav Heggelund frå Dalsøyra fele. Ingrid Kidøy takka sogelaget for at dei kom.

“I 21.30 tida var ein så attende i Bergen. Det hadde vore ei vellukka ferd og ein minnerik dag.”

 

DÅ ELEKTRISITETEN KOM

Ein annan stor merkedag i Eivindvik var torsdag 25. januar 1945, den elektriske straumen vart sett på leidningsnettet i bygda vår. I “Opp og Fram” si utgåve på “Ljosfesten 27. jan. 1945” står m.a. :”Og so rann endeleg torsdagen opp og elles lik dei andre dagane; men ein av dei største dagane i Eivindvik si soge. Me var tilkobla ljoskjelda”. Bladstyrar var Ivar Henriksbø. I eit stykke, “Mot ljosare tider” av “Tobias”, er skrive forvitneleg om alt arbeidet med å få alt klårt til å ta imot straumen, og om dei store vonbrota dei fekk gong på gong ved at straumen ikkje kom når det var lova. Den eine lovnaden etter den andre enda i vonbrot: ”Ja so vart det spyrjing og fråging og rykta svirra.” “Verkeleg rann også opp den dag, at lina var ferdig - men fjordspennet stod att. Det var ikkje søkt om løyve til å spenna yver - ååå. So var det røyndom korso -. Folk stod med gapande munn - kan slikt vera sant?? So fekk dei glo i kinna og augo fekk ein fårleg glans og det var mindre pene ord som var bruka. Ordskiftet gjekk høgt på butikkar og i vegskilje og elles når folk møttest. So vart det ikkje ljos til jul korso og krigen vart ikkje slutt heller.”  Men i slutten av stykket var gleda stor over at me no endeleg har fått “ljoset” inn i husa våre.

I avisa er det også eit fint stykke om lensmann Eikenes, som då sat i fangenskap i Tyskland, med takk for hans store innsats for å få elektrisk kraft til Gulen.

Den dagen straumen kom hugsar eg også godt. Det var ein svært fin vinterdag med snø og kulde. Eg trur det også var kome nysnø om natta og dei fleste bøndene var i marka og køyrde heim ved. “Tobias” (truleg bladstyraren sjølv) skriv at straumen vart set på kl. 13.15. Klokkeslettet kan eg ikkje hugse, men det var sånn omlag midt på dagen. Dei sette straumen svært varsamt på, frå ei lita glo i pærene til fullt lys. Eg sprang rundt i alle hus på garden og “prøvde” lyset, sette på og slo av. Det var ei stor lyst å sjå det nye “vidunderet”, lyst i alle rom. No slapp me vera leie for at me ikkje hadde nok olje og karbid. Karbidlyktene lyste forresten godt dei når dei berre fekk nok drivstoff, men det var på denne tida vanskar med å få tak i karbid. For dei som ikkje kjenner til karbidlyktene kan eg nemne at, i alle fall den me hadde heime, såg ut som ein sylinder, kanskje omlag 20 cm. høg. Sylinderen var delt i 2 kammer, i det nedste var karbiden og i det andre vanleg vatn. Når ein då opna for vatnet slik at det draup ned på karbiden, vart det utvikla ein brennbar gass som vart leia ut eit lite, bøygd røyr, omlag midt på lykta, der me så kveikte i. Gassen gav ganske godt lys, i alle fall i høve til det me då var vane med.

I alle heimar hadde dei også oljelampar, små bordlampar og store, fint utforma hengelampar, ofte med mykje pynt og dingeldangel på. Bordlampane kunne også hengast på vegg og hadde ein liten skjerm av messing bak lampeglaset på den sida som stod inn mot veggen. Skjermen var alltid blankpussa og hadde to funksjonar, verne mot oppvarming av trematerialet bak lampen og å kaste lyset fram i rommet. Hengelampane hadde råme av støypejern og stor skjerm av krustøy, gjerne med litt målingsdekorasjon på. Over lampeglaset hang ein liten skjerm av metall for å verna mot sot og gneistar. Oljekrukka med brennar og glas kunne heisast opp og firast ned etter kor ein ynskte sterkaste lyset. Desse store hengelampane var eit fint møbel og vart brukt i stovene.

Enkelte hadde ei type lykter som vart kalla Petromaxlykter. Desse syntest me lyste svært så godt og dei vart nytta på verkstader og andre rom der ein trengde sterkt lys. Som tidlegare nemnt var det ein stor Petromaxlampe i storesalen i ungdomshuset.

Under krigen var det vanskeleg å få olje til lampane, og det vesle me fekk var av dårleg kvalitet. Det var difor eit kjempe framsteg då elektrisiteten kom. I fyrstninga vart han mest berre nytta til lys og til matlaging.

Det gjekk gjetord om kor gild og vellukka “lysfesten” var. Referat frå festen har eg ikkje funne, men i “Frå lagssoga” i heftet til 50-års jubileet for ungdomslaget skriv Kristian Hanssen om denne festen: “I januar 1945 vart det halde ein gild “lysfest” i ungdomshuset . Omlag alle vaksne frå heile bygda var møtt fram. Innbedne var styret i Gulen kraftlag, arbeidarane ved a.s. Betongmast, elektrikarane o.fl.” Salen stråla med dei mange nye lysekuplar. Blendinga vart “sabo­tert”, så snøen skein kvitt langt utover. Der var prolog ved Kr. Hanssen, festtale av lensm. Bredvik, songkor, foredrag med lysbilete ved B. Bjørklund og talar av form. i Gulen kraftlag og av styrelem kapt. Norstein.

I matsalen anga det - trass rasjonering - av feit rjomegraut, og seinare av “nesten ekte” kaffi!

Frå scena vart synt fram morosame og aktuelle sketsjar og sunge viser ved Erling Wevling og Bjørklund. Festlyden song unisont ei “lysvise”, som lydde slik:

LYSVISE

Songen gjekk til same tone som ”Blant alle lande i aust og vest”. Eg hugsar at me skuleborna, etter lysfesten song han i skulen, og det er ikkje tvil om at songen var skriven av Kristian Hanssen.

To andre songar som vart framførde på lysfesten:

BUDEIEVISE

VISE TIL LYSFESTEN I EIVINDVIK

Desse to songane er, etter det eg har fått opplyst, skrivne av Erling Wevling.

 Tobias” (utan tvil Ivar Henriksbø) skreiv i Lagsavisa på festen at torsdag 25. januar 1945 var “ein av dei største dagane i Eivindvik si soge”. Det må me nok vera samde med han i, sjå kor avhengige me i dag er av straumen, korleis skulle me ha greidd oss utan?

Folk hadde nok også sett elektrisk lys i bygda før 1945. Eg hugsar godt at både lensmannen og doktoren hadde motordrivne aggregat som skaffa lys til eigen husstand og kontor. I ”Opp og Fram” for 29.12.1927 ser det ut for at lensmannen fekk elektrisk lys på Solvang til jul det året. I doktorgarden kom det truleg litt seinare, kanskje omkring 1935, etter det folk kan hugse.

 

    RASET I NEVERDAL

Gunhild Mongstad fortel: Dagen 12. september 1955 hadde vore lummer. Kveldsmørket kom tidleg. Hausten hadde vore varm og turr med lite nedbør. Kårfolket Dina og Johannes Nygård, 77 og 76 år, var heime på garden i Neverdal. Dei var besteforeldra mine.

Brått skar eit lyn gjennom lufta. I det same kom torebraket som utløyste eit ofseleg regnvêr. Regnet heldt fram med å strøyme ned. Bestefar følte ei sterk uro for kva som kunne skje med så store nedbørsmengder etter ein lang turkeperiode. Det er bratte fjell ovanfor garden, og det hadde gått ras tidlegare.

Bestefar kledde seg, tok lommelykta og gjekk ut. Dette var i ellevetida om kvelden og heilt mørkt. I det han kom ut fekk han sjå det kom flytande ei steinrøys, greiner og vatn som byrja bygge seg opp rundt huset. Han prøvde å ropa til nabokona Ida for å varsle henne, men måtte berre koma seg vekk. Raset kom så langsamt at han kunne gå unna medan han lyste med lommelykta. Eit uthus og eit stort tuntre tok imot tyngda av raset slik at det stoppa mot husveggen.

Inne høyrde bestemor det voldsomme regnet, og vart svært uroleg. Ho gjekk ut i gangen, åpna utgangsdøra og fekk ein foss av grus, småstein og vatn mot seg som førde henne med seg inn i stova. Ho ropa fortvila på bestefar, trudde raset hadde fare med han, og var redd ho ikkje fekk sjå han att i live.

I mellomtida hadde bestefar kome seg rundt huset. Han såg at raset hadde teke eit hjørne av kjøkenet. Han rydda vekk litt stein, og kom seg inn gjennom holet i veggen. Bestemor stod framleis i stova med jordslam og grus opp til knea. Då høyrde ho røysta til bestefar frå kjøkenet. Dei møttest i gangen, kom seg opp loftstroppa der det var turt. Dei heldt rundt kvarandre og gret. Mest i glede over at begge var uskadde, men og i sorg over det som hadde hendt.

Bestemor og bestefar gjekk til ro i andre høgda. Søvn vart det lite av. Dei tenkte på kva dagen ville vise av øydeleggingar etter raset. Telefonlina til Guløy var broten, så tidleg dagen etter rodde naboen Peder Neverdal bort til Eivindvik og fekk varsla far min Lars, bror min Johannes og Magnus Neverdal, som alle arbeidde på slippen, om kva som hadde hendt. Far ringde til mor mi som var på Dalsøyra og kokte i eit lag.  Eg fekk først vite om den dramatiske hendinga langt ut på dagen. Det var brot i telefonsambandet til Dingja.

VEGFEST 10.9.1966

 

"EIVINDVIK" KJEM TIL EIVINDVIK 29/4-1972

Dette skjedde ein sundag. Hendinga vart markert med ei tilstelling i ungdomshuset om ettermiddagen, og der vart denne prologen lesen.

 

    ORDFØRARKJEDET

Ordførar Ola Byrknes får ordførarkjeda overrekt av Magnor Midtun. Foto: Kommunalt fotoarkiv.

Året før banken sitt 100-årsjubileum i 1986 tok eg  kontakt med ordføraren om kommunevåpen og ordførarkjede. Avtalen var at kommunen skulle få til eit kommunevåpen og at banken så skulle gje kommunen ordførarkjede med kommunevåpenet i, som jubiluemsgåve, dersom bankstyret samtykte.  Bankstyret var positive og det vart sett av pengar til føremålet. Kommunevåpenet vart ikkje klart før i 1989, så noko overrekking på banken sin jubileumsfest vart det ikkje av.  17. mai 1990  merka seg no ut som ein godt høvande dag for overrekking av kjeda, 100-årsdagen for kongeleg resolusjon av 17.5.1890 der kommunenamnet vart endra frå Evenvig til Gulen. I samsvar med tidlegare innhenta tilbod vart arbeidet med å få laga kjeda sett i gang. Kjeda med fragmentet av Gulatingseglet (som me hadde fått teikning av til banken sitt 100-årsjubileum) og kommunevåpenet kom på plass i banken i god tid og 17. mai, etter gudstenesta og ordføraren si nedlegging av krans på minnestøtta over dei falne i krigen 1940-45, fann markeringsseremonien stad på trappa ved Dahl sin bustad, “gamle kommunehuset”, framfor ca. 300 menneske som hadde samla seg på prestebryggja.

Ordførar, Ola Byrknes, orienterte om namneendringa for 100 år sidan, Byrknes- og Eivindvik skulekorps spela og kjeda vart hengt over ordføraren sine skuldrer med fylgjande ord:

OVERREKKING AV ORDFØRARKJEDE

 

    DÅP AV BILFERJA "GULEN"

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane`si nye bilferje som kom i 1989 fekk namnet “Gulen”. Overlevering og dåp føregjekk i Eivindvik den 7.10.1989. Det var stor stas på Sandalskaia med mykje folk frammøtte, både frå bygda, og tilreisande, representantar frå reiarlag, verftet, fylket og fleire gjestar. Gudmor var kona til ordføraren, fru Ingrid Byrknes. Skulemusikken spela og det var mange helsingar og talar. Mellom dei som hadde ordet var: Representant frå skips­verf­tet som leverte båten, direktøren i Fylkesbaatane, føraren av båten, ordf. i Gulen (som også var styreformann i Fylkesbaatane) og varaordføraren som overrekte gåve frå Gulen kommune (eit måleri av Tom Bache-Wiig). Måleriet vart hengt opp i salongen på ferja.

Etter dåpsseremonien fekk alle vera med på tur til Brekke. Ombord vart det, på turen, servert gratis mat og kaffi. I Brekke spela Brekke skulemusikk. Frå Brekke var det sett opp buss tilbake til Eivindvik. For innbedne heldt feiringa fram i Førde.

På kaia i Eivindvik vart lese denne prologen:

BILFERJA "GULEN"

 

SONGARSTEMNE 1986 (DALSØYRA OG EIVINDVIK)

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.