Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

GAMAL JULEFEIRING

 

Når snøen la seg over hei og mo

vart det juleførebuing, då som no,

med eit svare strev, kav og mas,

brygging, baking, pynting, mykje stas,

dei gledde seg til midtvinterskalas.

 

Sjølve julekvelden feira dei i verdig æra

for den største av alle menn på jord.

Dei las Evangeliet, som det sømer seg å gjera,

song fredfulle songar rundt eit veldekka julebord,

åndeleg var kvart eit ord.

 

Om juledagsmorgon tidleg

dei reis opp og til kyrkje for.

Fylgjet var både stort og stileg

spreke hestar, av dombjøller eit kor.

 

Når dei kom attende

og fekk nøgda av naudturft og mat,

og så hadde kvilt seg litt, kan hende,

snart alle i peisestova sat,

koste seg med nøter og frukt på gylne fat.

 

Det var varmt og godt inne.

Elden loga frisk på peisen.

Husmora la på pinne etter pinne,

elden sin appetitt var heisen,

ho var sveisen.

 

No kunne dei vel smaka litt på ølet,

det var no snart fyrstedags kveld,

og at det gjorde godt skulle alle få føle,

det ville nøra opp som ein innvendig eld.

Det husbond lova han jamnast held.

Vegen til kjellaren var lett å finne,

ølsveinen sprang der svint og lett.

Han bar opp fulle kar og binne,

rundt borda drakk dei tungt og tett.

 

Ein skål til dei gode makters minne,

ein for vår konge og vårt land,

to for den norske kvinne,

og tre for den norske mann.

 

Skål Isak for at du vann

i saka mot høygrossist Trulsen,

skål Isak, du førde deg som ein mann,

følte storkarane på pulsen.

 

Skål for året som snart er gått,

skål for det som kjem.

Skål Martin for sonen kona di har fått,

gje ho frå oss ein gasta klem.

 

Laget vart meir og meir lystig

di tettare skålane kom,

og folket vart meir og meir tystig,

og tunna vart aldri tom.

 

Dei hadde det frykteleg moro,

fortalde stubbar, jodla og sang,

både herskap og tenarar sprudla og lo,

her følte ingen sut og tvang,

alle var av same rang.

 

Men etter kvart som kvelden fall på,

stilna litt etter litt den lystige komikk.

Alle sat til slutt, for ingen kunne gå,

det vart stillt i den glade klikk.

 

Til sist dei med møye i køya kom seg til ro,

sovna inn i ein tung, kvalmande rus.

På bordet stod tjuetre tome glas og liksom lo,

og eit halvtømt femliterkrus.

 

Stille og tyst, uret på veggen sa tikk, tikk.

Nissen på peisen svarde med saktmodige nikk, nikk.

Frå glasa let ikkje lenger noko klikk, klikk.

Frå sengekammersa kom lange, djupe hikk-hikk.

Alt etter gamal, god juleskikk?

 

Dette rimet er berre dikt, har ikkje noko med skikkane, eller andre tilhøve i bygda å gjera.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.