Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

KONGEVITJINGAR

 

Kongevitjinga i 1936. Kong Håkon VII t.v., i midten Lasse Hofland, t.h. Hans Undertun. Foto: Ukjent.

I tillegg til kongane som me, i fylgje soge og segner, meinar var her i sogetida har me også seinare hatt vitjing av kongar, jfr. bygdeboka, bind I, s. 214.

I tidsskriftet “Vidar”, den innbundne utgåva frå 1889, står om Christian V sin tur i Noreg i 1685. På side 322 er nemnt om reisa på våre kantar. Kongen og fylgjet hans kom nordfrå på “Bergenhusiske Vingebaade”, dei åt middag her og reiste, om ettermiddagen, vidare sørover. Dette var den 2. juli 1685. Kor mange som var i kongen sitt fylgje her har eg ikkje sett noko om, men det er nemnt mange kjende menn som reiste med frå København, i alle fall over 30.

Gyldenløwe var, iflg. “Norske Samlinger” av Chritian C.A. Lange, 2. bind, s. 99, i “Evenvig” hos “Hr. Truls” 29. juni 1695. Presten her på den tid heitte Truls Glad. I fylgje bygdeboka var dette Ulrik Fredrik Gyldenløwe. Han var ikkje konge, men ein son av Fredrik 3.

Fredrik IV var her i 1704. Om dette står det i “Illustreret Nyhedsblad” 1859, s. 155. Kongen overnatta her frå 14. til 15. juli 1704.

Noko nærmare om desse kongelege vitjingane har eg ikkje sett. Det var prestane som stod for det meste på bygdene i den tida, så det var nok i prestegarden dei kongelege vart mottekne og “stelte” med både med mat og overnattingar.

Den kongevitjinga som står oss nærmast, som ein del folk enno minnest, og som det står mest glans av, er vitjinga den folke­valde kong Håkon VII gjorde her 27. mai 1936. Opplysningane om denne hendinga har eg frå avisskrivinga om kongen sin tur og frå folk som hugsa dette “storhende”. Her har eg lyst til særleg å nemne Ivar Henriksbø og Olav Undertun som begge hadde eit godt minne til, og kunne fortelja mange detaljar frå vitjinga.

Dette året var fyrste gong at Det Norske Skogselskap la årsmøtet sitt utanfor Oslo. Møtet vart lagt til Bergen og i samband med dette vart det skipa til ein tur i Vestlandsfylka for å sjå på skogen, då særskilt plantefelta i bygdene våre. Det var sett fram til dette med spenning og gleda var stor over at kong Håkon hadde sagt ifrå om at han var interessert i å vera med på turen.

Onsdag 27. mai 1936 tok til som ein vanleg kvardag i Eivindvik. Det var nordavind og strålande solskin. Folket gjekk til sitt vanlege arbeid travelt opptekne med våronna. Ut på dagen kom det melding om at kongen ville vitja bygda, men straks etter vart det meldt at kongevitjinga likevel ikkje kunne verta noko av. Men så, ut på ettermiddagen, kom det telefon frå Bergen om at no reiste kong Håkon og fylgje saman med skogselskapet frå byen med Fylkesbaatane sitt flaggskip “Nordfjord I” og dei hadde avgjort at dei ville vitja Eivindvik.

“Bodstikka” gjekk og folket samla seg fort til nokre hektiske førebuingstimar. D/S-kaia vart pynta med bjørkegreinar og flagg.  Mykje folk samla seg etter kvart på kaien og i området omkring. Mange småbåtar, pynta med lauvgreiner og flagg, gjekk ut for å ta imot kongebåten.

Omlag klokka halv åtte stakk “Nordfjord I” baugen framom Tangen og svinga inn Prestesundet. På berga der som Eivindvik Slipp og Mek. verkstad er no, stod ein del karar klare,  med lunte, fenghetter og dynamitt, til å setja i gang kongesalutten. Då båten var tvers av Haukøya small det fyrste skotet. Den stolte skuta slo sakte fart og seig majestetisk og roleg innover til dunen av den rungande salutten. Skytinga gjekk svært fint. Dei var nøyaktige med lunta, og sikre på handa under kveikinga, karane som stod der, og greidde jobben godt utan moderne tenningsapparat. Ja, så taktfast kom dei 21 skota at kongen spurde om dei hadde saluttkanoner her. Då salutten nærma seg slutten seig båten med kongen og fylgje stille framom berga der “saluttørane” stod. Kongen kom bort til rekka, karane på land vinka til kongen og ropte “Hurra” og “leve kongen” og kong Håkon svarde med å ta av seg hatten og vinka tilbake.

Etter kvart som båten nærma seg kaien steig stemninga mellom folket og båten seig til lands under høgtidsstemt song frå dei frammøtte. “Gud sign vår konge god” ljoma utover. Sidan vart det sterk jubel og hurrarop. Velkomsten var hjarteleg. Kongen stod ved rekka og det strøymde så mykje folk ut i båtsida at båten krenga kraftig over. Prost Hovden heldt ein høgtidsstemt, varm og fengjande velkomsttale der han ynskte kongen velkomen til Gulen og til staden for det gamle Gulatinget. Han opna med å sitera nokre ord som Henrik Ibsen let ein av jarlane seia: ”Det er en stor dag for Norge dette!”

“Då me her i denne vesle bygda, for nokre timar sidan, fekk vite om denne høge vitjinga”, sa han, “rann desse orda meg i hug. Det går ei bylgje av byrgskap gjennom oss. Det er den store time for bygda vår. Det er lenge sidan me har hatt vitjing av den norske konge her. Me kunne ynskt at fjella våre var meir skogkledde enn tilfellet er, når kongen vitjar oss, men sola gyller fjella sjølv om dei er nakne, og sola gyller hjarto våre i varm takk til Hans Majestet og skogselskapet sine folk.”

Etterpå takka kongen fint for den hjartelege velkomsten. Han tala frå skipsrekka i morosame ordelag. Han var imponert over kor godt og fint dei hadde stelt i stand på så kort tid. Her måtte vera svært god grobotn her, sa han, kor dei hadde fått bjørkeskogen til å veksa så frodig på kaien på berre nokre timar. Det var sagt at det var lenge sidan nokon konge hadde vitja staden. Han vona at den norske kongen alltid var like velkomen, og takka på eigne og skogselskapet sine vegne for den hjartelege mottakinga. Begge talane vart helste med stor fagning.

Etter den velforma takketalen gjekk kongen på land. Han såg ut til å vera i storform, handhelste på folk på kaien og prata livleg med dei frammøtte. Hans Undertun steig fram og takka kongen for dei fine lysekrunene som Gulen kyrkje hadde fått, noko som kongen sette stor pris på. Dei to lysekrunene er ei personleg gåve frå dronning Maud og kong Håkon.

Frå kaia gjekk fylgjet innover vegen mot Midtunvågen for å sjå på plantefeltet på Midtun. Dette feltet er nemnt som det eldste plantefelt på Vestlandet og på den tid truleg også det største. Då dei såg innover bygda skal kongen ha sagt ”Dette var en vakker bygd.”

Fylgjet stansa truleg på Stihaugen. Derfrå såg dei opp til plantefeltet. “Fra skogkyndige falt det mange uttalelser om hvor imponerte de var over hvad det var utrettet her i det omtrent barløse Gulen”, stod det i eit avisreferat frå turen. P.g.a. lita tid snudde dei på Stihaugen og gjekk utover mot området ved kyrkja der steinkrossane står. Ute ved Borgstova, på berget som vert kalla Lovseieberget, heldt riksprogramsjef Olav Midttun tale. Det står i eit avisreferat at Midttun, som slektar frå Gulen, heldt ein tale som reiv heile forsamlinga med seg. Han opna talen med å seia at ein føresetnad for at tinget kan opnast er at kongen er med. Han er den viktigaste personen på tinget. No er kongen komen og tinget er sett.

Talen hans var sterkt sogeprega og talaren fortalde frå gamle Gulating. Etter avisene å døma tala han i særs velforma vendingar som gjorde sterkt inntrykk på både kongen og folkemengda. Han kom inn på føregangsmannen prost Niels Griis Alstrup Dahl og siterte frå Henrik Wergeland sitt dikt “Eivindvig”. Han sa at bygda her også i dag har synt si tru på framtida i sitt føregangsarbeid for skogsaka på Vestlandet. Han meinte at det var plantinga her som gav støyten til at Noregs Ungdomslag har teke opp arbeidet med å skogkle Vestlandet. “Den sterkt personlig fremførte tale på det historiske sted med Håkon VII som det selvskrivne midtpunkt gjorde et overordentlig sterkt inntrykk”. (Frå avisreferat). Han slutta talen med å gje ordet til kongen.

Kong Håkon VII på lovseieberget Gulatingsstaden, professor Olav Midttun lengst til høgre. Foto: Ukjent

Det rådde sterk høgtidsstemning over stunda. Kong Håkon måtte opp med lommeduken for å turka augo. Han takka igjen for den “hjertelige” måte han hadde vorte motteken på. Han uttala stor glede over å kunne stå her på denne staden kor dei rekna med at Gulatinget har vore halde. At dette skulle verta han til del syntest han var stort. Den staute folkekongen var tydeleg grepen.

Kongen med fylgje var også oppe og såg på Olavskjelda og krossen i Krossteigen. Deretter gjekk turen til kaien og ombord i “Nordfjord I” igjen. Ved avreisa takka godseigar Vilhelm Mohr bygdefolket for den gilde mottakinga. I det “Nordfjord I” glei frå kaien song folket “Mellom bakkar og berg” og så kom det igjen salutt, no fire kraftige skot. Smella rulla mellom fjella, låg over sundet i kveldsola som ei utløysing for ekte glede over ei vellukka kongevitjing og eit stort minne for bygdefolket.

Kong Håkon skal seinare ha gjeve uttrykk for at vitjinga her også for han var ei svært rik oppleving. Vitjinga vil for bygda stå som eit rikt minne og som eit døme på at det improviserte ofte kan vera svært vellukka og setja dei mest varige og beste merker.

 

HARALD OG SONJA

Kongeskipet har lagt til ankers i Prestesundet i Eivindvik, og folk ventar på at Kongeparet skal stige i land på Prestebryggja. Foto: H.P.Martinussen.

Minst like stor var gleda og festen då kong Harald V og dronning Sonja vitja bygda i juni 2002. Denne gongen var vitjinga planlagt og mykje folk hadde møtt fram og stor var stemninga då kongeskipet ”Norge” ankra opp på sundet og kongeparet steig i land på Prestebryggja. Dei vart mottekne med blomar av 2 skuleborn, Elise Midtun og Lars Tomas Unneland Larsen, ordførar Trude Brosvik, fylkesmann, fylkesordførar  med fleire.

Under ei omvisning i bygda synte dei stor interesse for soga som knyter seg til staden og, særleg dronninga, studerte steinkrossane nøye. Seinare overvar dei ei framsyning av Håkonarspelet på Flolid og om kvelden var det festmiddag saman med kommunestyret  og andre innbedne gjester i ungdomshuset. Sjølv om regnet nesten ”auste” ned vart arrangementet svært vellukka. Kongen sa i eit intervju på TV etterpå at ”vi fikk oppleve Vestlandet på sitt våteste, men selve spelet var så interessant at da merket vi ikke regnet”.

KONGEVITJINGA 2002

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.