Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

NIELS GRIIS ALSTRUP DAHL

 

MINNESMERKE OVER PROST DAHL

I 1999 vart det valt ein komité på 3 medlemar, Aage Sandal frå Eivindvik Ungdomslag, Magnor Midtun frå Gulen sokneråd og kulturkonsulent i kommunen, Svanhild Røkenes, til å arbeida med å reisa Dahl eit minnesmerke på prestegarden der han hadde sit daglege virke. Etter ei tid flytta Røkenes frå kommunen og den nye kulturkonsulenten, Øyvind Norstrøm, kom inn som medlem av komiteen i hennar stad. Etter utlyst konkurranse vart steinhoggar Elisabeth Steen sitt framlegg valt og det vart ho som stod for utforminga av minnesmerket. Initiativtakar og leiar i komiteen, Magnor Midtun, fekk æra av å avduke minnesteinen, noko som vart gjort med mange frammøtte til stades ved huset der Dahl budde ein fin augustdag i 2002 med fylgjande ord, 150 år etter Dahl sin død:

 

AVDUKING AV MINNESMERKE

Niels Griis Alstrup Dahl og hustru Hylleborg.

I 1804 kom Dahl her som ung kapellan,

vart sokneprest i 1807,

neppe nokon har ofra seg slik som Hylleborg og han

for kommunen der dei valde og bu.

 

Han vart fødd 1778  i Kvinnherad,

ho frå 1766 i Finnås sine barnesko trakka,

for at dei slo seg ned her er kvar guling så glad,

at skjebnen me hjarteleg vil takka.

 

Audmjuke i dag me står,

her i den gamle prestehagen,

ser Hylleborg og Niels saman går

stille etter den travle dagen.

 

Dei svalar sinn og kviler hender

under blømande frukttre med fuglesang,

frå liene dyra si helsing sender

med takksame lydar og bjølleklang.

 

På ein hagebenk paret set seg ned,

blank sjø speglar ein himmel av eld,

innsekt summar i lauvrike tre

i ein sval og fredfull kveld.

 

Etter arbeidsdagen stri og lang

dei frukter av slitet kan nyte,

tause dei sit med hendene i fang,

ikkje med nokon vil dei byte.

 

Gleda over det spirande aks,

lukkelege folk i arbeid og bøn,

at frøa dei sådde grodde og vaks,

var for dei den beste løn.

        ----------------- 

 

På prestegarden var det eit yrande liv,

mange skulle ha mat og husrom,

embetsfolk og dei som garden driv,

mange reisande og gjestar der kom.

 

Ho hadde nok hendene fulle,

men i mas, kav og jag,

fekk ho alt til å gå som det skulle,

året rundt, kvar einaste dag.

 

For alle som her søkte lærdom og råd,

studerte og var på kurs,

tross heller svak helse ho utførde ein dåd,

Hylleborg for embetet var ein stor resurs.

 

Den innsatsen ho i heimen gjorde

gav Niels høve til fritt

å ofra seg for det kjende og store,

skapande samfunnsarbeidet sitt.

 

Som Herrens tenar i dette vide prestegjeld

han øvde sitt kall med kløkt og styrke,

jobba til folket sitt beste frå morgon til kveld

i tillitsverv som i preste- og prosteyrke.

 

Han var dyktig forkynnar og prest,

synte også praktisk dugleik stor,

stod på for folk flest,

sette djupe og gode spor.

 

Han lærde bønder dyrka si jord,

fekk dei på moderne landbruk tent,

hans innsats for drift og jordskifte var så stor

at han over heile landet vart akta og kjent.

 

Fort den steinfulle prestegarden vart

til åker og eng med topp avling,

som eit mønsterbruk stod han snart,

med eit solid steingjerde omkring.

 

Han bygde trapper og brygge,

over Takledalen veg,

slik at alle lett, og trygge,

til kyrkjene kunne koma seg.

 

Han ville folk også frå sjukdom frelse,

dårlege bustadhus han lite lika,

som eit ledd i sitt strev for betre folkehelse

reiste han,  som mønster, huset i Fonnevika.

 

Sjølv om motstanden var heller stor,

fekk han i 1827 i Sygnefest,

tilsett Ytre Sogn si fyrste jordmor,

ei ordning til velsigning for folk flest.

 

Han kjempa hardt mot spillsjuka,

underviste og informerte,

smittekjelder bort han luka,

helsetenesta han revolusjonerte.

 

Ved farangen i 1833 var i hans prestegjeld

mest alle vaksinerte mot koppar,

dette sjukdomen her på avstand held,

mens andre distrikt var fulle av døde kroppar.

 

Som velgjerar og lækjar var han høgt akta,

folk frå heile Ytre Sogn til han gjekk,

det er utruleg kva han makta,

her dei hjelp og lækjeråd fekk.

 

For mange han berga gard og grunn

der han tappert mot rusdrykken stridde,

til ein livsførsel god og sunn

folk frå alkoholen sine lenker han fridde.

 

Folkeopplysning var også eit felt

der han ofra mykje pengar og arbeid,

lærarkurs han for ungdomar gratis heldt,

eller betalte seminaropphald for dei.

 

Han ordna med fastskular i eigna lokale,

i 1835 fyrste skulehus i Ytre Sogn på Undertun kom,

kostnadane måtte han sjølv betale,

for «skolekassen» var alltid tom.

 

I 1829 får folkebiblioteket her sin start

ved at Dahl gjev 134 av sine eigne bøker,

institusjonen møtestad blir etter kvart

for folk som bokleg kunnskap søker.

 

Så mykje kunnskap og visdom

Dahl og hans hjelparar til folket ytte

at då Ivar Åsen i 1843 på granskingsferd kom

over arbeidet og fruktene svært han skrytte.

 

For soge og tradisjon hadde Dahl stor sans,

reiste i prestegjeldet mykje omkring,

samla segner som i folket fans

om bygda og gamle Gulating.

 

Han var stortingsmann i fleire bolkar,

hausten 1814 han i kongediskusjonen,

mot fellesskap folkeviljen tolkar,

er 1 av 5 som røystar imot svenskeunionen.

 

Han vinn respekt i Stortings-salar

for sine edle tankar og syn,

for velferd til folket varmt han talar

i innlegg sterke og klåre som lyn.

 

Som fyrste ordførar han kommunen styrde

frå formannskapslova kom til han i 1848,

som  den sjølskriven leiar og folkehyrde

av helsegrunnar trekkja seg måtte.

 

I dette året han tunge stunder møtte,

miste si kjære Hylleborg,

som var han så trufast ei støtte,

saknet var sårt, stor var hans sorg.

 

Dette sette likevel ingen bom

ved hans arbeid for velferd, ånd og brød,

4. 8.1852 til eit møte han ikkje kom,

- i stolen hans fann dei han død.

           --------------------

Her sat du Dahl

og skreiv mang ei eldfull preike,

her i din eigen Herresal

hjelpte du sjuke og veike.

 

Her du for samfunnssaker brann,

kjempa mot det du tykte var gale,

ofte fram med dine tankar du vann   

både i skrift og i tale.

 

Staden der du levde i slit og strev,

ber framleis merker etter din fot,

her du i talar og brev

synte omtanke, varme og mot.

 

I huset ditt her ved kyrkja,

på denne tradisjonsrike samlingsstad,

både i helg og yrka

lærdom, hjelp og trøyst du folket gav.

 

Her du kvilte ut etter reiser harde,

vart oppmuntra av Hylleborg,

delte med henne kjensler vare

både i glede og sorg.

 

I ein arbeidsdag tyngre enn for dei fleste,

motbør de ofte fekk

og med i strevet for folket sitt beste

alle dykkar innkomer gjekk.

 

Her de og fekk frukter nyte

ved gleda over eit samfunn i framgang,

tok mot heider og medaljer,  høyrde lovord flyte

som i Wergeland sin fine hyldningssang.

 

Meir enn ein innsats fekk de gjort,

i hyllesten vil me også ta del,

for Gulen det var eit livsverk så stort,

- prega samfunnsånd og folkesjel.

 

Med varm takk og kjensler sterke

her me Niels og Hylleborg reisa vil

eit vakkert og solid minnesmerke,

- her skal dei for alltid høyre til.

 

Her vil me i aktsemd varsame trå,

måtte merket eit samlingspunkt bli

der både unge og grå

i Dahl si ånd finn ro og harmoni.

 

I dag me i glede og stor respekt

avdukar steinen som gåve frå oss alle

til den komande Gulen-slekt.

Ta vel imot - la teppet falle !

 

Minnesmerke over Niels Griis Alstrup Dahl og hustru Hylleborg f. Hertzberg. Foto: Ivar Rutledal

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.