Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

D/S-STOGGESTAD

 

NYTT RUTESAMBAND

Der kjem båten,

han svingar inn.

Høyr susen, den roande låten,

i sommarbrisen linn.

 

Etter generasjonars kamp

kan me endeleg ta imot hans tamp,

og setja fast, på nyekaia vår,

der me spente står

og ventar på å koma ombord

forventninga er stor.

 Mange, lange år det gjekk

frå det fyrste kai-vedtak me fekk

til politikarane no tok avgjer for godt,

det etterlengta rutesambandet har me fått!

Det var flott!

Hjarteleg takk,

de steig mange hakk.

Og her ligg han, båten,

“Sognekongen” - den stoltaste i FSF-flåten,

klar til å frakta oss,

kløyver sjøen som ein foss,

i stor fart, nesten som lyn,

til og frå fylket og byn.

Ja, det er store tider,

draumen er blitt røyndom om sider.

 

Me og skal få glede av dei sterke motorane,

takk Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane!

 

Framom her rodde mang ein viking

på sin veg til gamle Gulating.

Ja, her gjekk mange ruter,

gjennom sundet for mange skuter,

gamal seglbåt, stille, smekker, fin,

store skip med røyksky og dampmaskin,

lastebåten tung og stor

driven med diselmotor,

turistyachtar med rigg og mast

og skrog av plast,

og no, snøgg og lett,

katamaran med vannjett.

 

Me helsar deg velkomen du stolte båt,

ynskjer du held deg sprek og kåt.

I mange, mange år du må

over denne kaia føra oss til og frå.

La oss alle så få sjå

at trafikken aukar på

og at sambandet vokster vil få

slik me inderleg håpar på.

Alle som var med på å få ruta til

me hjarteleg takke vil!

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.