Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE VITJINGAR

 

VELKOMMEN

TIL SEGLSKUTA BERGE VIKING

”Berge Viking” er på veg mot nord,

mannskapet har tenkt seg inn Sognefjord,

og det gilde har no hendt,

at dei kursen inn til oss har vendt.

Dei tek ei “mellomlanding” her,

i våre lune farvatn mellom holmar og skjer.

Me synest dette svært så hyggeleg er

og takkar dykk, kvar i sær,

for at de oss såleis gleda vil,

hjarteleg velkomne her til!

     

De har ei prektig skute.

Me oppdaga ho langt der ute,

stolt med segl i mast,

vasspeilet ved baugen brast,

glitrande og rein

ho i junisola skein,

stillt til kai ho seig galant,

eit vakkert syn, det er sant.

Me kjenner tanken bak “Berge Viking” si ferd:

Styrkja Noreg sitt ry ute i den store verd,

syna at nordmenn framleis er

eit gjennombarka folkeferd,

at vår ære og vår makt

 på havet enno er intakt,

at våre båtar framleis over bylgjene feier,

og vårt vakre flagg i hamnene enno vaier,

fremja Noreg sin vyrdnad og tiltru,

for industri og handel byggja bru,

visa at i tevlingar me framleis er før,

kort sagt, vera vår gode ambassadør.

 

Både båt og mannskap har alt vist at de kan

forsvara sjømannsæra for vårt land.

Prøveseglingar i Nordsjøen og Atlanterhavet

viste at de fullt ut meistra kavet.

Kappseglingar i U.S.A.

har også gått svært så bra.

Me veit at de kan handsame tau og taljar,

syne til store prestasjonar og mange medaljar,

og me gratulerar med det de hittil har oppnått,

ynskjer dykk vidare lukke til og alt godt.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.