Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE VITJINGAR

 

VELKOMMEN

TIL SKULESKIPET SØRLANDET

Alle har me hatt så sterk ein lengt

til å få sjå,

ta og føle på,

ditt formfulle skrog,

men kven kunne vel ha tenkt

at det skulle skje mens her du låg?

 

Då du svinga om neset

reint me stokk,

lyste opp i fjeset,

eit gledens sjokk!

Alle sa, sjå der ute,

høge mastrer, tau og rigg,

å for ei prektig skute!

Så flott på vatnet ho ligg.

 

Mange som her i Gulen bur,

og sjøen som leveveg har fått,

med deg fekk sin fyrste utanrikstur

på havet stort og blått.

 

Du gav dei sin sjømannsdåp

gjennom brot og brenning,

du gav dei glede og håp

ved landkjenning.

Med deg dei fekk sin lærdom,

til i rigg og mast å gå,

så når arbeidsdagen sidan kom

dei på eigne sjøbein kunne stå.

 

Din innsats for vår sjømannstand,

gjennom mange, mange år,

til ære og gagn for folk og land,

me takkar deg hjarteleg for.

 

“Ut mot havet” er eit glimrande tiltak,

om kvinna sitt liv i 1920-40 på kysten vår.

Det ligg gode tankar og mykje arbeid bak

skildringa av hennar virke i desse 20 år.

 

Det vert som å sjå si eiga mor

der ho streva i hus og flor,

stelte dyra,

slo inn myra,

 

rydda og planta,

skaffa tilveie det som vanta,

bar fram mat,

på mange fat,

til ein ungeflokk svolten og stor,

medan mannen fiska på hav og fjord.

 

Ho plukka bær,

sydde kler,

spann, strikka og vov,

potetene or molda grov,

ved og vatn til huset bar,

og attpå til hjelpte ho han far

med å stella fisken

når han kom heim frosen og hisken,

tente ekstra på fisketørking og salting,

utruleg korleis ho fekk tid til allting!

 

Ho kunne så mange fine eventyr

om troll og alle slags rare dyr.

Hennar mjuke, klangfulle song,

me minnest så mang ein gong.

Hennar varme, gode røyst

var vår aller beste trøyst.

Ho var edel og god,

skin i vårt minne no.

 

Utstillinga de har der inne

vil vekka mangt eit minne.

For dei som ikkje hugsar den tid,

ho også til stor lærdom vil bli.

 

På dykkar vitjing set me stor pris,

dette vert eit gildt minne for oss her.

Me ynskjer dykk lukke til på alle vis

hjarteleg velkomne de er!

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.