Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE VITJINGAR

 

VELKOMMEN

TIL REGATTAEN CUTTY SARK

I dag er her liv og stas

med velforma, flotte båtar

frå verda sin mest kjende seglas,

mastrer, segl, flagg og fløytelåtar.

Eit pust frå den store verd,

eit drag frå den stolte klipper,

eit glimt frå seglskutetida me ser

i alt det vakre som på bylgjene vipper.

Cutty Sark Tall Ships`Race vil tende

sus og stemning «trio heile dagar til ende».

 

Me veit at gamle, kjende Cutty Sark

siglde trygt og kvast,

drog kvikt vegen strak

heim med si dyrebare last.

 

Ho skar avgarde i storm og i bris

med kinesisk te og australsk ull,

fyrst på marknaden gav god pris

og pengeskuffa til reiaren full.

 

Mange sjømil har ho slukt,

fekk mykje ros, ingen klagar,

det seiest at til London frå Kinabukt,

slo ho andre skuter med 25 dagar.

 

Seinare vart ho nytta som skuleskip

der mange sjøfolk vart lærde opp,

kunnskapsrike dei så over hennar rip                                         

gjekk i land etter trening i rigg og topp.

På museum no ho står,

viser oss sjømannslivet frå innsida,

tankevekkande inntrykk der me får

frå den harde, men livlige seglskutetida.

 

Takk til den wisky-produsent

som sponsar seglasen med hennar namn

og med innsikt og talent

sender seglbåtar frå hamn til hamn.

Denne verdsomfatande konkurransen

der ungdomar frå mange land er med,

styrkjer brorskap og skjerpar sansen

for venskap med von om fred.

Me takkar alle deltakarane i Cutty Sark

som  på dykkar lange ferd

over sjø, både stormande, og mak,

la kursen inn til oss her.

Hjarteleg velkomne de er !

Artistar, administrasjon og mange fleire,

som hjelpte, med ord og tanke, sag og drill,

publikum som kjem for å feire,

me også hjarteleg takke vil

og ynskja velkomne her til.

Her kan de nyte susen av soge

frå gamle Gulating

der vikingar med spjot, pil og boge

svor eiden over den heilage hovring.

Også dei på smekre seglskuter kom,

til samlingane her ved sin heilagdom.

 

I dag eit nytt minne i vår hug vert lagd,

om båtar, mannskap og sjømannsbragd.

At de vitjar oss vil me ikkje gløyme,

dagane her vil me i våre tankar gøyme

Den vidare kappseglas,

med slit, glede og festivitas,

me i media fylgje vil

og ynskjer alle lukke til !

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.