Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE VITJINGAR

 

VELKOMMEN

RAGNAR THORSETH

I 1948 vart fødd ein gut så kjekk,

namnet Ragnar i dåpen han fekk,

i Sunnmørsbygda Tjørvåg

dagsens lys han såg.

 

Full av mot og utferdstrong

har han vist seg mang ein gong.

Han våga alt som 20-åring

den svært så dristige ting,

til Shetland ifrå Måløy,

under mykje oppstyr og støy,

åleine i ein 15-fots færing å ro,

ingen andre har gjort det til no.

 

Seinare har han også på mange måtar

synt sitt mot både på land og i båtar,

under fårefulle reiser i brot og kav,

i arktiske land og på vanskelege hav.

“Gjøa” si Nordvestpasasjerute

han fylgde i ei 20-fots skute.

Med ein så liten farkost,

mellom isflak i storm og frost,

har nokon annan neppe fare

i farvatn så utsette og harde.

Mange har prøvt Nordpolen å nå,

fyrste norske som på polen fekk gå,

var du og dine hjelparar som i 1982

på det ettertrakta punktet i isøydet stod.

 

“Saga Siglar” - turen vann æra stor,

med han du hugheilt for

frå innarste Sognefjord,

rundt på den vide jord.

 

Dine mange barske eventyr,

i snø og is, mellom ville dyr,

har me lese om i velskrivne bøker,

fårlege senar enno i tankane spøker,

gjennom levande filmar me sjølsyn fekk

om daglegliv i isen med bjørnar på dekk.

 

No du og ditt mannskap igjen dykk bur

til nok ein stor og krevjande tur.

De har i sinnet,

ved tusenårsminnet,

å sigla Leiv Eiriksons Vinlandsrute,

markera at nordbuane var fyrst ute,

av folk austanifrå,

også når det galdt Amerika å nå.

Thorseth og hans mannskap me takke vil,

og også alle andre som i dag er med,

for at de ville koma her til

og med dykkar vitjing oss gle,

me føler takksemd varm og rik

over å ha dykk her i Eivindvik.

 

Hjarteleg velkomne til Gulen de er,

vonar de finn dykk til rette her.

Kjekt også “Saga Siglar” igjen å sjå

her på vårt heimlege sund,

og synet av 2 nye vikingskip nyta få,

ei kort, men for oss så minnerik stund.

Me er stolte over at de på den store ferda

vil ta minna herfrå med dykk ut i verda.

Lat ljome, i tanken, lyden frå tingluren!

Hjarteleg lukke til på turen!

 

Den gamle og den nye tid møtest ved Sandalskaia.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.