Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE HENDINGAR

 

OVERREKKING AV ORDFØRARKJEDE

Kvar einaste vår

gjennom hundrer av år

møttest forfedrene nett her

som me no samla er.

Under sitt våpenmerke

stod dei sameinte og sterke.

Me kjenner det historiske drag

særleg sterkt i dag,

sogeminna strøymer som ein foss

gjennom oss.

 

Me er stolte av vår ætt

som stridde for lov og rett,

vann vyrnad stor

vide utover jord.

Dei bygde eit demokrati

av aller største verdi,

ja, lærde folk seier no

at det var i Gulen vogga stod

for folkestyret som i Noreg forma vart,

her fekk vårt demokrati sin start.

 

Hit folket la sin veg

for å reinvaska seg

og vinna sin rett

når Gulatinget vart sett.

Her dei mottok sin kristendom

då han til landet kom.

Langt her oppe i nord,

ved munningen av Sognefjord,

vart skapt ein kultur rik og stor.

 

Overlevert me fekk

ein sterk tradisjon

som mykje vidare gjekk

enn til vår region.

Ein mektig fedrearv

som gjennom tider som kvarv

vart halden oppe og spredd

gjennom ledd etter ledd.

 

Me likar å minnast våre røter,

i tanken me forfædrene møter.

Med eit føltsomt sinn

me kontakten finn.

I ei kjensle varm og åpen

føler me at eit kommunevåpen

kan stå som bindeledd

mellom notida og det som har skjedd,

eit symbol på at det som er skapt

i tidlegare strid,

ikkje skal gå tapt,

men VEKSA inn i ei ny tid.

Dei gode kreftene i vårt folk

skal førast vidare bolk for bolk.

Det frøet forfedrene sådde,

då dei rådde,

og som fekk spira og gro,

er det som no,

i alvor og gaman,

knyter ættene saman,

som ei usynleg himmelbru

der me i bøn og tru

framleis går på vår ferd

mot ei betre verd.

 

Merket skal minna oss om

at tru, rettferd og fridom

skal vera den solide grunn

under vårt samfunn.

Det skal skjerpa vår vilje med stål

i arbeidet for å nå våre mål,

auka vår glede og styrke,

i helg og i yrke,

gje våre folkevalde kraft og dug

til å styra etter folket sin hug,

alltid minna oss på

at rettferd skal rå.

 

Det er ei stor glede

å få gje kommunen ordførarkjede,

i dag er det kjekt å møta for banken.

Eigentleg var det tanken

at me for nokre år attende,

då banken om hundreårsmerket vende,

skulle gje kommunen ei slik lenke,

men det går ikkje alltid som ein tenke.

Å få til kommunevåpen tok si tid,

det valda litt diskusjon og verbal strid,

og vart ikkje klårt før i 1989.

 

No dukka eit anna stort jubileum opp,

som ein bresteferdig kulturknopp,

i dag, på sjølvaste nasjonaldagen vår,

er det nøyaktig 100 år

sidan ein komgeleg resolusjon

skapte ny tradisjon.

På Stockholm slott

vart avgjort for godt

at kommunen, prestegjeldet, og skulen,

skulle endra nemning frå Evenvik til Gulen.

Og dette høvet skal ikkje bli vekke,

i dag skal me endeleg kjeda overrekke.

 

Slik ser ho ut,

blankpussa med klut.

Av sølvband er ho full,

innsett med emalje og gull.

 

Kommunevåpenet med to sølvkrossar i,

som minner om vår kristningstid,

heng lett og fritt

i raudt, blått og kvitt,

under Gulatingseglet, det edle symbol

på vår tradisjonsrike folkedomstol.

Sjå kor ho glitrar og skin!

Eg tykkjer ho er fin.

Eg vonar du synest det samme

og at ho får verta ei verdig ramme

ved oppdrag ordføraren vår har,

slik det var

med merka dei gamle høvdingane bar,

at ho ikkje ned vil støve

men ved mange gode høve

si symbolske kraft får prøve,

over tilskipingar kaste glans,

og fremja vår sans

til sameinte å stå

når me måla vil nå,

at ho for folket i hundrer av år

som eit samlingssymbol står.

 

“Og det er det store og det er det glupe

at merket det stender om mannen han stupe”.

 

Eg ordføraren ynskje vil

hjarteleg lukke til,

og vil gjerne seie:

Kor du enn legg dine veie,

bruk kjeda, hald ho rein og blank!

Helsing den lokale sparebank.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.