Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE HENDINGAR

 

BILFERJA "GULEN"

Gulen - eit vakkert namn,

klangfullt over sjø og i hamn,

med ekte norsk sogesus

sterkare enn både vind og bylgjebrus.

Her sig soga inn i dine tankar,

minna vermar i kvar hjarta som bankar.

Under desse slakke lier

gjorde i farne tider

smidige vikingskip stans,

dei la til lands

og slo ring

om gamle Gulating.

Rettsreglar herfrå vart med på ferda

og vann vyrdnad ute i den store verda.

 

“Gula” - namnet dei tidlegare båtane bar

som i nemning knytte til Gulen var.

Me syntest det lydde ganske bra.

No skal båten kommunenamnet ha

og me føler oss stolte og gla

over at namnet på kommunen vår

på ei so praktfull skute står.

Me også hjarteleg takke vil

for at dåpen vart lagt her til.

 

Den fyrste “Gula” i 1910

kom til vårt rederi.

Spesialbygd for last,

med dekk, luke, bom og mast

både forut og akter,

tok ho alle slags frakter.

Ho hadde også nokre køyar

for reisande til fjorbygder og øyar.

Ho var rederiet sin fyrste i sitt slag,

og særmerkt var ho all sin dag.

Ho helst ruter på kysten fekk,

mykje her i Gulen ho gjekk.

Under siste krig vart ho torpedert,

men var reparert

utan synlege endringar og mein,

og heldt fram til ho vart seld i 1951.

 

Ny “Gula” kom i 1954, moderne og stor,

vart sett i rute på Sognefjord.

Der gjekk ho trutt og fast

til og frå byn med pallelast.

Ho hadde også fin salong

som mang ein gong

fullsett var

med engelske rundreiseturistar.

I 1977 ho ut or rederiet for,

året etter hamna ho i Ecuador.

 

Vår kommune si namnetilknytning til flåten

skal vidareførast med denne velutstyrte nye båten.

Her skal namnet stå,

lett å få auga på

same kva ende eller side me enn ser han frå.

Du er flaggskipet i ein moderne flåte

og spreier kjennskap til Gulen på ein positiv måte.

 

Fylket fekk seg ein tenar god og tru

då eit møte i Førde i 1857

vedtok det store og flotte

at Fylkesbaatane skulle starte i 1858

Millionar av passasjerar har dei sidan frakta,

tonnevis med last har dei også makta

rundt i vårt vidsveimde fylke å føra,

utan å ta skade av børa.

Mykje kultur dei også med seg skulle føre,

gav bygdene trivsel, liv og røre.

Når dei venta gamle “dampen”

forlet folk plogen og stampen.

Heile skreia

møtte på kaia,

gamalt og ungt

hadde der sitt samlingspunkt.

Me frette nytt,

meiningar vart bytt,

drøfta vart alle hendingar

og nye vendingar,

valgtalar vart halde,

mange gode stubbar fortalde.

 

Fylkesbaatane konkurranse fekk merke,

men voks seg berre meir store og sterke.

Då vegar kom, der bilar og bussar gjekk,

også Fylkesbaatane hjuldoningar fekk,

trafikken på sjø og land

gjekk hand i hand.

 

Også der det ikkje kunne byggast veie

ville Fylkesbaatane trafikken greie.

Dei sette inn ferjer, solide og breie,

der sjåførane, trøytte og leie,

fekk kobla av og prata saman,

drikka kaffi og ha det gaman,

medan ferja, trufast, god og trygg,

bar dei på sin sterke rygg,

over til neste vegende,

der ho vende

og tok nye folk og bilar med attende.

 

Soleis ferjetrafikken framleis går,

sommar, haust, vinter og vår, år etter år,

til folket si store nytte,

bygdelag saman vert knytte.

 

På sjøen kjem stadig betre ruter

med snøgge komfortable skuter.

Reisetida minkar, reiselysta veks,

i 40 knop medan me nyt kaffi og kjeks,

går det som eit behageleg lyn,

på ein, to, tre er me i byn.

 

F.S.F. er flinke til å fornya seg sjøl

både på hjul og på kjøl.

I laste-, passasjer- og ferjerute

er dei stadig med nyvinningar ute,

i dag med denne nye, staslege skute.

Ja, her ligg ho, blankpussa og fin,

flagga vaiar, lakken skin.

Salongane lyser så det er ein fryd

med blomar og biletpryd,

panoramavindu og mjuke sete,

mat og drikke for dei som vil ete.

Komforten er på topp.

I ein fart på 16 knop

båten avgarde ilar

med opptil 111 bilar

og eit passasjertal på 399

som på 2600 hestar får ri

frå ei side av fjorden til hi.

 

Hjørungavåg Verft har, til ein tenleg pris,

i samarbeid med Nordfjord Skips Service,

i aluminium, glas og stål

her nådd sitt mål

med dette solide og flåtte

byggenummer førtiåtte.

 

Ingrid sender champagneflaska i skipsida inn,

høgtid pregar kvart sinn,

fødd i Hjørungavåg, døypt i Eivindvik,

domen frå soga gjer deg varm og rik.

 

Me helsar deg velkomen du nye tilvekst til flåten,

og gratulerar Fylkesbaatane hjarteleg med båten.

 

Måtte hell og lukke skipet fylgje

over kvar einaste bylgje!

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.