Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE HENDINGAR

 

SONGARSTEMNE 1986 (DALSØYRA OG EIVINDVIK)

Me har i Gulen i grunnen lenge venta på

at me igjen ei songarstemne hit skulle få,

51 år sidan no det er

at me hadde ei slik samling her.

Me håpa på at det skulle skje ein gong,

folket her likar veldig godt song,

og gleda denne helga er særs stor,

me likar aller best songen av kor.

 

Me helsar dykk kvar i sær,

frå fjern og nær,

hjarteleg velkomen ver!

 

Som samlingsstad før toget til kyrkja går

tyr me til naturen og skuleplassen vår.

Når veret er bra er det fint å vera ute,

her treng ingen sin nakke lute,

og her er rikeleg med plass,

både for sopran alt, tenor og bass.

Songen vert støtta av fuglar i tusental,

under sola i verdens største songarsal.

I mildt, strålande juniver

me blandar oss i verdens største songarher,

tusenvis av skapningar summar og sydar,

folk stoppar opp, bisnar og lydar,

menneska går med naturen i takt,

der han i si nye vårdrakt,

med stor prakt

femner oss inn til ei heilag pakt.

Sognefjorden har frå gamalt vore

ei god, samanknyttande ferdselsåre,

ja, det er han framleis i dag,

skapar samhald mellom våre bygdelag.

 

Det er kjekt at de med dykkar vakre song

kom heilt til Gulen denne gong.

Me veit at songarar må øve og øve,

slite og streve, prøve og prøve.

Det å vera med i kor store offer krev,

vonar det kan vera litt løn for strev,

å få samlast på stemner, som her,

litt takk for arbeid som nedlagt er.

La songen strøyma frå klåre strupar

som rein vår- og havluft supar,

ta i og syng ut,

jente som gut.

Mellom knaus og runne her ved fjord,

skal songen ljoma utover jord,

så sterkt at ved soleglad i kveld,

ekkoet framleis rullar mellom fjell.

Tenk om landskapet her kunne tala,

og soga fram for oss mala,

om me fekk vita alt som desse lier

kunne fortelja frå farne tider,

om det som i den heilage vidjering

vart til lov og rett på gamle Gulating.

Her kong Olav, Erling Sjalgson i møte kom,

fekk innført sin kristendom,

folket sin motstand til tross,

og reiste til minne ein kross

som no har stått i over tusen år

og vitna om Kristi siger i trua vår.

Døypefonten i kyrkja, og enno ein kross,

er også gilde sogeminner for oss,

der dei framleis står utan mein,

vakre og solide, hogde av stein.

 

Let du tanken fritt få fløyma,

vil soga mot deg strøyma,

du varme kjensler får,

på heilag grunn du går.

 

I dag vårt største ynskje det er

at de må finna dykk tilrette også her,

føla dykk heime, syngja og tralle,

få ei hyggeleg stemneavslutning for alle.

Me vonar at når de kursen heimatt vender,

er fulle av gode minner frå våre grender,

at de har likt dykk i kommunen vår,

og gjerne kjem att eit seinare år.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.