Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE HENDINGAR

 

LYSVISE

Elektrisk kraft er eit tidarkrav.

Skal Eivindvik få sin del derav?

”Jeg ser en lysing”, sa P.Aug.Hysing

Treiv reknestav.

 

”Vi har non liter i Taklevann,

Når staten hjelper, vi bygge kan.”

Og Eikenes då, han sette fres på,

- me minnest han.

 

Så vart stasjonen på Takle slik.

Snart stråla Brekke som sola lik.

”Før juleafta så har me krafta

i Eivindvik.”

 

Me gjekk i spenning på 1000 volt,

mens smeden smidde på sprøys og bolt.

”Sjå 1000 aksjar og ditto dagsjar,”

sa Norstein stolt.

 

Me reiste stolp og me boltar slo,

me gjorde dugnad så det forslo.

Han Hermann sikta og Olav fikta,

ja, båe to.

 

Han Anfinn skrudde fast stikkontakt

og Sverre bora av all si makt.

I alle stover og loft og kover

vart leidning lagt.

 

Betongmast støypte med veldig hast.

Dei karar stod kje i arbeid fast.

”De vel forskale”, sa basen Dale

for kvar ei mast.

 

Me venta riktig så lenge på

at ”lyset” skulle til bygda nå.

”Det blir september, -nei, i november,

- akk i det blå.

 

Så kom det reisande om ei tid

ein kar med briller, så rund og bli:

”Om 14 dagar, det nok seg lagar”,

sa Birkeli.

 

Dei spente høgspent i veker tre,

og det var kara som ”fekk da te”.

Dei låg på magen høgt opp i dagen

og datt kje ned.

 

Men då dei kom seg til Svaberghav,

fekk optimismen ei snarleg grav.

”Her har du stansen”, sa klokkar Hanssen,

”det blir kje av”.

 

”D`er sabotasje”, sa Hummelsund.

”Nei rasjonering”, sa Bjørkelund.

Og alle skjente: ”no må me vente

enno ei stund!”.

 

Me sat i talglys og lampen tørr

i karbidlukta med lite smørr.

”Me får kje krafta før nyttårsafta

i fem-og-førr!”

 

Men langht om lenge så kom det da

ei julehelsing frå Fjalestad:

”No kan de spenna”. Då kan det henda

at me vart glad.

 

Og Fjøsne reknar, og Bøe han spring:

Det vert for lite av alle ting.

”Ta ring til Sande! Skriv rundt i landet!

-nei berre ring!”

 

Så kom då krafte til Eivindvik.

Me tykte alle der verka slik,

at bygda kjende, det om seg vende

til tid så rik.

 

Lat lyset stråla i kvar ein heim!

Lat krafta virke på hjul og reim!

Og kvar som fremja, vår sak med semja,

- ein takk til deim!.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.