Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE HENDINGAR

 

VISE TIL LYSFESTEN I EIVINDVIK

Vi har fått elektrisk lys i bygda vår,

det er løye for ein gamling som er 80 år,

å skrue på ein bitteliten svarte ting,

so lyse det allesteds rundt om kring.

 

Ja, denne elekreten er ein løyen kar

han lika visst å halde gamle folk for narr

og sommetider frese han og er sint og sur

og stundom so ligg han so fint på lur.

 

Eg skulle skru noke av gals oppi ein løyen ting

men fyrst kjende eg oppi holet med min peikefing,

men oppi der låg styggefanten stilt på lur

og slo meg over neven med ein harde staur.

 

Før når eg var lagd og ville sove i fred

pleide eg bestandig skru lampen ned,

eg lika no so godt å ha eit lite lys

så eg ser breie på meg når eg ligg og frys.

 

Men denne nye lampen får eg ikkje te,

eg er no so forsiktig når eg skrua ned,

men enten so lyse han både blankt og gildt (?)

eller det blir motsatt og han sloknar heilt.

 

Før so pleide eg alltid kveike varme opp,

om måronen koke meg ein kaffikopp

men denne her komfyren får eg ikkje te

han trekkje ikkje opp med verken spon eller ved.

 

De veit at på komfyren er ei store dør,

og eg, eg gjorde sameleis som alltid før,

eg fyllte dette romet der med spon og ved

so kveikte eg god fyr og let so døra te.

 

Men trur du ikkje styggefanten slokna heilt

han ville ikkje brenne, men røykte fælt.

So la eg meg på knerna ned og bles og bles

men på denne nye ovnen får eg ikkje fres.

 

Dei sette noke inn til meg som heitte Pyroks,

og frå da går da ei snor bort til ein svarte boks,

eg tenkte ikkje noke større på da då

eg trudde da va noke til å sitte på.

 

Ja denne vesle krakken inn på romet mitt

sette eg meg ned på for å kvile litt,

men om ei stund so kjende eg at det lukta brendt,

eg kunne ikkje skyne kven som hadde tent.

 

Då eg sku reise meg oppatt om ei lita tid

då loga da og brann uti rompa mi,

og hadde ikkje potta stått med noke i

so hadde det vorte mi siste tid.

 

Eg har vakse opp her i bygda og her er eg fødd

og eg tenkte eg skulle vore her inn til min død,

men sia denne stygge eleskreten kom

so kunde eg ikkje anna enn bestemme meg om.

 

No vil eg ta å flytte bort til Neverdal

og bu der til for godt eg ein gong flytte skal,

om eleskreten er no sterk og fer farleg fort,

til Neverdalen vågar han seg aldri bort.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.