Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

NÆRINGSLIVET

 

VEGFESTEN I MIDTUNDALEN

Alt frå dei eldste tider

har Midtun-bøndene nytta desse lier,

frå fyrst av med fangst og jakt,

mangt eit bytte er nok her nedlagt.

Dei nytta det saftige utmarksgras,

markeslåtten gjekk med alvor og fjas.

 

Her rugga om sommaren mjøketunge kyr,

sprang massevis av sauer og andre dyr.

Grøne og fine var vollane,

bjørka pryda liene og kollane,

det er underleg å tenkja tilbake,

at her skulle koma så mykje sprake?

 

I eldre tider var her yrande liv med støling,

budeiene ysta og kinna, passa sin bøling.

Seinare konene om kvelden kom med holk og bytte,

mjølka buskapen og overnatta i si sæterhytte.

Om morgonen mjølka dei enno ein gong

før dei traska på heimvegen long.

Holken kunne vera temmeleg tung,

men jenta var sprek og ung.

 

Samla la kvinnene trøstig på stien i veg,

dei både strikka, prata og kosa seg.

Dei kunne ikkje langs stien i eitt ile,

nei visse stader hadde dei sine kvile,

og der gjekk praten ekstra lett,

strikketøyet voks frå nøster i nett,

det heile syntest så enkelt og greitt,

og "treskoposten" for stoff aldri stod i beit.

 

 

Slitsomt måtte det likevel bli,

særleg på seinsommartid,

med uroleg ver, regn og rusk

og utriveleg våttsamt i kratt og busk.

Då mange gonger ynskte dei

at det hadde vore køyrevei.

 

Og enno oftare ynskte dei nok det,

karane som om vinteren i Dalen henta ved.

Kom det lite snø med dårleg markeføre,

kunne det ofte røyna på humøret.

 

Då beitinga i dalen tok meir og meir slutt,

fekk skogvoksteren meir og meir futt.

Hadde me fått oss veg til traktor

kunne nok vinsten vorte stor.

Me kunne lagt opp storslått planteplan,

fått dalen full av vakker, verdfull gran.

 

Slik tenkte me medan tida gjekk,

men bøndene ny gneist fekk,

og no skal eg sei det gjekk fort,

det offentlege apparatet verka som smurt

med planlegging, stikking, tilskot og det heile,

no kunne det då ikkje feile?

Og så kom han Arne Eide,

og då vart det noko til greie.

Han sette igang med sin nye brøyt,

både han og maskina stod for ein støyt.

Dei tok seg fram

med brask og bram,

han var ein ypparleg maskinstyrar,

jamna ut haugar, fyllte myrar,

reiv opp røter, tre han braut,

arbeidde og sveitta, dundra og skaut.

 

Bøndene sjølve dei satsa på dugnad,

gjekk inn for fullt med iver og hugnad,

var ikkje redde for i søla å vasse,

bora, la røyrer og køyrde på masse.

Arbeidet gjekk som i profesjonelt lag

og vegen vart lengre dag for dag,

han svinga seg fram som ein slange,

vart prøvd og fagna av mange.

 

Stor skilnad frå helg til helg me såg

forventningar i lufta låg,

og lenge det heller ikkje varde,

før resultatet til vonene svarde,

melding vart utsend,

vegen var godkjend.

 

No ligg han her som ein glitrande tråd,

vakker som få,

buktar seg fram, flatt og på skrå,

god til å køyra traktor på

og fin - fin å gå,

heile bygda vil og må

inn for å prøva og sjå!

Me er stolte over dykk gutar,

som over myrar, berg og nutar,

slik sabba veg har laga,

til ein pris som ingen vil plaga.

Me takkar alle som godsida til har vendt,

hjelp og tilskot til anlegget har sendt.

 

Midtuningar til lukke med vegen de har fått!

Me ynskjer han må tene dykk lenge og godt,

mykje glede og gagn dykk yte,

at de han retteleg må få nyte.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.