Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

MORSFEST

 

Mor,

eit lite, godt ord,

minner oss om kjærleik og omsorg,

tryggleik som på den sterkaste borg.

 

Mor er ordet for kjensler og varme,

til ho sprang me når me var leie og arme,

ho gav oss trøyst, styrke og ro,

heldige dei som kan gjera det slik no.

 

 

Trøytte me mang ein gang

kraup stilt på mor sitt fang,

der me fekk høyra om fiskar og dyr,

og dei koselegaste eventyr.

 

Me lydde og lydde, vart aldri leie,

med sogene kunne ho alltid glede spreie,

om den gode kongen og riket hans,

askeladden som vann prinsessa med glans.

 

Også dei gode makter me kring oss har,

vår sterke, allmektige, gode far,

det som høyrer til vår barnelærdom,

var ho den fyrste som fortalde oss om.

 

Når mor for oss spela og sang,

fekk alt ein inderleg ven klang.

Ho passa på oss med mat og klær,

var alltid hjelpsom og nær.

 

Om nokon eitkvart vantar,

ropar det på mor frå alle kantar,

det ser ut for at mødre, kvar i sær,

alltid nøye veit kvar allting er.

 

Ho mor for oss har streva og slite,

med takka vart det kanskje ofte lite,

men åra hastig gjekk, og etter kvart,

også me vaksne og meir omtenksame vart.

 

Og for alt de gav oss, kjære mødre,

vil me alle saman, systre og brødre,

i dag som vaksen kvinne og mann,

takka dykk alle det varmaste me kan.

 

Me vil også inderleg vona og beda

at de av strevet må få æra og gleda.

Dei rike åra vil alltid lysa i vår hug -

vakre minner om dykkar kjærleik og dug.

 

Dei gode stundene me framleis har

når me tenkjer på tida hos mor og far,

vonar me alltid i oss må få vara ved,

dei vil me varma og gleda oss med.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.