Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Rim Høgtider Minneord Bankar

PROLOGAR

 

EIVINDVIK UNGDOMSLAG 100 ÅR

 

 Eivindvik Ungdomslag

- 100 år i dag !

Sunn og sterk jubilanten står,

rask og sprek han går

inn i dei neste hundre år.

Må han lenge leve i bygda vår !

 

Slutten av førre hundreåret

var ei brytningstid i bygdene våre,

nasjonalkjensla over landet fløymde,

fridomstrangen gjennom folket strøymde,

ungdomen vakna opp,

ungdomsrørsla spirte og sette knopp,

talet på nye ungdomslag,

auka frå dag til dag,

folket vart knytte saman med sterke band,

over vårt vidstrakte fedreland.

 

Også her hos oss vart frøet sådd,

og etter at nokre år var gådd,

var det klart at noko skje måtte,

det kom 27. mars 1898,

våren og lengten då

braut så hardt på

at tanke til handling vart snudd,

fødd vart vårt kjære “Vårbrudd”,

laget hadde fått sin start,

ein merkedag for folket det vart.

 

Heile bygdefolket var på ideen tent,

men det var Bjørsvik, ein ung student,

som for sjølve skipinga stod,

i takksemd me minnest han no.

Ein av dei som for laget  gjorde aller mest

var nok Ottesen, vår kjære sokneprest.

Han var med heilt frå start,

også leiar for laget han vart,

og det at han i brodden gjekk

gjorde nok at laget lite motbør fekk.

Sjølv måtte han tåle mykje kritikk

frå folk som tykte det var dårleg skikk,

at presten leia eit frilyndt lag,

-og det fyrste her omkring av slikt slag.

Me takkar for alt det gode og djupe som

frå han kom,

- hans rike og varme personlegdom.

 

Også mange andre kjempeinnsats gjorde

i arbeid og med offer store.

Det er uråd å nemna dei alle her,

om me gløymer nokon me urett gjer,

difor synest eg det rettast er,

kort og greidt,

å takka og æra dei under eitt.

 

Hjarteleg takk skal de alle ha

som i lagsarbeidet tanke og strev la,

-så stor ein arv de oss ga.

 

Me ser, når me gamle “Fremad” les,

at i innlegga var det både fytt og fres,

dei synte mot og kraft,

var fulle av sus og saft.

Mykje vidd og visdom

gjennom pennane kom.

På møta var også foredrag og kåseri

over emner det var nyttig med innføring i,

der var opplesing, musikk og sang,

ordskifte der alle som følte trang,

kunne omsetja sine tankar i ord,

om nesten alt mellom himmel og  jord.

 

Om store stemner og festar bøkene også fortel,

med variert program, sketsjar og skodespel.

Stor iver og sans

det var for leik og songdans.

Songkor, leikarring,

og mange andre trivelege ting,

sette på bygda sving

og skapte stor hugnad.

Det same gjorde mang ein dugnad

som vart sett i gong

når det for slike var trong.

 

Av store tilskipingar kan me nemne

sogne-, songar- og gulatingstemne,

men det største av alt,

som vert fortalt,

er nok då Håkon Rex

den 27. mai 1936

sette foten på Sandalskaien

og vandra omkring på bygdeveien.

Varselet om hans kome var svært kort,

men førebuingane gjekk greidt og fort,

han vart motteken som kongar skal,

kongesalutten så presist og perfekt small

at kongen trudde her var saluttkanoner,

utruleg bra med berre lunte og dynamittpatroner.

 

Rørt vart vår folkekonge god

då han på lovseiingsberget stod,

han kjende nok soga i brystet banke,

til gamle Gulating gjekk hans tanke.

Det var tydeleg på alle vis

at han på vitjinga sette stor pris.

Kongen skal sjøl ha sagt

at turen som inn her vart lagt,

var det han frå reisa hugsa best,

og som varma han mest.

 

Ungdomslaget har også litt av æra

for at kongen kom hit på denne ferda.

 

Laget har alltid sett skogsaka  høgt,

planta med iver og kløkt,

og ein grunn til at Skogselskapet si ferd,

saman med kongen vart lagt innom her,

var for å sjå korleis det var stelt

med Midtun plantefelt.

På Vestlandet var det då truleg det største,

kanskje også det første.

 

Aktiviteten i ungdomslaget, og andre lag,

gav kveik i  ein slitsam kvardag,

til fellesskap og samhald det førde,

under dugnadsånd og samkjensle nørde.

I referatbøkene skriv dei om turar fine

frå vitjingar til grannebygdene sine.

Samkvemet her på strendene

auka trivselen i grendene.

 

Lagsmøta var i gamle skulestova på Undertun

i stemning trygg, god og lun.

Det kunne nok “koka” litt i heftige diskusjonar,

men under taket sviv enno dåmen av vakre, varme tonar

som strie sinn lognar og forsonar

og  tømmerveggene dei er stinne

av rike, gode minne,

om me kunne få ut det som løyner seg der inne

ville me kulturperler i store mengder finne.

 

Eige hus vart tidleg for laget eit mål.

Jentene samla seg med strikketøy og nål,

dei hadde mot og meining,

starta “Eigehusforeining”,

der sydde og strikka dei over praten,

kaffitåren og god-maten,

laga mange fine saker,

baka mange gode kaker,

lodda ut og heldt basar,

mykje midlar til eigehusfondet bar.

 

På mange slags måtar vart midlar samla,

dei tigga og skramla,

pengane inn i kassa ramla,

midlane dei fekk,

rett på konto gjekk.

Til sist dei følte seg så trygge

at dei torde gå i gang med å bygge,

og det let dei skje

i det tørre året 1933.

Det var slitsamt og tøft,

for bygda eit kjempeløft,

til stort gagn for folk flest,

vigslinga skjedde med flott fest.

 

Huset var høgst moderne for si tid,

det fyrste ungdomshus teikna med folkebad i.

I Trondheim teikningane utstillte vart,

på ros og  godord det blei ikkje spart.

 

Folkebadet vart ferdig i 1941,

kvar kropp glitra og skein,

gullande rein.

I Ytre Sogn var folkebadet her då det einaste,

- den gongen var nok me dei reinaste.

 

Okkupasjonsåra var svært tunge

for både gamle og unge.

Laget vårt greidde seg etter måten bra,

nådde 1945 utan nemnande ska.

Etter krigen fekk laget nokre aktive år,

mykje ungdom var det i bygda vår.

Men nye strøymningar i tida låg,

store endringar i bygdene me såg.

Som eit resultat av  straumar og drag

vart “Vårbrudd” til “Eivindvik Ungdomslag”.

 

Med  ny tid fylgde etter kvart nye motar og krav,

interessa for lagsarbeid dabba diverre av,

i heimane kom radio og fjernsyn,

mange ungdomar reiste til byn.

Å halda laget friskt og ungt

var nok ofte stridt og tungt

i ei tid noko treg og trang,

ære vere dei som då heldt drifta i gang !

 

Svært mykje positivt og godt

har me gjennom tidene frå ungdomsrørsla fått,

ho har spreidd kunnskap og kultur,

særleg til oss som på bygdene bur,

og ho skapar også i dag

liv og trivnad i våre bygdelag.

Vår gamle, verdige, vakre fane

skal framleis “Opp og Fram” oss mane.

 

Fyllte av glede og gaman

i dag me takkar alle saman

som har fått laget vårt så aktivt på ny.

Med sang og spel og årleg revy

har de samla midlar og streva hardt,

og sjå for eit resultat det vart !

Utvida huset og pussa det opp

frå grunnmur til mønetopp.

Dugnadsinnsatsen den har vore enorm,

det er og gleda over ein 100-åring i så god form.

Me hjarteleg helsar jubelanten vår

og vonar han framover får

mange gode, rike, gjevande år.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.